Gå til innhold
  • Bli medlem

Info om Kryssning av innlandsisen på Grønnland


Anbefalte innlegg

Planlegger en tur over Grønnland, Øst til vest(klassiske ruta) sommeren 2009.

Hvis noen sitter på litt info, linker til sider, kart, koordinater osv så blir jeg glad for tips!

Lurer også på om det finnes noen kartprogram/nettsider hvor man kan plotte inn koordinater for å så å se dette som en rute på kartet..

Har bestilt ordentlige kart, men tar litt tid før det kommer..

Ellers hvis noen her har gått ruta, ta gjerne kontakt, har noen spørsmål jeg gjerne skulle hatt svar på :arrow:

Thomas Nielsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjekk over Grønland no i Mai. Vil absolutt anbefale å enten gå i mai månad eller vente til august/september. Det kan vera veldig mykje vann på vestsida sommarstid, men dette var ikkje noko problem då vi gjekk i mai. Forsikringsselskapet (Kaliaat forsikring, underforetak av IF) tillater ikkje folk å gå i brefallet på vestsida i juli etter det eg veit, dvs at du må vera framme før den tid. Ein norsk ekspedisjon kom seg nesten ikkje avgårde i slutten av juni frå Kangerlussuaq pga dette (threemenwalking.com).

Kart/koordinater

Når det gjeld koordinater, så treng du eit godt sett med slike. Viktigast er brefallet opp og ned, og då spesielt på vestsida. Når det gjeld plotting så kan dette gjerast enkelt i Google maps/google earth om du vil, f.eks. sjå nettsida vår: AcrossGreenland.com for eit eksempel.

Detaljkarta over kysten er greie å ha, men ut over det trengs bare eit oversiktskart.

Drivstoff

Skal du gå frå austsida før isen har gått opp (dvs april/mai/juni), så må du ta helikopter frå Tasiilaq over til Isortoq, Nagavit eller ein annan stad du vil starte. Dette er koster litt. Ver obs på at Air Greenland ikkje akspeterer drivstoff ombord på ruteflygningar, men dette går bra på charter. Det kan også vera ein ide å bestille drivstoff i septemer året før turen, då Tasiilaq kun har anløp av to forsyningsskip pr år (slutten av juni og i slutten av september/begynnelsen av oktober). I Tasiilaq er det også vanskeleg å få tak i bensinkanner, så evt med slike. Dei fleste foretrekk å bruke Heptan (rensa bensin) på ein slik tur, men parafin er også eit godt alternativ. Dei har også noko dei kaller for "Rense bensin", ein bensin berekna på å rense overflater. Denne nyttes av og til på ekspedisjonar, men fører til meir sot i dysene (bør rensast ofte), så eg anbefaler den ikkje.

Frakt

Skal du sende ting med skip så er kjem det altså på eit av to skipsanløp. Ellers må ting sendast med fly via Reykjavik eller Kangerlussuaq. Det billigaste alternativet frå Norge (flyfrakt) var å bruke Posten sine CarryOn esker (440kr/10KG). Større ting kan sendast som CarryOn egenembalert (opptil 20KG), ca 1620kr/20KG. CarryOn bruker vanlegvis mellom 14 og 30 dagar til Tasiilaq. Avtal med f.eks. Hotel Nansen/Hotel Angmagsiilak om oppbevaring av pakker mot litt betaling.

Reise

Flytypen som brukes mellom Reykjavik og Kulusuk er Fokker 50 eller Dash8-100, der Dash8-100 har det største lasterommet. Det kan vera problem å få med seg eventuell overvekt, så prøv gjerne å reservere dette på førehand (vi fekk ikkje reservere). I Juni-August går det fly nesten kvar dag, ellers 2-3 ganger pr veke. Flygningane går frå flyplassen i Reykjavik sentrum, ikkje frå Keflavik der dei fleste andre internasjonale flygningar går frå.

Ekspedisjonstillatelse

For å gå over isen trengs ein tillatelse frå Dansk Polarcenter. Søknadsfristen er 3mnd før turen startar. Søk gjerne i GOD tid. Husk også på å få med alle papierer inkl forsikringsbeviset, samt kopi av pass. Dette skal fremvisast for det lokale politiet i Tasiilaq. Det er snakk om at Hjemmestyret på Grønland skal overta den funksjonen som Dansk Polarcenter har i forhold til ekspedisjonar, men det er enda ikkje klart når dette skjer.

Forsikringsselskapet krev at ein har med Iridium satelitt-telefon og GPS. DPC krev at du har med nødpeilesendar. For å bruke denne på Grønland må ein ha kosesjon frå Tele Greenland (koster 500kr), søknadsfrist 3mnd før turen.

Ellers er det beste tipset å berekne god tid i forkant av turen, då det ikkje er uvanleg med dårleg flyvær på austkysten. F.eks. så krev helikopterflygning inn til iskanten kryssing av ein fjord og då må det vera sikt over denne. Rullebanen på Kulusuk er 1000 meter utan asfalt og krev nokonlunde gode forhold med Fokker 50, medan Dash8 kan klare seg i litt dårlegare forhold. Dog hender det ofte at flyplassen er stengt 4-5 dagar i strekk grunna dårleg sikt, den var stengt 7 dagar i veka før vi reiste bort dit.

Frå Isortoq til iskanten ved høgde 660 ved Kangerlussuaq var det etter vår beregning ca 560km.

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Hva gjorde dere mht. drivstoff? Noen brennere er jo ikke så kresne på hva de brenner, så det er vel mulig å få kjøpt egnet drivstoff der uten å forhåndsbestille.

Ikkje optimalt med "dårlig" brennstoff på ein slik tur, men anbefaler brennere som ikkje er kresne på verken dårleg parafin, tilsettningar og som er lette å fikse i tilfelle ein må gå for parafin. Heptan/rensa bensin er absolutt å anbefale, lite kjekt å mekke for mykje primus på isen. Heller ikkje kjekt å puste for mykje avgassar frå tilsettningar når det er kaldt. Ofte ikkje å anbefala å sitte utandørs, det blir for kaldt. Ta også med minst 1-2 ekstra brennar + alt av reseverdeler.

Vi bestilte 40liter Heptan (rensa bensin) fleire månader i forvegen (5literskanner). Vi tok også med oss bensinkanner på totalt 35 liter fra Norge, då det ikkje var særleg av slikt på Grønland. Då vi skulle hente dette Heptanen vår i Tasiilaq, viste det seg at dei likevel ikkje var der. Imidlertid hadde dei fleire 60 litersfat med Hetpan og vi hadde jo kanner å ha det på. Det viste seg også at det skulle vera nok Hetpan til oss i Isortoq istaden og vi fekk reservert denne, så vi slapp å ta det ombord i helikopteret. Folka i Tasiilaq meinte at det var omogleg å ha med bensin ombord på helikopteret, sjølv om vi hadde fått skrifteleg bekrefta at det skulle vera iorden på charter.

Vi delte oss i to då vi reiste til Isortoq, dei som reiste først skulle hente bensinen vår. Då dei kom fram var det først ingen bensin, så viste det seg at det mangla ein del (33liter kontra dei 45 vi skulle ha). Medan dei ringte tilbake til resten av gruppa, forsynte ein annan ekspedisjon seg av den bensinen som var der, så vi måtte plutseleg skaffe heile mengden. Grunnen til alt rotet var at denne ekspedisjonen også skulle ha reservert bensin, men då av typen "Rense-bensin" på 0,6 litersflasker. Det viste seg også at dei som hadde resververt for denne gruppa, ikkje hadde peiling på kva dei dreiv med, og det var langt på vei nok av desse flaskene.

Rett før siste del av gruppa skulle reise frå Tasiilaq, fekk vi då tak i det omtalte fatet med 60liter Hetpan og fekk det med oss til Isortoq, så over på kannene våre.

På ruteflygning får ein nå ikkje ha med seg bensin, dette på grunn av internasjonale transportvilkår. På charter er det ok så lenge kannene er gode og heilt toppa pga trykkforskjell. Dåer opp til pilotane å bestemme (vanlegvis ok)

Alt som kan ordnast i Tasiilaq bør ordnast der, dobbelsjekk alltid alle avtalar i god tid. Isortoq er ein svært litan stad og det er vanskeleg å få til avtalar der som er 100% sikre. Det er knapt nok eit menneske der som kan engelsk, svært få som kan dansk...prøvde å ringe dit, men ikkje lett å bli forstått. På servicestasjonen i Tasiilaq ønska dei veldig å få inn bestillingar på bensin seinast i september/oktober året før, slik at dei kunne planlegge kor mykje som skulle kjøpast inn. Parafin vil det nok alltid vera nok av, då det også brukes til oppvarming.

I august/september er det vanlegvis båttransport inn til bygdene og forsåvidt heilt til isen. Då vil det jo vera ein smal sak å få med seg det som trengs av bensin. Problemet i mai er at det er at alt må tas med helikopter og at det er 7mnd sidan sist forsyningsskip.

Frå Kangerlussuaq er det også lurt å sjekke alt veldig nøye. Også her kan det vera mangelvarer, det er bare 5-600 innbyggarar og forsyningsskip to gonger pr år. Ein annan ting er at pakker og gods til Grønland har ein tendens til å bruke lang tid. Også ved flygningar til Kangerlussuaq ville eg ha sjekka svært nøye at alt vart med frå København. Det har hendt mange gonger at ting har blitt liggande i Danmark.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan også vera ein ide å bestille drivstoff i septemer året før turen, då Tasiilaq kun har anløp av to forsyningsskip pr år (slutten av juni og i slutten av september/begynnelsen av oktober)

Hvor kan jeg henvende meg for å bestille drivstoff i Tasiilaq?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.