Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 425
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    57

Alt skrevet av Tessatroll

  1. I tillegg ble det et futteral til isfiskeutstyret. Har ødelagt stikker i transport før; håper å unngå det nå fremover. Dessuten er det herlig å ha ting godt organisert. Pakkar du posane rett nedi kløven eller pakkar du meir beskyttende? Eg har pakka rett i tidlegare, men vurderer å prøve ei løysing som eg såg i ei bok (Frossen frihet) med avklipte plastkanner som passar rett nedi, for betre beskyttelse av det som ligg der. Futteralet var smart, kvar fekk du tak i det? Dessa stikkene ligg litt sårbart og flyt rundt nedi pulken hjå meg 😳🙉
  2. Gjer det på same vis som deg 👍🏼. Opplever likevel at det er forskjell på 3 og 4. Veldig tydeleg demonstrert i Rondane ein gong vi fekk dårleg vêr. Vi var to som sette opp 3 og 4 ved Sidan av kvarandre, på same vis. Markliner var korrekt justert og det meste var i balanse. Likevel meir lyd i 4. Patagonia sett opp på same vis slår meg kanskje som endå eit hakk stillare, men om det skuldast storleik, fasong eller elefantøyrer er som sagt vanskeleg å seie for sikkert. Patagonia er også det eg har lagt minst netter i sidan det kom inn i hushaldninga med gubben, så skal vere forsiktig med å vere veldig bastant på erfaringane med det teltet og slike "øyrer".
  3. Eg har bedding utan lommer på, av dei første som kom. Moglegens det som gjer at eg ikkje opplever at det vert vått inni der då? . Har ein ny med lommer kjøpt i 2017 som eg har unngått å ta i bruk, nettopp fordi eg mislikar alle lommene. Endar opp med den gamle lappa i staden. Eg personleg har opplevd det som lite problematisk å få pakka ned ting når været kjem. Det sagt så er det sjølvsagt mindre styr å berre kunne ha den framme, om ein finn ein vasstett. Exped sin bedding er vel vasstett. TS; utover dette med vasstettleik så er eg glad i minst mogleg dill, for å få beddingen lågast og lettast mogleg, og vere enkel å stroppe godt ned på pulken. Då vert den også mindre vindfang. Dette ser dog ut til å vere vanskeleg å finne, i alle fall i kombo med vasstett, då dei fleste har begynt å utruste beddingane sine med masse lommegreier.
  4. Her i hus har me Keron utan elefantøyrer og Patagonia med. Patagonia er nok stillare, men om det skuldast desse elefantøyrene eller om det skuldast det faktum at Patagonia er 3 p med lite fortelt og Keronet er eit 4 GT veit eg ikkje. Truleg ein kombinasjon. Har også budd mykje i Keron 3GT. Stillare enn 4 sjølvsagt. Like stilt som Patagonia? Usikker.
  5. Er litt individuelt korleis ein opplever dette med bedding ser eg. Er ganske enkelt berre å ha med to vasstette pakkposar som ligg under liggeunderlaga i beddingen, for å kunne pakke vasstett. Ein moderat bedding utan alskens krimskrams er enkel å rulle saman med ei stropp rundt å slenge i pulken. Evt om det er meldt vått heile tida la vere å bruke den/pakke den med. I alle andre tilfeller er mi erfaring at bedding er genialt. Eg har nytta min adskillige dagar sidan eg kjøpte den eingong i 2013, og min har ikkje vasstett glidelås.
  6. Kjøper du ein La sportiva raptor mid og eit par gamasjar så har du både til fjelltur med snøparti med lett dagstursekk og sko som kan nyttast til mykje anna også. Evt kjøpe ein lett rein fjellstøvel og nytte som vintersko også.
  7. Ah. Thanks Då er jaggu ikkje luktesansen min heilt på avveie! Men at det faktisk var møllbehandling hadde eg ikkje trudd, trudde berre det var noko som luktar veldig likt berre sterkare.
  8. Absolutt. Det er råtassar. Så er det i ein del (ikkje alle) tilfeller litt forskjell mellom sosialisering av hund i Norge og på Grønland. Og her i Norge er inntrykket at det vert mykje avla på gemytt. Eg opplever både mine to no, mine tidlegare grønskyar og andre gr.l.hund som omgjengelige, MEN då snakkar eg om ute i sosiale samanhengar der ein møter andre bikkjer. I skiløyper, hundeparken, bybildet osv. Korleis du skal bygge innhaldet i hundegården er eit litt anna game, som vi her i hus truleg får bratt læringskurve på dei neste åra. Den vesle tispa vår har bestemora frå Grønland, frå ein veterinær som jobba der i mange år, og tok med spannet heim til Norge når ho flytta heim. Alltid spennande korleis desse genane slår ut, men mykje gode linjer og seriøst oppdrett i resten av "gentreet", i alle fall slik eg greie bedømme det. Endar ho ut som eit stødig individ med alle nødvendige kvalitetar intakte på potar/pels/hofter osv, så er ho interessant å få kvalpar på. Heldigvis er miljøet fullt av gode kapasitetar som velvillig deler kunnskap og erfaringar. Det trengs når ein skal pusle med slikt. Den andre er frå Rennfokk (Gisle). Hannhund med fantastisk gemytt mot alt og alle, stødig omgjengelig og ein retteleg "politimester bastian" i hundeparken. Kjem og ordnar ut om unghundane ikkje finn ut av ting på eiga hand. Knirkefritt rett og slett. Malamute har eg ikkje erfaring med. Dei eg har møtt, har dog vore samkjønnsagressive, utan at det nødvendivis er representativt for rasen, kva veit eg 🤷🏼‍♀️. Og det er jo imponerande når Erle Amalie Fuglesteg og hennar familie stiller til løp med reine malamutespann, og ro og harmoni ser ut til å dominere. Men no skal eg altså slutte å dra denne tråden OT, sjølv kor interessant den er det hjelper vel ikkje TS stort at vi tordna laust med polarhund diskusjon når TS no er inne på lapphund 😆🙉
  9. Dette er mi erfaring med våre to Grønlandshundar også. Hadde dei fått tilgang til rådyrstammen i nabolaget så hadde det vorte ganske keisamt på jorda her. Minste tispa blei også ram på å leite opp orrfulg i dokk bak i skauen her når ho framleis gjekk laus på kvalpe/unghundpass. Då var det på tide å koble. Dei jaktar alt, og har fått knerta eks antal lemmen og mus på tur før ein har rukke registrere det. Dei som er tryggast her er kattane, fordi dei rett og slett outsmartar dei Det sagt så har eg ikkje opplevd hverken våre Grønlandshundar eller andre eg har møtt som spesielt skarpe mot andre hundar, og opplever at oppdretterar av Grønlandshund generelt er opptekne av gemytt. Kanskje det har vore ei endring? Men igjen, eg har hatt nokre få individ mellom hendene, medan oppdretterar og dei som driv med avlsstrategiar (i raseklubbane) osv. gjerne har eit breiare utval å basere seg på. Dette var ikkje eit innsalg av Grønlandshund, men meir ei stadfesting på at jakt er alvor, som elgen skriv. Og at ein kan oppleve dyr noko ulikt, så det er fint å sanke informasjon, som TS gjer.
  10. Dette er eit poeng eg ikkje har erfart, men så har eg berre vore borti nokre få rasemiljø, så betviler ikkje dine erfaringar. Sjølv har eg opplevd dei eg har hatt kontakt med som nyanserte og nokså objektive når dei skal rådgi folk. Elles et meget godt oppsummerende innlegg frå @elgen.
  11. Ser den. Har tidlegare arva ein del av fattern sitt ulltøy frå jobb (den gang då eg var fattig studerande hestejente), men usikker på om det er industrilinja eller kva 🤔 Eg er også glad i netting, der vinn Brynje når det er kaldt, medan meshen til Devold er fin til meg på sommaren. Eg brukar stort sett ull kvar dag, så her sleng det ymse merker, synes ulike merker har sine "fordelar" eller gode modellar eigentleg. Men no er eg OT. Eg likar Devold godt, brukar mykje Devold, og skulle gjerne vore utan den forferdeleg lukta 🙉😵‍💫
  12. Nettopp ja. Ja eg foretrekk altså sau 🙉
  13. Godt det ikkje berre er eg 😅 eg synes det er ei gyseleg lukt, men no er eg litt sensitiv for "unaturleg" lukt. Skal heller ta ei sur trøye enn detta 😆
  14. Har brukt Devold gjennom mange år eg også, det er det ulltøyet som held lengst her i hus, saman med blandt anna Brynje.
  15. Nei val av hund er ikkje noko enkel oppgåve 🙉 men ein har igjen for å bruke god tid og forhøyre seg mange stader, så det er bra du gjer Lukke til!
  16. Her finn du no mykje fin informasjon om Samojed. Å lese heile rasestandarden er faktisk ganske nyttig
  17. Med tanke på vindretninga kan det sjå ut som du kan profitere litt på å gå frå Kjeldebu mot Finsbergvatnet ja, i staden for Krækkja. Kjipern med regn og overvatn. Håper du slepp unna for mykje slikt vidare, og at bakkane opp frå Finsbergvatn byd på godt føre!
  18. I utgangspunktet er alle polarhundane godkjent som rase i Norge i dag opprinneleg avla for trekk, dei fleste med eit meget intakt jaktinstinkt. Her er litt informasjon om Yakutian laika. Edit; ser at vi legg litt ulikt inn i begrepet polarhund. I min dagligtale er det tale om trekkhundar av type malamute, grønlandshund, sibirsk husky, laika og samojed (av dei ein finn i Norge).
  19. Samojeden bør ikkje gå på langline men vere skikkeleg kopla heile tida, av hensyn til vilt. Eg har ved to høve opplevd at mine trekkhundar har snappa av solide liner, og ein gong også eit trekkbelte, berre så delane flagra. Eg tenker at for polarhundar er det nesten utan unnatak bandvtang heile året, og helst solid bånd Varmen er (som regel) ikkje eit problem i fjellet, men meir i høve trening i kvardagane, som det er mest av. Dette løyser ein som regel med å ha ein del treningsfri som sommaren, evt. korte turar tidleg morgon eller sein kveld/natt. Er det for varmt til å trekke (dei fleste eg kjenner sett ei grense for trening for polarhund på rundt 10 grader, 20 grader er altfor varmt!) er turar i hundeparken eller luffeturar alternativet. Luffeturar med trekkhund inneber ofte at hunden trekker meir enn den luffar 😅 I høve at du skriv at "Men som sagt skal ikke hunden min fokusere på trekk," så tenkjer eg at her ligg litt av nøkkelen til dine val. For det er altså diverre noko begrensa kor mykje du bestemmer kva hunden skal fokusere på....desse rasene er avla gjennom tusenvis av år på bestemte eigenskapar. Det er ikkje slik at dei vert trent opp til å ville trekke, dei er koda for det genetisk (sjølvsagt med litt variasjonar). Dersom ein gjerne vil unngå trekking og jakt, så bør ei prøve å kjøpe ein rase som ikkje er avla for det. Om ikkje er det ein fare for evig kamp, mistrivsel og usikkerheit. Gisle Uren har skrive ei god bok som heiter "Frossen friheit - håndbok i friluftsliv med polarhund". Her skriv han noko som eg synes oppsummerer godt, under "val av hund": "Skal du velge hund til et aktivt friluftsliv, så velg en hund som vil klare seg godt på grunn av sine egenskaper, ikke en hund som må klare seg til tross for dem". Eg trur at det beste valet best kan tas gjennom å snakke med dei ulike rasemiljøa spesifikt. Der er som regel veldig mange flinke folk, som er ivrige etter å hjelpe! Einskild personar sine anekdotiske observasjonar og erfaringar er verdifulle, men likefullt akkurat det; einskildpersonanes erfaringar og observasjonar. Rasemiljøa har som regel hatt meir av den bestemte rasen mellom hendene, og er dei fremste ekspertane på sine raser.
  20. Finsk lapphund vart nevnt frå andre enden av sofaen her også. Eg har ikkje kjennskap til den, men det er vel ganske allsidige hundar ?
  21. Ingen raser kan Kløve ubegrensa utan trening, og mange raser kan Kløve med trening. Kor mykje dei kan Kløve kjem an på storleik, vekt og trening. Kløving er noko som går føre seg på barmark. Kva skal du evt bruke samojeden til på vinteren om den ikkje skal nytte trekkeigenskapane sine? Å irritere seg over ein hund sine kjerneeigenskapar vert slitsamt i lengda, både for hund og eigar. Eg tenkjer framleis det er lurt å henvende seg til dei ulike raseklubbane for å få best mogleg informasjon. Elles er det også slik at ein del oppdretterar stiller krav når dei sel hund. Til dømes vil fleire som eg kjenner som avlar polarhund typisk brukt til trekk vegre seg mot å selje til personar som ikkje skal nytte hunden til trekk. Det verkar som du har eit veldig klart bilete av kva du vil ha i ein hund. Det er bra! Det gjer det lettare å henvende seg til ulike rasemiljø med spørsmål om den einskilde rase kan høve deg, og legg grunnlaget for å gjere eit godt og informert val. Lukke til, hund er gøy! 🥳🐶
  22. Dersom du ikkje skal bruke bikkja til trekk ville eg latt vere å kjøpe brukshund som typisk er brukt til trekk. Eg tenkjer at hundar bør få gjere det dei er avla til, sjangsen er elles stor for mistrivsel for båe den ein og den andre. Har du vurdert eurasier? Eg har sjølv polarhund og har aldri eigd eurasier, men har venner som har slik hund. Verkar som ein fin tur og familiehund som fint kan Kløve.
  23. Er der eg også har handla før eg flytta til Hedmarken. Men no er det altså samme lukt frå kle både frå outlet og frå fjellsport. Luktar ikkje surt, meir som ei slags dårleg parfyme/noko kjemisk som minner om veldig konsentrert lukt av møllkuler i kombinasjon med "syntetisk roseduft". Kanskje dårleg skildra, men greier ikkje komme på noko betre
  24. Er det fleire enn meg som har erfart at Devold har gjort ei endring/starta med ei slags behandling av ulltyet sitt, som luktar veldig? Første gang eg reagerte var på noko ulltøy eg handla på outlet på Vestby. Trudde kanskje det var noko som var brukt for å behandle kle for røyklukt, etter at det var tale om ein lagerbrann. No har eg dog handla nye Devold ulltrøye frå Fjellsport, som luktar like ille. Frå førre runde veit eg at det ikkje forsvinn ved vask (vaska buff og balaclava manger ganger men stinka framleis, endte med å gi dei bort...). Eg vurderer å sende ein epost til Devold for å spørje kva i all verda det er som luktar slik, men tenkte først høyre om andre erfarer det samme?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.