Gå til innhold
  • Bli medlem

Gjemsel med fjellduk


Memento mori

Anbefalte innlegg

Annonse

Bra kammo i desse. Faktisk skummelt bra, fekk eg erfare for eit par år sidan. 

Eg, sambo og ei vennine var i Femundsmarka på tampen av skisesongen. Plan for dag ein var å gå frå Elgå og litt forbi Svukuriset, slå leir, og gå ein tur opp på Storsvuku.

Ved Svukuriset vart det klart at sambo ikkje var i strøk. Me kom fram til at me gjekk opp til punkt for leir, for så og etterlate sambo, og gå opp me to som var friske. Når me kom til punkt for leir, ville sambo ikkje sette opp telt, men vente i fjellduk, då me lurte på å gå endå litt lenge nord før leir. 

Ein kjapp "topptur" seinare var me "friskingane" vel nede, og trudde at me styrte rett på der sambo var. Me fann han dog ikkje. Eg ropte og ropte, kika og kika, og vart etterkvart nokså stressa, tenk om han hadde blitt skikkeleg sjuk den timen me var borte! Banna til meg sjølv, "uansvarlege kvinnemenneske" m.m. I det eg stussar på ein stein med ein fasong eg ikkje dreg kjensel på, tek steinen til å bevege seg. Det var sambo som hadde sovna inni duken med fjellkammo (jerven), og omsider vakna av ropinga mi. For den som har vore i Femundsmarka veit ein at mykje av steinen som er der har nett dei fargane som den fjellduken har, og ein del av dei som ligg oppunder fjella over tregrensa er nokså store. 

Ei festeleg episode i etterkant, men eg var ikkje mykje høg i hatten medan eg leita etter det som etterkvart vart ein febersjuk og influensisk fyr. Det blei kortaste veg ut  att for oss to :)

  • Liker 9
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.