Gå til innhold
  • Bli medlem

Fjellvettdøden (dikt)


kjellinge

Anbefalte innlegg

Fann dette diktet, som burde vera morsom lesning for fjellfolk, skrive av Linda Eide i boka "Då gamlemor baka seg i hel" :roll:

(Gjer seg sjølvsagt best om forfattaren les sjølv på sitt fine vossamål, noko ein kan få sidan boka også fins som lydbok.)

Då vinden stilna, låg det at ein kropp,

som aldri kom fram til sin utkåra topp.

Turlaget fann han på andre påskedag.

Til pass, sa dei, når ein går tur utan lag.

Det krak så vidt til liv i skispringarskrotten.

Kraftlaus vinka han med vetlefingen inni votten.

Men turflokken etla han syltynn sympati,

hadde han ikke lese lova for den som går på ski?

Legg ikkje ut på tur utan trening, glefsa dei i kor.

Og mannen visste at synda hans var større enn stor.

For han hadde jo tenkt som mannfolk gjer:

Herregud, det er då ingen sak, dette her!

Regel to: Meld alltid frå kvar du går!

Men ikkje når brystkassa lograr med madige hår.

Han tenkte på Amundsen og Kagge og Nansen,

og slikt kostar dyrt når ein berre er Hansen.

Regel tre, ha-ha-ha!

Respekt for vêrmeldinga!

Sjå opp, her kjem det ein viking på ski.

Sjølv i orkan har ein nordmann god glid!

Nei, sanneleg, dumskapen fekk som fortjent,

sa alle i turlaget så greitt og suverent.

Dei såg på den blodsiklande skituristen og lo:

Høyr folkens, han seier han spydde blod!

For den elendige formen hadde jo sin pris,

han hadde kasta opp som ein stukken gris.

Og kald vart han med ein gong han stoppa,

for ullgensaren hadde kreket naturleg droppa.

Dei opna opp sekken medan skrotten stønna.

Herregud, sa koret, ingenting er frå Norrøna.

Feil merke, feil farge og enda eit lyte:

Mannen ignorerte det heilage undertøysbyte.

Folk kasta rotne egg på det levande liket.

Han braut regel fire, me treng ikkje slike!

Ver rusta mot uvêr, seier skrifta klar.

Og fleire ante no kor gale dette bar.

For sjølv på villspor og med sundklaka hud,

braut den hovmodige også det femte bud.

Dei ropte i kor, korsfest, korsfest!

For dette tykte dei alle var aller verst:

Han hadde ikkje snakka med ei einaste sjel,

som om sjølvaste lokalkunnskapen ikkje lenger tel!

Han lytta ikkje til andre enn seg sjølv,

og naudprovianten var to flasker øl.

Flaskene hadde han tømt nedpå i orkanen,

dei var til meir enn å leska ganen.

Utan å vita kvar i verda han skulle gå,

stakk han kursen med flasketuten peikar på.

Regel seks, ropte turlaget, til pass til pass.

Lat han døy, han gav jo blaffen i kompass.

Den maltrakterte mannen ba spinkelt om nåde,

men visste med seg at han aldri ville få det.

For han hadde jo gjenge der i stormen åleina,

ingen til hjelp då han braut begge beina.

Regel sju, ropte folket, klare til å pryla.

Dei sparka i beinet for å høyra mannen hyla.

Auga sjonglerte, og det jog i bein og tarm.

Det var då dei såg det, han mangla venstre arm!

Trykket frå raset hadde reve armen tvert av.

Ein gamling skrapte i såret, med spissen på ein stav.

Heller ikkje høgre armen var slik Vårherre hadde meint.

At det var kaldbrann, hadde mannen skjøna altfor seint.

Vend i tide, freste laget, det er inga skam å snu!

Det var regel åtte, og berre ein er att, huttetu!

Døk han! Gjalla ropa, han er ikkje meira verd.

Dei nikka alle, både turlekmann og lærd.

Anorakkrådet samla seg til møte om saka.

Tommelen vende ned, og mannens bøn vart vraka.

Så dømde dei mannen til regel nummer ni,

og straffa skulle vara frå då og evig tid.

For stregt skal livet vera, har fjellfolk alltid meint:

Dei grov han ned i tide, og då var alt for seint.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.