Gå til innhold
  • Bli medlem

pål

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    13
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. Har sett folk som kjem opp frå breen nord for saudehornet. Frå Vartdalsida. Skorgedalen-daurmålstinden-breen-saudehornet. Desse brukte tau på breen, men ikkje klatring frå breen og på sjølve fjellet. Ein fult overkomeleg tur.
  2. Nei til heliskiing! Nei til veg til Skårasalen! Nei til utbygging av Sætrefossen på Bjørke! Kvifor rasere kanskje verdast vakraste fjord på denne måten. Ser ingen grunn til å temme den ville naturen vi har her. La stillheita, fossane, rypene og ørna, det ville og eksotiske med Hjørundfjorden få vere i fred. Når Trandalshatten er nemnd som heliskifjell, lurer eg på om han som står bak ideen har vore på T. hatten eller andre fjell i nærleiken. Kan ikkje fatte at dette er eit fjell for den allminnelege skiturist. Eg skjønar lite når T.hatten skal vere Hjørundfjorden sitt skifjell når vi har
  3. Eg var på Råna idag, 1586 moh. Nydli! Fram gjennom Urkedalen kunne eg med min firhjulstrekk køyre nesten fram til Haukåssetra. Vegen er snøfri halvtanna km frå Urkegjerdet. Det går nok ikkje lenge før heile vegen fram til setra er snøfri og køyrbar for alle slags bilar. OPPDATERING 28.04 Eg var på Hundatinden i Hundeidvika idag. Køyrde fjellvegen i Megardsdalen til endes, altså snøfri veg.. Lite snøv i fjellsidene. 1 cm nysnø frå 800 moh. Dette førte til klabbeføre. OPPDATERING 03.05 I helga var eg på Skårasalen. Kunne køyre Kvistaddalen fram til storfonna over vegen som ik
  4. På NRK Møre og Romsdal nett TV frå 06.03.06 (slutten av sendinga) ligg det eit bra innslag om ein topptur i Ørsta vi var på i forrige veke. Håpar det inspirerer til at folk kjem seg ut og pumpar pudder. No har verkeleg Vårherre funne fram den finaste "mjølsikta" si! Turen er frå Nivane 1000 moh rett opp for Ørsta City!
  5. Ej anbefala å gå frå Bjørke og opp i Tussadalen, slik at du også plukka med dej Bjørkehornet i same slengen!! (ev. med retur Hornindal)
  6. E visst meldt bra veir til helga! Risenosa e på austsida av Hjørundfjorden.
  7. Eg vil anbefale å gå på Skopphornet frå Hundeidvik. Slik snøfoholda er no, kan du køyre grusvegen til endes fram til Megardsdalen. Og då har du spart deg 2-3 kjedlege kilometrar med trasking. Frå parkeringsplassen er det ein halvtime- time gåing fram til foten av sørryggen. Ryggen frå vatna til toppen er dryg og periodevis bratt. Eg trur snøforholda fortsatt er meget bra i høgda. Eg var på fjellet igår og då var det fortsatt lett pudder. Men om det vert mykje mildare i dagane framover, vil nok pudderen bli øydelagt. Rennene på vestsida er nok eit bra alternativ med tanke på nedkøyrin
  8. Eg hadde nok venta med Kviteggja til våren. Det er ein fantastisk skitur, men dog veldig lang. Fin nedkøyring, men ikkje så bra så mange andre toppar på Sunnmøre. Det er mange stader det er betre nedkøyring enn frå Kviteggja. Kviteggja er ein omfattande tur som helst let seg gjere på ski i mai - juni. Toppar på Sunnmøre eg vil anbefale no: Skopphornet (nyyyyydleg nedkøyring, finare enn Kviteggja). Grøtdalstindane (hæærlig nedkøyring, kanskje rasfare???). Kyrkjefjellet (frå Grøndalen). Saudehornet (i Ørsta). Saksa (kort tur, men kanskje rasfare). Trollvasstind (frå Dalsdalen).
  9. Har du tenkt å gå mykje mote bakke, og ofte bratte bakkar bør du for all del ha helløftera. Eg vil seie det er stor skilnad på helløftar eller ikkje. Her på Sunnmøre med bratte bakkar, vert motbakkane iallefall for min del mykje trivelegare med helløftarar. Helløfterar gjer at du føler at du går slakkare enn du eigentleg gjer. Du verkar ikkje til å vere den heilt store telemarksentusiasten, og eg vil difor anbefale nokre passe breie fjellski med 10 mm plate og helløftarar. God tur
  10. Tyin arctic er eit soleklart førsteval når det gjeld teltturar om vinteren. I tillegg kan det vere smart å investere i ein innerpose, t.d ein silkepose som gir endå betre temperatur og aukar komforten. Silkepose er dyrt (ca. 500), men veg til gjengjeld ingenting. Når det gjeld underlag ville eg ikkje satsa på bamse. Dette fører ofte til at soveposen vert våt. Eg anbefalar det billegaste og enklaste, det blå underlaget av celleplast (eller kva det no enn er laga av). Legg du jakke og bukse opp på dette underlaget, vert det neppe for kaldt. Det funka iallefall fint for meg på Svalbard.
  11. Dette er eit fantastisk område, som eg føler er litt gløymt i forhold til området rundt Norangsfjorden og vestsida av Hjørundfjorden. Til dømes Skopphornet har ei fantastisk nedkøyring (kan faktisk samanliknast med nedjøyringa frå Grøtdalstindane). Også Tungremtindane-sida ser herlig ut. Men å gå på tårnet frå riksheimdalen kan fort bli ein svært lang og strabasiøs tur. Eit anna spørsmål: Er det nokon her som har vore på høgste del av Hundatinden på vinterstid?
  12. Nedkøyringa er nok ikkje den aller beste. Men sidan eg ikkje har vore der før, er det ein tur som fristar. Særskild no når eg kan køyre fjellvegen til ende. Eg tenkte også på denne turen som ein stegjarnstur. Eg satsar på anten Synnavindsnipa eller Risenosa til helga. Takk for tilbakemeldingane.
  13. Som allroundski vil eg absolutt anbefale blizzars sigma titan eight. [Hidden Content] Dette er ei ski som passar til alle forhold. Den er særskild stabil på skare og isete underlag (noko som slett ikkje er uvanleg i fjellet for tida). Samstundes flyt den heilt greitt i pudder. Du har alltid kontroll med ei slik ski. Den er forutsigbar, men slett ikkje keisam å køyre med. På bratt og hardt underlag får du særskild igjen får den relativt store innsvingen. Med di lengde bør du enten ha lengde 169 eller 175. Det kjem an på korleis du køyrer. Likar du stor fart og lange s
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.