Gå til innhold
  • Bli medlem

Hvordan bli våt og kald på beina (Vassfjellet)


Kim

Anbefalte innlegg

Søndag. Grått og sludd. Hva gjør man? Det er meldt storm i Trøndelag, snaufjellet møter oss tydeligvis ikke med velkommenskilt. Skiføret? Tja... fint i marka i går, i dag er det bløtere. Søndag er det også nesten kø i marka.

Vi tar en tur i skauen ved Vassfjellet! En skikkelig basetur i løssnøen. Myrene har ikke frosset skikkelig så det er bløtt under. Vi går opp til ca 500 moh og følger en flott bekkedal ned igjen. 2-3 timer med herlig trim! De fleste ville nok ikke ha gått midt i bekken, men det er ikke så verst, iallfall ikke hvis man liker å bli våt og kald på beina :)

vass.JPG

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
  • 1 år senere...

Vassfjellet, ja. Det er lenge sidan, men eg hugsar det fjellet. I 1989 budde eg i Melhus sjølv, ute i kornåkrane nord i kommunen. Ein føresommardag tok eg beina fatt, og trakka oppover frå Røddegardane og inn i skogen. Det bar sørover dei myrkledde heiane, som er svært vanleg i Trøndelag. Då eg nærma meg Vassfjellet nordfrå, bar det opp ei styggbratt kleiv. Då var det nestan ikkje skog lenger, og det var berre å rusla bortover haugane til toppen var nådd, med sine TV- og tele-installasjonar. Det var óg ein grusveg opp til toppen der borte, hugsar eg. Toppen av Vassfjellet trur eg var 710 m.o.h., og byr på flott utsyn over det sentrale sør-Trøndelag. Returen gjekk same veg, og enda med fine kveldsstemningar på myrane på slutten av turen. (På austsida av Vassfjellet mot Klæbu er det skitrekk). Vil ein oppleva utsyn frå midt i sentrale Sør-Trøndelag, kan Vassfjellet vera eit forslag. (Skriva på nynorsk i Trøndelags-tema? Vel, eg er frå Hordaland).

Fleire gonger gjekk eg tur i skogen frå Torsletta ovanfor Franzefoss Bruk, og nordover ein privat veg. Eit stykke lenger nord, der ei kraftlinje kryssa skogen gjekk eg over mot aust og bortover mot Tanem i Klæbu. (Vart nestan overraska av at hugsar nokre namn endå). Eg hugsar at eg sat oppe i skogen som vender mot Heimdal ein haustkveld og slappa av med utsynet over dei sørlege bydelane i Trondheim, som Heimdal, Saupstad, Kolstad, Flatåsen, Byåsen, Rosten, Tiller, Sjetnemarka, m.m.

Då eg budde i Trøndelag, hadde eg ikkje bil. Høvde det ikkje å ta bussen, dei få gongane i døgnet bussen gjekk, var det berre å ta beina fatt, om eg skulle handla. Til Melhus og Heimdal var det 6 km. og gå, og til Rosten (City Syd) var det 8 km. Då eg gjekk på ski frå Ila og gjennom Bymarka, gjekk eg heilt heim over Heimdal og Torsletta etter skituren, nestan ei mil på veg frå Saupstad. Kondisen var mykje betre óg, då.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.