Gå til innhold
  • Bli medlem

Josten på langs - 22. - 25. april 2008


jarle

Anbefalte innlegg

Planen var i utgangspunktet å gå josten helga før 1.mai, men værmeldingane gjorde at andré ringde med nokre dagar før avreise og spurde om framskunding var ok. etter å ha teke ein kjapp oversikt over studia, sa eg sjølvsagt ja til det.

andré og camilla kom med bil frå oslo, medan eg tok bussen frå trondheim. eg ankom erdal kl 0300 tirsdag morgon, og fekk nokre timar i posen før vi la i veg oppover mot erdalsbreen. men før den tid hadde vi en ekstra frukost på ein støl. sola skein frå skyfri himmel, og livet var godt. med mat i kroppen var det berre å fortsetje oppover dalen. eg er ingen nobelprisvinnar i bæring av tung sekk, men med innlånt bergans alpinist gjekk også dette overraskande bra.

før vi bann oss i tau og gjekk på breen, tok vi oss tid til ein nærare titt på enden av brefallet, der det stakk ut i det frosnet vatnet. vakkert!

vel oppe første stigning på breen måtte vi ta ein pause, andré følte seg ikkje heilt på topp og ville ha ein liten time på ryggen i teltet. eg og camilla tok på oss vasskoking, og sovna nesten frå heile greia. vi kom oss tilslutt vidare, og slo første leir på toppen av erdalsbreen, der det heiter høgda (?). 1400 høgdemeter kunne vi sjå oss nøgde med. så var det berre å nyte utsikten mot spisse sunnmørsfjell, som bada i raud solnedgang.

onsdag var på ingen måte ein dårligare dag enn forgjengaren sin. vel nede i bunnen av småtten måtte skallet av, og vi gjekk opp iført kun ullundertøy (riktignok type lang). svetten sila, og vi slo ny leir då vi kom opp til ståleskaret. her åt vi middag og tok ein lang middagskvil, før vi labba iveg mot kåpa omlag kl 18. det var nesten vindstille, og sola hang framleis halvhøgt på himmelen. føret opp var perfekt, og vi spaserte nærmast opp med isøks som einaste sikring. på toppen vart vi sitjande ein time, og kikka på vakre hurrungfjell, og flotte vestlandsfjell. vel nede igjen tok vi vegen gjennom sjølve vindgryta i ståleskaret, og kom tilbake til teltet osm hadde lagt utan sol lenge. før vi slokna fekk vi unna mykje snøsmelting før morgondagen.

torsdag, den store gå-langt-dagen: med det været vi hadde, så hadde ikkje orientering vore noko problem. vi visste heile tida nøyaktig kor på kartet vi var. difor hadde ingen av oss tenkt på at jostedalsbrekartet er i 1:100000... så om morgonen la vi planen, vi ville gå til flatbrehytta, så vi kunne rekke buss frå fjærland dagen etter. halv ti labba vi iveg, med brenibba som første mål. men allereie før vi kom så langt rauk vaieren på andré sin riva 3-binding. uflaks! heldigvis fekk vi fiksa det, og turen kunne fortsetje. etter brenibba skulle vi altså byrje å ete opp dei drøye to mila til flatbrehytta... det er vel ikkje overraskande for dykk å høyre at vi snart lurte på kvifor det tok så lang tid å komme seg frå delmål til delmål? iallfall vart både høgste breakul og ramnane passert. sistnevnte var åstad for middagseting, ca kl 17. la meg få skyte inn at real viltgryte gjer seg best med varmt vatn...

vi fortsette utover kvelden, det var trass alt ikkej så langt igjen og vi kom til å være framme før det vart mørkt... eller ikkje?? på supphellebreen kom hovudlyktene fram, mi for anledninga med nesten frosne batteri... i lysa frå desse seig vi nedover breen, langs gamle spor lagt att av tidligare passerande. det var stup mørkt, og vi såg berre kort vei framfor oss. tilslutt kom vi til skaret, og bar skiene nedover dei drøye to hundre høgdemeterane mot hytta. kor er så hytta? vi gjekk sjølvsagt for langt, og måtte gå opp at ca 50 høgdemeter for å finne hytta. dette hadde ikkje vore så lett utan gps. kl 0100 ramla vi ned i vindgryta rundt hytta, og kunne konstatere at vi måtte grave fram døra. vel inne kunne vi frå hytteboka anta at vi var årets første besøkande, og at det framleis var att kola frå ifjor! ein lang dag, 15,5 timar, var over. men det var då merkeleg lang tid å bruke på 25km? sjølv med øydelagt binding? kartet vart teke fram, og kontrollen viste at vi hadde rett...

fredag var det berre å feste skia på sekken og trakke seg nedover i råtesnøen. det tok oss omlag 3 timar å komme ned, og eg kunne kjenne små elver i skoa mesteparten av vegen... resten av turen heim gjekk knirkefritt...

laurdag snakka eg med andré igjen, som innen den tid hadde kontrollsjekka distansen igjen, og no altså innsett at kartet slettes ikkje var i 1:50000. torsdagsetappen frå ståleskaret til flatbrehytta hadde altså vorte revidert, og funne til å være 47km! snakkar om pinleg bommert... det positivet er at eg gjekk min lengste dagsmarsj nokon sinne, sannsynligvis med den tungaste sekken eg har hatt nokonsinne. det får meg i det minste til å føle meg litt barsk...

fleire bilete frå turen fin de her: Småttene 1

post-339-133474531997_thumb.jpg

post-339-133474532009_thumb.jpg

post-339-13347453202_thumb.jpg

post-339-133474532048_thumb.jpg

post-339-13347453206_thumb.jpg

post-339-133474532077_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Flott tur jarle.

Det er faktisk ikke så ille om wiren ryker, sålenge det går bortover. Min wire røyk et 200km, den andre et 400km på en 600km tur engang.

Tau gjør susen, helt til man skal bratt nedover da...

Rottefella supertelemark m wire, så har man om ikke annet ei gardering nå til dags.

Hehe, ja disse målestokkene på moderne kart.... :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

hei mayhassen! må ærleg innrømme at eg har aldri prøvd pulk, så om det er noko betre/verre kan eg ikkje sei noko sikkert om. men skal du gå ruta vi gjekk, så trur eg pulken blir kjip i begge ender. tviler på om pulk hadde vore noko kjekt fra parkeringa og fram til snøen, eller fra flatbrehytta og ned til fjærland. oppe på flata er det sikkert greit å bruke pulk då, men det har du vel prøvd sjølv på hardangervidda? vi gjekk i ganske tett småskog, og råtten snø, berre tenk korleos det ville være å buksere med seg ein pulk! 8)

eg lånte ein bergans alpinist med rulletopp for å teste QSS bæresystemet, regner med han kanskje var på rundt 25kg? han blei aldri veigd. men andré sin var tyngre... før eg drog mista eg nesten motet då eg skulle bære sekken ut i stova, men den føltes veldig mykje lettare då den kom på ryggen. så idag har eg kjøpt meg ny sekk... trur eg trygt kan sei eg hadde lagt meg ned før å døy halvvegs på langetappen med min gamle sekk...

ja, du fant småttebildene morten. tipper dei er meir spektakulære litt seinare på våren. no var det plankekøyring å komme opp. det svever ein liten tanke i bakhovudet om å gå kåpa via småttene til sommaren...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempebra rapport Jarle :wink: Josten på langs står på ønskelista mi, og vurderer å ta det som en vårskitur neste år. Problemet er transport hvis man skal gå helt til Gaularfjellet, mindre stress med Fjærland tror jeg. Har hytte i Stryn, og sist gang faren min gikk "JPL" ble han kjørt inn til Loen og brukte Skåla som startpunkt. Verre var det å få haik fra Gaularfjellet i retning Jølster da det er lite trafikk på fjellet, og de gjemte sekkene for å få bedre haikelykke :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det må jo ha vært en flott tur med litt av en villmarksfølelse når man ikke møter en sjel underveis! Jeg har vært på Lodalskåpa 2 ganger, men aldri hatt bra vær. Må være en ganske fascinerende arktisk følelse å stå på toppen der en godværsdag. Men jeg har aldri i mitt fjell-liv vært så redd noengang som opp Småttene i mai 2004. Vi måtte skreve over et par kjempesprekker, og det var jo søkk over alt, så jeg trudde at vi kanskje befant oss over sprekker hele tida. Var helt utslitt av all kortpustinga da vi endelig kom opp til Ståleskar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.