Gå til innhold
  • Bli medlem

Test av sekk til dame - Osprey Xena 85


Tessatroll

Stendig fleire kvinner får augene opp for friluftslivet, med eit påfylgjande behov for skikkeleg utstyr. Underteikna har, som kvinne sjølv, fleire gonger opplevd å ha begrensa utval i utstyr. Me har monge gonger måtte klare oss med "modda" variantar av utstyr berekna for menn, eller dårlegare materialar. Sjølv om marknaden framleis ikkje flyt over av damespesifikke produkt i "high-end" kategorien, har det etterkvart komt til fleire gode kvalitetsprodukt frå seriøse leverandørar. Nokre av desse har me testa. Blandt damespesifikke produkt me har hatt inne, er tre sekkar. To på over 80 L og ein på 60 L som kan utvidast til 80. Det er ikkje heilt rett og samanlikne dei, så me vel å omtale desse sekkane kvar for seg. Først ut er Osprey Xena 85. Respektive modell for herrar heiter Osprey Xenith 105.

img587e133f4ae690.20906374.jpg

 Produkt
 Osprey Xena 85 L
 Levert av Jarbeaux sport AS
 Veiledande pris kr.3 000,-

 Fakta frå leverandør
 Storleikar: Ein storleik, justerbar.
 Vekt: 2,35 kg.
 Volum: 85 L.

 Fakta frå Fjellforum
 Vekt 2,4

 Fakta om testperson
 Kvinne 35 år
 166 cm og normalvektig
 Van med å bere tung sekk, i variert og til    dels krevjande terreng

 Punkt til vurdering

  • Bæresystem og passform
  • Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter 
  • Brukarvennlegheit
  • Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar"
  • Handtverk og materialar (ver og vind)
  • Vekt mot volum
  • Pris

bilde.jpg

Om sekken

Sekken er retta mot lange turar og ekspedisjonar, i fylgje leverandør. Den er utvikla og satt opp for å kunne bere tung last, med hoftebelte som er førehandsforma, justerbar rygg og ventilert ryggpanel. Sekken skal vere sjølve kulminasjonen av Osprey sine kunnskapar, opparbeidd gjennom 40 år.

Å kjøpe sekk

Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. 

Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne maken til den ein vurderer kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. 

Om testen

Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vinter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur. 

Vurdering

Bæresystemet er enkelt å justere rygglengda på, men kan med det same framstå som litt "skjørt". Borrelås har alltid gitt den effekta på meg. Som vanleg må eg etterkvart innrømme at det funkar, når ingeniørkunsten bak resten av bæresystemet er bra. 

Skjermbilde 2014-08-08 kl. 15.27.47.jpgBærekomforten er god, og eg ville kalle den særs god når ein tek eigenvekta på sekken med i reknestykket. Eg tenkte ei stund at skulderreimane og hoftebeltet verka litt "mjukt", og frykta at det skulle bli for lite tak i det når vekta auka, men det viste seg også å vere feil. Denne sekken toler fint last på 30 kg utan at det vert ukomfortabelt. 

Med omsyn til passform er skulderreimane på denne sekken tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare.

Hoftebeltet er kanskje det beste eg har prøvd, og ber tunge bører godt utan å klemme hverken på setemuskulatur eller gi ømme hofter. Plassert korrekt sitt det veldig godt, og "motarbeidar" ikkje kroppens mekanikk på nokon måte. Dette er veldig deilig å gå med, spesielt når ein er van med store/breie herrebelter som anten klemmer på setemusklar eller kjem heilt opp under ribbkassa. Ein har også godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir å gå på.

20597611_10159205968610284_1444198593_o.jpg

Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Det har ikkje denne sekken. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering.  

Lommer og festemoglegheiter er etter mitt syn, ved sia av det komfortable hoftebeltet, denne sekkens store styrke. Detaljane er mange, og for den som verkeleg vil ha lang-lesnad, tilrår eg å gå inn på Osprey sine sider for oversikt. Eg omtalar her det eg opplever som kjernepunkt i bruk. Xena har Osprey si eiga løysing, "Stow-on-the-go", for å kjapt kunne pakke vekk eller ta fram vandre- eller skistavar. 

Meshlommene på sidene gir reint faktisk plass når du er på farten, og ein får ting nedi dei sjølv om sekken er full.

xena_70_hipbelt_pocket_5.jpgLommene på hoftebeltet er romslege, og ein får plass til også den største av dagens smarte telefonar. Ei hanskekledd hand kjem også enkelt til. Ei lomme er i mesh og den andre i tett ty. Ingen av dei med vasstett glidelås eller stoff.

Topplokket har tradisjonell opning mot nakken, i to etasjar, og lommene er romslege. Det kan takast av og brukast som rompetaske. Ei lita sitteplate ligg på innsida av det, for den som synes det er greit å kvile ein rumpeball i slengen. 4 hemper for karabinere/tau/ekstra feste oppå lokket.

Sekken har ikkje opning i front, men på kvar side. Desse funkar greit, men gir ikkje same oversikt som ei frontopning. Eg hallar likevel mot å seie at det er greit, då  framsida er så godt løyst at eg ikkje trur eg ville hatt den på noko anna vis. Der finn ein to isøksfester, to romslege "halvmånelommer" og ei meshlomme utanpå desse igjen.

17761398_1454807221260219_1003164202_o.jpgIsøksfesta kan nyttast både til spade og isøks, og ein får fint frå seg desse utan at dei er i vegen når ein treng noko i sekken eller lommene. Halvmånelommene er romslege, og ein kan enkelt skilje eventuelle brenselsflasker frå resten av oppakninga. Dei vil då vere lenger vekk frå ryggen, enn til dømes om dei var plasserte i sidelommene. Det vil seie at det dersom resten av oppakninga er lett, kan vekta av flaskene gi drag bakover. Eg tenkjer likevel at ein i dei fleste tilfeller der ein har med fleire tunge flasker av type fuel, thermos osv, er på ein tur som også krev ein del anna utstyr, og vekta i sjølve sekkerommet stabiliserar dei kiloane som er i ytterlommene. Har ein lettare sekk, kan ein jo også plassere flaskene i meshlommene på sida. Det er då verdt å tenkje over at dei ikkje er "innelåst" ved ferdsle i til dømes bratt snøbakke. 

Meshlomma i front har bra strech, og på linje med dei på sidene, tenar den faktisk til noko, også når sekken er full.

Xena har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein dele det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst, med små tunge gjenstandar.

12931150_10154870727855190_4105225769605089995_n.jpgReimane nede på framsida er i kortaste laget for telt eller skumplastunderlag med litt volum. I tillegg er dei feste berre på framsida, altså går dei ikkje under sekken. På det viset mistar ein høvet til å la tyngre utrustning som ofte havnar på utsida, i alle fall på starten av turen, trekke sekkens tyngepunt ned,men i staden vil det drage bak. Dette er eit minus på skiturar.

Kompersjonsreimane på sekken er gode, og sekken eignar seg av di også greit som dagstursekk, ved til dømes avstikkar frå basecamp, dersom rompetaska vert for lita.

Alle glidelåsdragerar på Xena er hanske-og vottevennlege, og glidelåsa kiler seg lite.

Sekken er enkel å forstå, og slik brukarvennleg, til tross for mange detaljar. Ein treng ikkje ver ingeniør hverken for å gjere justeringar, eller pakke den. Fasongen på sekken gjer likevel sitt til at ein ved skitur skal tenke på å plassere vekt i sekkerommet rett, slik at han ikkje vert topptung eller baktung. Dette av di han er noko lang og smal.

Skjermbilde 2014-08-08 kl. 15.28.55.jpgSkjermbilde 2014-08-08 kl. 15.28.05.jpgosprey_xenith_xena_toppocketlumbarpack.jpg

 

Kva gjeld praktisk bruk vs "målsetting" for sekken frå Osprey, synes eg dei langt på veg har lukkast. Det første som slår ein når tek i sekken og byrjar forske litt på han, er at han verkar enkel, men likevel full av velplasserte detaljar. Ved bruk viste dette seg også å stemme. Han funkar fint til utstyrstunge turar, der ein kan få med seg mykj både inni og utanpå sekken, utan at noko er "i vegen" for kvarandre. Dette er kanskje ein av dei få sekkane eg har prøvd i denne storleiken som ikkje får meg til å sakne den gamle storsekken av typen med gigantiske sidelommer, men med ei eigenvekt på 4 kg. Eg synes dog literane er "små", samanlikna med til dømes Gregory Deva 80 L. Ved pakking av akkurat samme mengde bagasje, rommar Gregoryen meir. Så, med tanke på bærekomfort og løysingar på sekken, vil eg seie at han held den han lovar. Men, eg synes litrane gjerne kunne vore noko meir romslege, på ein sekk som lovar å ta deg til "the end of the world". 

Materialar og kvalitet på saumar verkar så langt bra, men det skulle jo også blott berre mangle etter berre 15 bruksdøger. Eg har registrert klager på slitestyrken på tyet til Osprey, utan å ha erfart det sjølv. Når ein tek i materialet i hovudsekkerommet, kjennes det noko kraftigare enn til dømes på Gregry Deva. Om det likevel skulle vere slik at slitestyrken er låg, kan det vel tenkjast at det er prisen ein må betale, for så mykje komfort for relativt lett vekt?

Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum, sjølv om eg er usikker på om den held 85 L. Sett opp mot bærekomforten og dei gode løysingane derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet.

Prisen på denne Ospreysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 000 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Komfort og praktisk bruk tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. Testers erfaring er at få sekkar i tilsvarande eller lågare prisklasse kan matche bærekomfort, men dette er sjølvsagt også individuelt betinga. 

Oppsummering og konklusjon

Underteikna vil plassere Osprey Xena 85 L i kategorien  "komfortabel allrounder, med gode og gjennomtenkte løysingar, til ein overkommeleg pris". Graden av bærekomfort er høg. Pluss for gode lommeløysingar og akseptabel vekt. "Små liter" og noko korte reimar trekk ned. At sekken er smal og lang gjer at den kan vere utfordrande å pakke til skitur, der er ein gjerne vil ha lågt tyngdepunkt. På den andre sida gjer måten den er løyst på med fester og lommer, at den høver veldig godt til utstyrtunge turar, som til dømes vårskiturar på bre. At den er smal gir også rom for aktiv stavbruk og fridom for røyrsle i overkroppen.

Dette skjedde med sekken etter endt testing

Testar opplever at denne sekken gir ein bærekomfort som er så bra, at den enda som den "utvalgte" sekken til ei Grønlandskryssing hausten 2017. Den skal få legge "kilo til motoren" på veg opp brefallet på austkysten, og bære all last ut Austmannadalen på vestkysten, dei tre siste dagane av turen. Test vil verte oppdatert etter endt tur.

Alle foto er frå leverandør eller underteikna.

 

17797427_1454813041259637_1920550678_o.jpg

Endret av Tessatroll


  • Liker 18
  • Takk 1



Brukertilbakemelding

Anbefalte kommentarer

Flott anmeldelse av en god sekk i herreutgave også. Gjennomtenkt sekk med en forholdsvis lav vekt og til en god pris etter min mening. (under 2500 flere steder på nett)

(Og nå skjønte jeg endelig hva (vandrestav) vaieren på siden av sekken skulle brukes til :D)

Endret av RoyN
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, RoyN skrev:

Flott anmeldelse av en god sekk i herreutgave også. Gjennomtenkt sekk med en forholdsvis lav vekt og til en god pris etter min mening. (under 2500 flere steder på nett)

(Og nå skjønte jeg endelig hva (vandrestav) vaieren på siden av sekken skulle brukes til :D)

Så bra at du kan kjenne at di oppleving av produktet i min omtale!  Og å oppdage bonusfeatures må no verre vere supert 🤣

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for fin test, det var god lesing. Jeg har vært på utkikk etter ny storsekk en stund, og har generelt vært veldig fornøyd med Ospreys (mindre) sekker. Min største utfordring er å få strammet hoftebeltet nok. Hvor smalt kan man stramme det på denne modellen (sånn cirka) ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, tjohoo skrev:

Takk for fin test, det var god lesing. Jeg har vært på utkikk etter ny storsekk en stund, og har generelt vært veldig fornøyd med Ospreys (mindre) sekker. Min største utfordring er å få strammet hoftebeltet nok. Hvor smalt kan man stramme det på denne modellen (sånn cirka) ?

Der kan eg måle for deg, men nett no lurer eg på om bikkjene har gravd ned målebandet etter ein målesession til nye selar i går 😳 🙈 send meg ein PM så skal eg hugse å få det gjort. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 minutter siden, tubbs skrev:

Hoftebelte på de sekkene finnes i ihvertfall 2 forskjellige størrelser og kan evt. byttes eller bestilles med ett spesielt iflg. Osprey slightly smiling face

Dette var eg faktisk ikkje klar over! Eg finn ikkj noko om det på Osprey sine sider, har du link? Då vil eg i tilfelle redigere det inn i testen slik at lle som les den får det med seg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, RoyN skrev:

Flott anmeldelse av en god sekk i herreutgave også. Gjennomtenkt sekk med en forholdsvis lav vekt og til en god pris etter min mening. (under 2500 flere steder på nett)

(Og nå skjønte jeg endelig hva (vandrestav) vaieren på siden av sekken skulle brukes til :D)

Og flott at du minte meg på  at eg hadde gløymt å lime innatt informasjon om herremodellen. Eg skulle flytte på det under bearbeiding, og borte blei det :) No ligg det inne att!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 minutter siden, Tessatroll skrev:

Dette var eg faktisk ikkje klar over! Eg finn ikkj noko om det på Osprey sine sider, har du link? Då vil eg i tilfelle redigere det inn i testen slik at lle som les den får det med seg :)

Tror jeg så det på Ospreys egen Youtube side eller en av forhandlerne sin.
Står Large på mitt og vurderer å bytte til Medium da jeg ikke er spesielt grovbygd :oops:
Skal se om jeg finner snutten slightly smiling face

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har herreversjon Xenith 88 som en av mine sekker. Så langt veldig fornøyd med den. God å bære, ganske lav egenvekt, grei pris på den. Jeg synes dog at at sideåpningene til hovedrom fungerer fint. Litt uvant i starten men med litt annen pakking av ting så likte jeg de. Har f.eks telt stående på ene siden i hovedrommer. Da kan jeg enkelt få tak i det uten å åpne sekken fra toppen. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for fin og godt skrive test av denne og Gregory-sekken. Fekk svar på mykje, og vart klokare på eigen research. Likte veldig godt Xena då eg prøvde den i butikk, blir nok den som blir neste storsekk 😊

Lenke til kommentar
Del på andre sider



Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv en kommentar...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.