Gå til innhold
  • Bli medlem

Bjørnen87

Aktiv medlem
  • Innlegg

    129
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

15 Neutral

Om Bjørnen87

Profile Information

  • Gender
    Not Telling

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Har sjølv Theta Ar og er rett og slett veldig fornøgd med alt. Det einaste eg saknar er stramming av kragen uten å stramme hetta, men det er ikkje noko stort problem. Hetta er veldig stor også på denne, men den kan justerast og strammast i alle moglege retningar så det er null problem. Årsaken er at den skal vere hjelmkompatibel. Eg brukar ikkje klatrehjelm, men det er veldig greit når regnet høljar ned og eg syklar til jobb eller barnehagen! [emoji3] Ang. Norrøna: Har ikkje prøvd dei sjølv, men sambuaren fekk Trollveggen dri3 til jul. Det stod mellom den og Falketind gtx. Endte opp med Trollveggen på tross av at mange påstår at dri3 er mindre slitesterk. Stoffet som heilheit virka derimot langt meir solid (og slitesterkt) i Trollveggen enn Falketind på tross av membranen. Stoffet i Falketind virka rett og slett så tynt og spinkelt at eg er redd det hadde revna i kontakt med første einerbusk. Trollveggen framstod også som ei meir gjennomført jakke til allsidig bruk, med m.a. litt betre lengde og stramming i livet. Av jakkene du har lista opp, som ei jakke som skal brukast til "alt", ville eg valgt Theta AR. Den kostar litt meir (om du kan vente til den er på tilbud finn du den nok ned mot 3500 på f.eks Sportsnett eller Fjellsport.no), men ikkje SÅ mykje meir. Då har du jakke i mange år!
  2. Dovre gtx er utgått dessverre. No er den med dri3. Den har ikkje lufting heile vegen, kun øvre del av låret. Fungerer greit på vinteren, men i kaldt og tørt vêr finst det alternativ som er betre.
  3. Ser du allerede har gått til innkjøp av bukse frå Fjällräven. Om du framleis er på utkikk etter jakke til vinterbruk (tørt og kaldt) kan eg trygt anbefale Fjällräven tur: http://www.villmarksbutikken.net/Produkter/Klaer/Jakker/Skall/Fjaellraeven-Tur-Jacket-Pumpkin-Tarmac Den er nokså lang, har veldig god hette med pelskrage (avtakbar), rikeleg med lommar og snor/stropp til å feste mellom beina (unngår at jakka sklir opp). Ikkje egna i regn eller våt snø, men ellers heilt super. Relativt romsleg i størrelsen, eg har M og det er stort nok til å ha tjukke kle under på tross av at eg normalt brukar L i det meste. Eg har valgt å ikkje impregnere jakka etter vask, då det ville gitt dårlegare pusteegenskapar og til mildver har eg andre kle som er betre egna.
  4. Arcteryx Theta SV får også veldig mykje skryt, den bør vel vere meir innanfor kategorien du etterspør. Sabre er ei bukse laga først og fremst for ski/snowboard, lett isolert iflg. Arcteryx. Dyrt er det uansett i dette segmentet.
  5. Bjørnen87

    Ullsokker

    Eg har heller ikkje brukt anna enn Milo til mine ullplagg, men billigsokkane har dessverre utan unntak vorte kasserte ila. kort tid. Eg for min del tykkjer i alle fall det er bedre å betale 100 (eller 200) kr for eit par som held i fleire år enn 29 kr for eit par som knapt held ein halv vinter.
  6. Bjørnen87

    Ullsokker

    Korleis er slitestyrken? Har prøvd diverse andre billigsokkar (Trysil frå Europris, og nokre eg ikkje hugsar namnet på frå Felleskjøpet og Sparkjøp), felles for dei var at dei var veldig gode og behagelege så lenge dei var nye, men etter kort tid (nokre månader) var dei enten tynnslitte eller ubrukelege av andre grunnar. Har eit ukjent antal par med sokkar fyrst og fremst frå Ulvang og nokre Devold, og felles for dei er at dei er like gode (om enn litt nuppete) etter mange års bruk.
  7. Som fleire skriv, dette er to vidt forskjellige bukser som er best egna til vidt forskjellige formål, men at begge fungerer tvilar eg ikkje på. Har ikkje prøvd verken Trollveggen eller andre Norrøna-produkt i dri3, men etter det eg har lest er mange lite fornøgde med dette stoffet, spesielt slitestyrken. Om pusteeigenskapane er betre eller dårlegare enn GTX skal eg heller ikkje uttale meg om, men det er sikkert mykje det same - altså dårleg. Men eg har Keb-buksa og den er godt brukt. Denne er i så måte fullstendig overlegen når det gjeld pusting, og også den har store lufteglidelåsar som kan opnast om det blir for varmt. Ang. slitestyrket har eg høyrt så mykje dårleg om nyare produkt frå Norrøna (og spesielt Trollveggen) at eg tvilar veldig på det Norrøna sjølv påstår. G1000-stoffet til Fjällräven er enormt slitesterkt, stretchpartia er sjølvsagt mindre slitesterke, men dei toler også mykje juling. Når det gjeld vasstettheit er Keb-buksa ikkje mykje å skryte av. Ja, den er vassavstøytande om du impregnerer den godt med voks, men uansett ikkje i nærheiten av ei membranbukse når det gjeld regnvær. Når det gjeld vindtettheit er Keb-buksa meir enn god nok til det aller meste. Prismessig får du Keb-buksa pluss ei lett overtrekksbukse i f.eks GTX paclite til same pris som Trollveggenbuksa. Eg har ikkje gått denne turen sjølv, så har egentleg ikkje store formeininga om kva ver og føre ein kan risikere å komme ut for. Om du må gå ein del på bre, risikerer å komme utfor ordentleg ruskever eller andre forhold som tilseier at Keb-buksa (ev.i kombinasjon med vasstett overtrekksbukse) ikkje held mål seier svaret seg sjølv. Men då ville eg heller lagt i nokre kroner til og gått for eit betre alternativ, f.eks Arcteryx Theta SV. Om Keb-buksa mest sannsynleg held ute det du kan forvente av vêr og andre forhold kan eg trygt anbefale den.
  8. Me blir visst aldri enige i dette, uansett kor mykje me diskuterer. Kan hende me bør finne eit fysikkforum å diskutere på. I alle tilfelle, tråden har nok spora av for lengst, er best me held oss til tema.
  9. Og om massen til hagla går mot uendeleg stor, korleis vil du oppleve rekylen? Ja, krafta er den same med lett eller tung hagle, men det er "rykket" (akselerasjonen) du opplever som rekyl. Med lastebil mot personbil front mot front er også F1=F2, men eg trur den opplevde akselerasjonen (med negativt forteikn) oppleves forskjellig. Uansett har du heilt rett at dette er tullete og det er kun av teoretisk interesse. Korrekt teknikk og plassering av hagla betyr langt meir enn 300 g frå eller til.
  10. Angåande rekyldiskusjonen så er jo dette i grunn såre enkelt, og kan forklarast ved temmeleg enkel fysikk: Newtons 2. lov: F = m*a (kraft = masse*akselerasjon) og Newtons 3. lov: F1 = F2 (kraft = motkraft) Om ein set desse inn i kvarandre får ein at F1 = m1*a1 , F2 = m2*a2 , vidare at m1*a1 = m2*a2 Om ein definerer at m1 og m2 er massen til hhv. haglsverm og hagle, får ein at akselerasjonen til hagla (a2) i motsatt retning av haglsvermen (a1) får følgjande løysing: a2 = (m1*a1) / m2 Sidan det er definert at det heile tida blir nytta same patron vil m1 og a1 vere konstante storleikar. Akselerasjonen til hagla (a2) vil då kun bli endra av massen til hagla (m2). Om massen til hagla aukar vil akselerasjonen minke og omvendt. Den opplevde rekylen vil truleg også variere av andre årsaker, f.eks. om kolbekappa er av tre eller gummi (mjukare kappe vil absorbere større andel av energien), plassering av kolbe mot skulder osv.
  11. Om du skulle ombestemme deg og gå for ei rein vinterjakke som ikkje er særleg egna i fuktig ver kan eg trygt anbefale Fjãllrãven Tur. Men ser det er lite aktuelt. Det er vel nesten umogleg å oppfylle samtlige av kriteria dine. Har eit veldig godt tips som oppfyller det meste, men den har ikkje stormklaff og den har den vanlege goretex-knitringa. Arcteryx Theta AR finst i eigen damemodell, Theta SVX er vel hakket kraftigare, men den ser ikkje ut til å finnast i anna enn herremodell. Fjellsport.no har tilbud på Theta AR, om enn i ein litt sær farge: http://www.fjellsport.no/arc-teryx-theta-ar-jacket-women-s-carnelian.html Den finst også i andre fargar, men så vidt eg ser ikkje dei på tilbud. Eg kjøpte samme jakka (i herreversjon), og hadde stort sett dei samme kriteria som dine. Herreversjonen er litt stor i str, usikker på om dette gjeld også for dameversjonen. Uansett ein knallbra jakke som eg kan anbefale på det varmaste
  12. Du blir vel berre meir forvirra for kvart tips som kjem, men eg får vel komme med mitt tips likevel... Var lei jakkar som var litt for korte og sklei opp kvar gong eg stramma stikken nederst og begynte å gå. Er i tillegg litt for lang i ryggen ift. kroppen som heilheit, og var difor bestemt på at eg skulle ha ein jakke som var lengre enn dei fleste. Om den i tillegg er litt vid i fasongen får heller vere så. Etter mykje om og men bestemte eg meg for Arcteryx Theta AR eller Theta SVX. Sistnevnte skal visstnok vere hakket kraftigare og meir slitesterk, men ellers er dei visst nokså like. Dei har også stramming i livet, i motsetnad til dei fleste andre "allround" jakkar. Den strammar eg inn litt så jakken ikkje skal bli alt for "baggy". Endte uansett opp med AR då eg fann den på nesten halv pris. Kjøpte min på fjellsport.no: http://www.fjellsport.no/arc-teryx-theta-ar-jacket-men-s-black-1.html Enkelte er nok av den oppfatning at denne jakken er stor i str, men eg foretrekk, som manger her, at den er romsleg nok til å ha ein tjukk ullgensar e.l. under. Eg er 1,82 m og ca. 83 kg og brukar str. L i det meste, også denne jakken.
  13. Har no slitt ut par nr. 5 eller noko i den duren av mine Salomon Xa Pro gtx joggesko. Fantastisk gode sko, men må innrømme at eg forventar meir av holdbarheiten. Har spesielt hatt problem med at membranen får lekkasje før resten av skoen er utslitt. Lurer difor på om nokon har forslag til andre sko i samme klasse som er (minst) like gode, men som kanskje er meir holdbare. Om de også veit om nokon på tilbud blir eg veldig glad
  14. Hei. Har ikkje vore så aktiv her inne siste tiden, så bekagar seint svar. Det vart osprey sirrus 36, og ifølgje brukaren var det eit godt valg. Den har blitt brukt på mange turar, og fleire skal det bli! Tusen takk for alle gode svar Sent from my GT-I9300 using Tapatalk
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.