Gå til innhold
  • Bli medlem

Gjertvasstind og Styggedalstind 24.7.04


vårdøl

Anbefalte innlegg

Vi var tre som gjekk innover Helgedalen fredagskvelden 23.7., Jan Erik, Stig og eg – 3 småbarnsfedre som skulle i vegen på vår årlege overnattings-fjelltur. Målet for kvelden var Gjertvassbui som vi hadde fått leigd av Luster Fjellstyre. Det regna litt innover, men ikkje såpass at vi vart noko særleg blaute. Sekkane var blytunge av mykje god mat og drikke, samt tau og anna sikringsutstyr. Vi kom fram til hytta ved 10-tida om kvelden, og trefte der ein sauebonde frå Fortun som også skulle bu i hytta medan han såg etter sauane sine den helga. Etter litt kveldsmat og prat gjekk vi til sengs.

Vi sov litt lenge morgonen etterpå, og var ikkje oppe før klokka hadde passert 8. Skodda og skyene låg tjukk i Gjertvassdalen, men vi ordna oss på tur. Turmålet var fyrst og fremst Gjertvasstinden, men dersom veret, føret og formen (ikkje minst!) var bra skulle vi også prøve Styggedalstinden. Klokka vart nesten 10 før vi la i vegen. Vi måtte fyrst ned eit par hundre høgdemeter før vi vassa elva som kjem frå Gjertvassbreen. Etterpå gjekk vi i grov og laus ur opp eit markert drag opp på ryggen vi skulle følgje til toppen. Veret var framleis grått, men ein gong i blant letta det litt slik at det var ikkje vanskeleg å finne vegen. Det var litt småklyving opp til topp 1924, og da vi kom opp der letta skodda og veret skein skikkeleg opp. Vi såg da fint eggen oppover mot toppen med den markante snøkammen.

Vi tok oss ein liten matbit før vi starta på den siste biten oppover, noko som vart ei skikkeleg kraftprøve for meg. Dei to andre som er mykje betre form enn meg gjekk greitt oppover, medan eg kjempa meg steg for steg opp den tunge snøbakken. Eg merka godt at treningsgrunnlaget var heller tynt, og at dei ekstra kiloa rundt omkring på kroppen var tunge å dra på…… Medan eg kjempa meg oppover konstaterte eg at eg måtte vere glad om eg fekk med meg Gjertvasstinden, planane om Styggedalstinden vart skrinlagt. Når eg endeleg kom opp hadde dei to andre byrja å ta på seg sikringsutstyr. Eg sa at eg heller ville sitje att å vente, men toppen var fristande nær…..

Etter ein sjokoladebit hadde eg ombestemt meg – eg ville også bli med. Vi tok med litt nødvendig utstyr i ein sekk, knytte oss inn i tauet, og bevega oss forsiktig nedover den bratte snøbakken. Snøen var fast og fin, og Stig gjekk fyrst og sette sikringar, både i snø, is og fjell. Etter ein drug time var vi nede i Gjertvasskaret – klokka var da 18. 20 minutt etterpå stod vi på østtoppen på Styggedalstinden. Vi såg at eggen bortover mot vesttoppen såg grei ut, men klokka gjekk fort og etter eit lite minutt på toppen gjekk vi nedover att mot Gjertvasskaret. Vi fylgde same ruta opp frå Gjertvasskaret som vi hadde brukt ned, og kl. 20 stod vi på nytt på Gjertvasstind. Vi pakka fort i saman att, og byrja å gå. Turen nedover gjekk greitt og fort ned dei mange snøfonnene der. Vi hadde litt vanskar med å finne att skaret vi hadde kome opp, og den lause, grove urda vart litt av eit blodslit å ta seg nedover. Elva frå Gjertvassbreen vart på nytt vassa – denne gongen utan å ta av sko og bukser – dei var gjennomblaute likevel…..

Dei 200 høgdemetra oppover mot Gjertvassbui att vart skikkeleg krevjande etter så mange timar, og det var godt å kome inn i hytta att som sauebonden frå Fortun hadde fyra opp god og varm for oss. Klokka var da 2330. Ein halvtime etterpå spruta regnet ute…..Turen vart feira med ein skikkeleg biffmiddag, pils og konjakk. Praten gjekk lenge utover natta – før vi gjekk til sengs.

Det var tre krye og tilfredse karar som gjekk heimoveratt sundag.

Takk til Luster Fjellstyre for utlån av hytte og til sauebonden frå Fortun for triveleg selskap og ferdig oppvarma hytte!

Svein

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg tok nokre få ljosbilete, men ikkje noko særleg frå toppane. (Hadde meir enn nok med å kvile......)

Ein av turkameratane hadde med digitalt kamera, og eg skal få brent ein cd med ein del av bileta slik at eg evt. kan få lagt ut noko her.

Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Takker så mykje for tips om Gjertvassbui!

Denne hytta ligg jo veldig fint til, men vi var ikkje fullt så heldige med selskap.... Når vi kom fram ved 10-tida om kvelden 28 juli, var det eit latvisk, sauegjetande ektepar der. Sjølv om vi hadde betalt for leie og fått nøkkel, vart vi først nekta å kome inn. Etter ein halvtimes diskusjon og overtaling forsvant den latviske dama inn på soverommet, og vi kunne leggje oss på kjøkenet.

Dagen etter var det flott ver og vi kom igang ved 1/2 7 tida. Etter å ha kome opp på Gjertvasstind, gjekk vi ned til Gjertvass-skaret på løpande mellomforankring. Det hadde kome en del nysnø etter at at dykk var der. Deretter gjekk vi greit opp på Store Styggedalstind via snøbakken til høgre for eggen utan sikring. Vidare bortover til Vesttoppen, sikra vi litt på eit par små hamrar. Dessustan var eit par rotne ny-snø eggar som var litt skumle. Etter å har returnert til Gjertvass-skaret gjekk vi ned Gjertvass-breen og til Turtagrø om kvelden. Det vart ein lang dag på omlag 18 timar denne dagen.

Peder Sperstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne bua var ny for meg.

På et eller annet tidspunkt skal Styggedalsryggen – Skagastølsryggen gås (om ikke i år).

Men jeg har lenge spekulert på hva som er beste startsted for kortest mulig anmarsj til Gjertvasstind. Turtagrø er fryktelig langt unna, Tindeklubbhytta nesten like langt og medfører mye opp og ned. Å legge seg i teltleir i Gjertvassdalen e.l., medfører mye etterarbeid (hente telt).

Jeg har tidligere gått Skogadalsbøen - Gjertvasstind t/r. Mange høydemetre, men en veldig grei oppstigning. Jeg tenkte derfor på Skogadalsbøen som et mulig startsted, men denne Gjertvassbui gir et enda bedre utgangspunkt

Kan hvem som helst leie plass her ?

Noen andre synspunkter på bra startsted for nevnte travers ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så ut til å være mye sprekker der....
Gjertvassbreen var overraskande grei med dei snøforholda vi hadde. Såg mykje verre ut frå Styggedalen. Fyrst bratt ned, så ut til venstre under ein markert hammer utan vanskelege sprekkar.

Kan hvem som helst leie plass her ?

Ja, hytta er kan leigast av alle. Det er Luster fjellstyre som eig ho, og det kostar litt ekstra for "utanbygds". Men det blir fort trangt, særleg når det er sauegjetarar der.

Noen andre synspunkter på bra startsted for nevnte travers ?

Dersom ein skal gå frå aust mot vest er vel alternativa Turtagrø, Skogadalsbøen eller telt. Ulempa med telt er jo at det må hentast etterpå dersom ein ikkje vil dra det med seg over ryggen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.