Gå til innhold
  • Bli medlem

Test Klättermusen Salopette Freke

Gal Krokfot

Anbefalte innlegg

Test Klättermusen Salopette Freke
IMG_8351.thumb.JPG.9c9a89c60f9b79dc52743d75fdd72ddd.JPG
Vart ved ei tilfeldigheit anbefalt Klättermusen Salopette Freke sumaren 2015. Vedkomande prata varmt og lenge om den så eg sette den på "sjekk ut" lista mi. Da verdsveven avslørte prisen på sju laken +/- vart imidlertid planen fort parkert. Seinare på hausten dukka den opp på Black Friday til "berre" fire laken så da var det berre å slå til. Etter omlag to års bruk har eg gjort meg opp nokre tankar om buksa.
Buksa har vært brukt mellom 60 og 80 turar, hovudsakleg toppturar.
Fyrste inntrykk av buksa er tung og solid. For dei av oss som gje blanke filla i lettpakkingas edle kunst er sjølvsagt tung og solid ein naturleg samanheng. Hekter over sideglidlåsen på beina og sida av låra virka pludrete, noko som vart bekrefta ved seinare bruk. Ein kamerat av meg som kjøpte same bukse måtte file til hekte for at den skulle passe inn i hempa. Dette er diverre noko som går att for denne buksa. Til ein pris på opp mot 7500 og 7000 meir som standard pris er det mange løysingar som er tungvinte og ikkje held mål. Pludrete hekter er allereie nemnd. Gamasjebøyler funker bra når dei er på plass og som metallbøyler tolar dei det meste, men er problematiske om du brukar dei frå smalare fjellstøvlar til breiare plastikkstøvlar. Lause delar ein må huske å pakke med er jo også eit moment. Tipper fleir enn meg har reist på tur med gammasjebøylane liggande att på kommoden i gangen...
IMG_8348.thumb.JPG.103ce7ef4bf1b66f5353edabab6ac5ad.JPG
Gamasjesystemet. At eg ikkje finn nokon praktisk stad å ha stumpen etter stramminga er enda eit irritasjonsmoment. Har dei ikkje testa systemet? Ein liten trykk knapp, borrelås, kva som helst anna enn å ha den hengande å slenge. Dyttar den opp i bretten mellom glidlås og borrelås, men der heng den ikkje lenge om gongen.
 
Det er ikkje unikt for Klättermusen Salopette Freke, men at ei vinterbukse ikkje er ferdig levert med kneputer (spesielt til den prisen) er for meg uforståeleg. KSF har rettnok moglegheit for kneputer, men Klättermusen leverar ikkje dette så vidt eg kan sjå. Til Klättermusens forsvar er det ikkje noko stor heksekunst å lage eigne, men atter ein gong, 7000...
Glidlåsen i buksa er solid og går heilt opp så ein kan ta av buksa utan å ta av sko. Dette nyttar ein seg da sjeldan av da nemnte lårhemper er pludrate (går sjølvsagt greitt i fint vær).
For meg er dette kun ei vinterbukse. Med såpass tjukt og varmt stoff og farga svart i tillegg vel eg andre bukser sjølv på varme skidagar. Sumarsbruk er berre å gløyme.
Så til det positive.
Brukskvaliteten er super. Etter over 60 turar med til tider hard bruk ser buksa fortsatt ny ut (ei luktprøve avslørar dog fort at så ikkje er tilfelle). Bibsystemet er svært kjært på ei vinterbukse, KSF er ikkje noko untak. To store gode lårlommer er svært praktiske. Det er også ei tredje relativt stor lomme på bibdelen.
Buksa gje også ein del oppmerksamheit da mange er svært nyskjerrige på den. Vinterbuksenes Rolls Royce, på godt og vondt?
Eit par representantar for ei forretning som førde KSF vart fort mindre interessert da eg ga dei den negative tirada mi ved eit høve.
Summa summarum, har du ein bruk av turbukse som gje ekstra stor slitasje og er villig til å betale skjorta for det er KSF buksa for deg. Har du normal bruk er det mange andre billigare og like bra eller betre alternativ. Den dagen mi noverande bukse er utslitt skal eg ha eit svært godt tilbod før eg kjøpar den på nytt, men er tilbodet godt nok slår eg til utan tvil. Slitasjestyrke trumfar andre heftelsar berre prisen er låg nok.
IMG_8349.thumb.JPG.737f7920448b98b306336df0ab0d2eba.JPG
Kamerater med feite Mærcer og fancy Beemers har slutta å invitere meg med på tur. Ein kunne sjå dødsangsten i auga deira da dei såg for seg sensuelt samkvem mellom ei nypolert lakkoverflate og metallhempane...
  • Liker 3
  • Takk 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
På 27.11.2017 den 10.11, Gal Krokfot skrev:

Dette samsvarer mykje med mi oppleving. Men eg har også fått små hol i stoff ved kne etter omlag 50 bruksdøger. Det synes eg ikkje er godt nok.

Plundret detaljar er eit irritasjonsmoment utan sidestykke under eksponerte tilhøver. Dilldallet nedst på føtene genererar isklumpar an masse ved vekslande vertilhøve. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.