Gå til innhold
  • Bli medlem

bo

Aktiv medlem
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av bo

  1. bo

    Fjellsko igjen

    Takk for svar Forstår det slik at støvlane som striky02 anbefaler er nokså stive. Kor tung sekk er folk komfortable med å bære med lettare sko som Besseggen? Mine turar med PG-sekk er sjeldan meir enn ein til halvannan time, og som oftast slepp eg å gå ned att Treng gjerne ikkje panserstøvlar då? Er det nokon som har erfaring med Scarpa Ladakh?
  2. bo

    Reinskinn

    Me brukte reinskinn i militæret i Finnmark, og det var varmt og fint. Desse var tydelegvis av ubehandla typetype (tørka, men neppe garva), noko som i kombinasjon med tøff bruk, mildvêr mot våren og dårleg med tørking gjorde dei direkte uapetittlege etter kvart. Intens røyting førte til hår over allt, og med litt fantasi trur eg dei fleste kan førestille seg lukta av ubehandla skinn som går i oppløysing... Ugg. Om ein kan halde skinnet tørt og lagre det kaldt, fungerer sikkert denne typen fint. Elles ville eg gått for noko behandla om eg skulle skaffe meg reinskinn igjen. Eg treng kanskje ikkje presisere at det ikkje var nokon som tok med skinnet sitt sørover..
  3. bo

    Fjellsko igjen

    På tide å få seg eit par skikkelege fjellsko, etter at solane på militærstøvlane mine bestemte seg for å smuldre bort.. Like greit, dårlege sko uansett. Har etter litt lesing her kome fram til at Crispi Besseggen nok vil bli ein fin fjelltøffel for meg. Men kanskje nokon har forslag til alternativ til denne? Har enno ikkje prøvd den på, kan jo hende den ikkje passer min fot. Er for eksempel Scarpa Ladakh eit alternativ? Litt dyr, "testvinnar"? Er den tilsvarande i vekt og stivhet? Og kva med Alfa walking king? Litt rimlegare, kjem visst på tilbud på platou i bergen. Er denne i samme vektklasse som Bessegen? Andre eg burde vurdere? Kjem til å bruke skoa til ein og annan fjelltur, og for å komme meg på fjellet for å fly paraglider. PG-sekken er 20kg, og det vil kanskje få folk til å anbefale tyngre fottøy enn Besseggen. Ettersom eg har greidd med på eit vis så langt med slafsete M77, så frister det ikkje med tyngre fottøy enn nødvendig. Men eg høyrer gjerne synspunkt på dette!
  4. Eg har vel fått inntrykk av at norske ski har meir spenn enn feks fischer, men gjerne spesiellt fischer 109. Høyre stadig snakk om "Åsnes-spenn" som skal vere gode greier for lange turar med tung sekk. -Som sjølvsagt kan vere godt tilpassa norske forhold på sin måte, men betre i unnabakkane blir det vel ikkje av den grunn. Begynne sjøl å bli ganske så glad i mitt eige 109-par, får til ein og annan fin sving tilogmed! Er aldeles fersk på fjellski og med telemark, men ein ting eg merka meg med på første tur med nye ski var at dei virka utrulig mjuke. Føler vertfall for min del ikkje at spennet i skia motarbeider meg.
  5. Det blei altså DNT-rabatterte Pomoca-feller 45mm på meg. Fekk prøvd dei på eit par korte turar sist helg, og det var morro, gitt! Smilte og lo heile veien opp, ingen glipp der nei, vertfall inntil det blei så bratt at det uansett ikkje var vidare behagelig å gå beint på. Å gå på skrå fungerte også greit, om ein kan akseptere å ikkje koble hjernen fullstendig ut så snart fellane er på plass.. Fellelimen forsynte seg kanskje litt vel grådig av festevoksen då eg tok fellane av, få håpe dei ikkje vert heilt meitta av voks med det første. Litt trist å sjå voksen som eg samvittighetsfullt hadde varma inn bli flerra av på store områder... Må eg til å herpe skisolen med P100 sandpapir for å få voksen til å henge, eller vil limet uansett jafse i seg ein del voks?
  6. Hehe, skal nok klare meg med litt mindre enn heilt vegg til vegg ja. Var litt rundt i bergen i dag, Platou har Åsnes 45mm til 550, og Montana 30mm til 250. Turistforeningen og MXsport har Pomoca 45 mm til 500. 430 for medl hos dnt. Det blir nok ein av dei på 45mm, sidan det ikkje var 50mm å finne på den runden min, viss det ikkje er nåken som har heilt grusomme erfaringar med desse merka då.. Vekta skal uansett ikkje skape dei største problema
  7. Viss eg seie at skia mine har måla 78-60-70, altså ein del mindre timeglasforma enn 90-60-86 eksempelet til Gemajohn, har det då fortsatt like mykje å seie at fellen er kutta etter skia? Det er trass alt "berre" eit par fjellski med litt innsving dette, ikkje feite pudderplankar.. Kjem nok uansett til å lande på noko rundt 50mm, mest av prishensyn, men kanskje også litt i håp om at det ikkje skal vere altfor tungt å gå med fellane på i litt kuppert terreng. Det viktigaste er nok likevel å kunne labbe oppover fjellsidene utan glipp. Prisen blir vel fort opp mot det dobbelte om eg skulle auke på til 70-80mm? Kor kjøper folk forresten slikt, og kva er rimeleg å betale for 50 ell 70mm? Platou i Bergen er veldig tilgjengelig for min del, men er prisen ok? Trur 50mm montana koster 450 eller 500kr der.
  8. Takk for svar! Er fortsatt litt nysgjerrig på den borrelåspatenten, har ikkje sett den typen i salg, er det eit produkt av nevenyttige fjellfolk, eller er det hyllevare? Ellers så høyrest det jo ut som om folk har ok erfaringar med å stole på limen.
  9. Hmm. Er det kanskje ikkje så farlig med litt festevoks for fellelimen likevel? Det var vertfall det eg hadde håpa, at ein kan smøre for flatane og legge på fellar for turen opp. Viss ikkje så blir det jo litt mykje mas.. Og ang den borrelåspatenten, er det heimemekka greier, eller blir det levert slik? Må vel lime på borrelås på oversida av skia då? Høyrest vertfall interessant ut. Vil det sei at det er vanlig å feste fellen ved å brette den rundt bakkanten av skia, omtrent som med den borrelåspatenten? Er fellane vanlegvis lange nok til dette? Mine ski er 188cm..
  10. Ok, takk! Ser at nokre fellar har metallfeste bak, og andre berre har limen, det første er nok best, men kva erfaringar har folk utan slikt feste? Og kor mykje meir kostar det for ein ekstra metalldings? Har sett at ein anbefaler å ikkje ha smurning på skia for at fellelimen skal sitte skikkeleg. Er det så vanskelig å få greiene til å henge? Og kva gjer ein i så fall når ein går i terreng med vekslande helling? Rekne ikkje med at folk går rundt med rensespray i sekken? Sidan pengar er eit tema så vil eg helst ikkje ha svar av typen "to sett med fellar"... Eller er det uunngåelig? Eg vil ha både i pose og sekk!
  11. Spørsmålet er ikkje om, men kor breie, det fann eg ut etter føste tur på nye ski i helga... Platou i Bergen har nokre ganske smale, men billige, 30mm til 250,- vil desse hjelpe i det heile, eller må eg opp i 50mm ell lign for såpass breie ski? 109 er 60mm på midten.. Platou har også 50mm, men dei koster det dobbelte, og no har eg akk blakka meg på fullt skiutstyr.. Så: er 30mm hjelp i i det heile, eller bortkasta peng?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.