Gå til innhold
  • Bli medlem

Sinnes - Bortelii, Hvordan er sporet?


Lars Erik

Anbefaler du turen?  

5 stemmer

  1. 1. Anbefaler du turen?

    • Ja
      4
    • Nei
      1


Anbefalte innlegg

Annonse

Du kan sjå ei grov skisse over ruta på Turistforeningens kvistekart:

http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/kart%20over%20vintermerkete%20ruter%202008.pdf

(Oversikt over når rutene kvistes: http://www.turistforeningen.no/files/DNT/publikasjoner/kvistekart/merkeperiode%20vinterruter%202008.doc)

Rutene i Setesdalsheiane blir merka frå den 15.02 ifølge oversikten, så det betyr nok fersk merking når du skal ut å gå. Du kan eventuelt sjekke med Kristiansand og Opplands turistforening (http://www.kot.no/) før du reiser, hyttene i området tilhøyrer denne foreningen (hyttene er opne). Ruta går vel stort sett rundt 700-900 meter over havet og det er nok godt med snø i år.

Vanlegvis er ei slik vinterrute/kvisterute merka med kvist eller plaststikker, men det blir ikkje kjørt opp spor. Det blir merka ganske tett med stikker, men snø og vind kan fort blåse ned ein del av desse. Det er difor viktig å ha med seg eit kart/kompass, og følge med litt på kor ein er, i tilfelle ein kjem utanfor ruta. Vanlegvis er det lett å følge stikkinga, men det kan vera forvirrande der kvisterutene møtes. Har møtt mange som har fulgt "feil" rute etter eit kryss, inkludert meg sjølv.

Anbefaler å bruke fjellski, då det som sagt ikkje er anna spor enn det du og andre skituristar lagar sjølv. Rett etter oppmerkinga kan det vera eit brukbart snøscooterspor nokre dagar, avhengig av vind og snø.

Eg har bare delvis gått det strekket du skriv om (i området rundt Kvinen og Gaukhei), men eg synes det er eit fint område. Gaukhei er jo ei kjempefin hytte også, så anbefalar ein tur innom dit.

God tur!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.