Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 391
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. Eg har women's Skare expedition. Varm og god støvel, på samme tid som det går an å bevege seg i den. Eg kjøpte den i høve feltarbeid om vinteren, med ein del scooterkjøring og opphald på forblåste fjelltopper. Heilt super.
  2. Mindre bøyemotstand under sjølve fotbladet når eg går. Med hammertå + sårbar for plantar fascitt så er det mykje betre. Mindre drag gjer det også mindre belastande på akilles.
  3. Kjøpe vanleg skiskostorleik ja, og det er den som er tilrådd i tabellen. God plass til meir sokk om eg vil. Ski er verkeleg mi store forbrukersynd. Eg har mange par, ulike oppsett og er nok innanfor "alle" bruksområde då eg er veldig aktiv på ski i alle variantar. Lundhagsen var ny for meg i år. Der eg synes han verkeleg kjem til sin rett er på eit par Finnmark med xplore, når eg har trekkhundar på lina på krevjande føre. Dette krev ekstra god overføringskraft. Så tippar eg han kjem til sin rett på eit par Nansenski eg skal sette xplore på. Eg hadde tidlegare 75 mm på dei, men grunna trøbbel med føtene har eg måtte gi opp 75 mm. Desse skia er typisk nytta i meir krevjande/kupert fjellterreng/vestlandsterreng og vårskiturar på bre, ofte med tung sekk.
  4. Dersom det er 75 mm binding, så har desse ofte meir bøyemotstand enn BC. Dette kan gi eit anna drag i sener og musklar i foten både ved gange og fall
  5. Kva binding tenker du? Eg har Abisku expedition i xplore binding. Vridningsstiv, varm og romsleg. Litt låg over vrista med det samme men det går seg til merkar eg.
  6. Dette er eg samd i. Utan at eg dermed er så samd med DNT elles. Men at det må til ein innsats på fleire kantar, og at kommersielle interesser elles ikkje må få "gå klar" er eg soleklart på linje med.
  7. Hilroy skorep på Lillehammer. Men dei er inne i sitt siste år før dei går av med pensjon, så eg ville skunda meg om eg var deg Dei reparerte min Svalbard gamasj etter eit ublidt møte med ein hundekjeft 😛
  8. Skjønar kva du meinar, men sånn på generell basis vil eg seie at ein kombinasjon er best. For når det kun er målkrav knytt til ein aktivitet, ser vi også gang på gang kreative vriar som kanskje oppfylle mål men skadar på andre vis. Eg meinar at dersom ein skal finne dei gode løysingane må ein sjå heilskap. Då nyttar det ikkje å berre sette målkrav. Skjønte ikkje setninga. Kva må ein vere miljøverner for å foreslå? Og kva meiner du med miljøverner satt i hermeteikn?
  9. Det får me no sjå når anbodet vert utlyst og ligg i Doffin. Slik sett er me heldige i dette landet.
  10. ....og nett difor er det vel alldeles betimeleg å spørje kva sentralforvaltninga og våre sentrale folkevalde tenkjer om dette? For kommunane sine rammevilkår har gjennom mange år vorte stadig dårlegare, på same tid som oppgåvene vert fleire. Dei sitt med samfunnets breiaste mandat, med tidvis veldig lite overføringar, trøbbel med å få tak i og halde på kompetanse, like store plankrav anten dei er små eller store, eit hav med lovpålagde oppgåver m.v. Satt på spissen er det ikkje nødvendigvis eit spm om kor vidt ein skal ta vare på natur eller ikkje, men kvar ein skal kutte for at "bestemora di" skal få naudsynt helsehjelp. Eller at ein skal ha råd til eit bustadsosialt team. Eller kunne drifte eit ungdomsteam. Eg er på naturens sider, men meine på same tid at me ikkje kjem av flekken om me ikkje ser problemstillingane for det dei er; ein del av eit større system, med mange utfordringar og ei sentral forvaltning som er MINST like ansvarlege som den einskilde kommune.
  11. Dersom eg må over på mjuke voksar/klister, kjem det an på oppakning om eg vel fell eller smørning. Mykje last i pulk eller sekk: nylonfellar. Eg kappar også mine på lengda. Lite last: mjuk voks/klister. Eg har allergi mot å bruke fellar meir enn naudsynt.
  12. @Heriksog @Lompa de kom meg i forkjøpet å svare så redigerer min tekst til å berre seie; Det de skriv + 1!
  13. Fin foto, no fekk eg lyst på hav! Mtp frysing, er det att tele i bakken der du er? Barfrost er no ofte j.... kaldt å ligge på!
  14. Rimeleg, vasstett, robust, lang batteritid, alarm og barometer, toler å vere plassert utanpå skalljakka på turar der det å halde auge med tida er ein viktig del av orientering = Suunto core.
  15. Galskap å legge dette på deg. Ein forventar at montør kan å montere ulike ski korrekt. Dersom ikkje, så må dei i alle fall gi uttrykk for det, slik at du kan levere ein annan stad eller finne ut av ting.
  16. Høres no ut som et bra valg, bruken og ønska teke i betraktning
  17. Har hatt smørjefrie e99, dei satt veldig godt faktisk. Men det er ørten år sidan, anar ikkje om dei har gjort endringar sidan då.
  18. Ikkje for å kuppe tråden, men har du denne skia? For den er eg skikkeleg nysgjerrig på
  19. Ja. Seinast sommaren for eit par år sidan, eg og @graham hadde etablert ein lettare usjarmerende og myggfylt camp på ein ubrukt skogsveg, for å vere i posisjon til ein topp på morgonen. Der vakna eg om natta av at reven romsterte i forteltet. Han skvatt ut når eg opna døra. Der såg eg også at han hadde teke oppvasken og rydda i den vesle utekjøkkenavdelinga vi hadde mellom telta. Slapp heldigvis skadar på utstyr, vart berre ein litt meir omhyggeleg oppvaskrunde.
  20. Slik ein skulle prøvd. Handla noko kle hjå Devold outleten på Vestby i fjor vinter som stinkar. Dei hadde hatt noko brann/røykskadelager (?), og det kunne virke som det var behandla med noko som lukta skrekkeleg. Eg tenkte ikkje vidare over det, innbilte meg eg kunne vaske det vekk. Den gang ei. Så no ligg ei trøye og ein kjempegod buff heilt ubrukt.
  21. Eg er 166 cm høg, og ligg på mellom 67 og 70 kg alt etter sesong. Har Nansen i 185. Kunne ikkje tenke meg kortare, men det er jo smørjeski ..
  22. Eg har ikkje erfaring med waxless, så skal ikkje uttale meg om det. Men er veldig glad i både Nansen og Gamme/Finnmark, dei tronar høgt på lista over skiglede, og blir sjeldan feil. Eg meinar Gamme er ei god allroundski, men til den bruk du skisserer lurer eg likevel på om ikkje vektskåla hadde tippa i favør Nansen for min del.
  23. Sender deg ein PM så me ikkje blir veldig OT
  24. Ser ut som det er ein god dose polart i den AH'en? Fin bikkje
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.