Sovjetunionen

Hvilke storsekker (100L+) bruker damene på forumet?

Anbefalte innlegg

Bumper på denne og bare tilføyer at jeg sverger til Aarn Load Limo på 75L med Balance Pockets til. Aldri båret så lett i hele mitt liv, MED en unge i bæresele på 13kg på magen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
20 hours ago, annaerbest said:

Bumper på denne og bare tilføyer at jeg sverger til Aarn Load Limo på 75L med Balance Pockets til. Aldri båret så lett i hele mitt liv, MED en unge i bæresele på 13kg på magen.

25 liter for liten, men ellers sikkert en topp sekk :) 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jeg har slitt lenge med å finne en god storsekk lenge, men endte opp med norrøna sin recon, er litt høy, men jeg syns den fremdeles er gull. Må bare få korta inn hoftebeltene litt :P 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jeg har testet ut denne ( Skjult lenke - logg inn for å se den ) i helga og synes den funker veldig bra. Har kun gått 1,5 timer med den i trekk så jeg kommer til å vende tilbake når jeg har testet den på en lengre tur. Vekt på sekk med innmat var i overkant av 25 kilo. 

Et par punkter jeg er veldig fornøyd med: 

1. Selv om sekken totalt er tyngre enn den gamle sekken, føles det lettere fordi alt faktisk er nedi sekken og dermed blir mer riktig fordelt ift vekt. Det var altså ikke noe problem at sekken var litt tung når den er laget til å bære mer enn 20 kilo og er tilpasset kroppen. 

2. Man kan justere til evigheten og tilbake på alt mulig, hvilket gjør den lett å tilpasse ryggen. 

3. Den pakker bredt, men ikke for høyt hvilket er mye mer behagelig å bære. Velg den gule sekken, da kommer du til å se ut som spongebob. 

En ting som er litt balle er en jernting som stikker litt ut helt nederst, den treffer rett i halebeinet om man skulle svaie ryggen litt. Skal skrive til Bergans og høre om hoftebeltet kan stilles litt lavere for å unngå dette.Videre er det alt for lite hemper og fester på utsiden av sekken, det er synd.

Synes det var en superbillig og veldig bra sekk og er fornøyd med å ha en sekk som både har plass til min gigantiske sovepose, chairkit, et allak-telt med bunnduk og masse godsaker uten å måtte feste annet enn det superlette thermarestunderlaget utenpå. 

Endret av Sovjetunionen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei

ref lette og store pakksekker så finnes det:

Jeg har aldri prøvd den men de ser jo bra ut. De fleste modellene er til jakt/kjøttbæring. Egen modell for vanlig bæring heter Stone Glacier Cirque. Gode muligheter for komprimering og utvide volumet i høyden. Bør sjekkes!

Riktig god tur!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Lignende innhold

    • Av fightingfalcon
      Hei!
      jeg har vært i søkelyset etter en anatomisk sekk som er minimum 85L. Jeg har fra før av en Norrøna Syncroflex og kunne tenkt meg enda en sekk som er litt lettere(uten ramme). Jeg tenkte først å selge storsekken, men ble anbefalt å beholde den og heller kjøpe en annen i tillegg. Jeg hadde en Helsport fjellheimen 85L men den ble litt liten til meg. Man har jo alltids Norrøna Para Ranger, men vekta til den er vel en kg fra Syncroflexen. Jeg har tittet litt på Gregory Denali 100 og Bergans Trollhetta 95L. Er det noen andre tips der ute til en stor anatomisk sekk til en fornuftig pris? 
    • Av Tessatroll
       Produkt
       Gregory Deva 80 i str S
       Levert av XC Sports Equipment A
       Veiledande pris kr. 3 499,-
       Fakta frå leverandør
       Storleikar: extra small, small og medium.
       Vekt: 2,32, 2,4  og 2,46 kg.
       Volum: 75, 80 og 85 L.
       Fakta frå Fjellforum
       Samme som leverandørens.
       Fakta om testperson
       Kvinne 36 år.
       166 cm og normalvektig
       Van med å bere tung sekk, i variert og til  dels krevjande terreng.
      Punkt til vurdering:
      Vekt mot volum  Bæresystem Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter og pakkbarheit Handtverk og materialar (ver og vind) Brukarvennlegheit og moglegheiter for justering Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar" Passform og bærekomfort Pris Her kjem Gregory Deva 80. Herrane sin variant av denne heiter Gregory Baltoro 85.
      Om sekken
      Sekken er omtalt av Gregory som ein heilårssekk med høg lastekapasitet, som møter krava anten du skal gå langt eller høgt, i alt av terreng. Den kjem i tre ulike storleikar, der ein igjen kan tilpasse sekken ved å flytte på skulderreimar, og bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i større eller mindre storleikar.  
      Å kjøpe sekk 
      Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. 
      Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne ein som er maken til den ein vurdere kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. 
      Om testen
      Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vineter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur.
      Vurdering
      Som med dei fleste sekkar som finnast i marknaden i dag, er det mange detaljar og mykje informasjon. I staden for å repetere det ein kan finne på produsentenes eigne sider, vel eg her å omtale dei elementa eg betraktar som relevante å omtake, utfrå test. Vil ein ha lang-lesnad og komplett liste over spesifikasjonar, tilrår eg å vitje Gregroy sin eigen nettstad, Gregorypacks.com. Underteikna har testa sekken i str.small, altså 80 liter.
      Bæresystemet framstår som solid frå byrjinga av, og ein lett sjå føre seg at denne sekken taklar tung last.
      I staden for å ha eit full justerbart one-size system, har Gregroy velt å lage denne modellen i tre ulike rygglengder, med moglegheiter for å feste inn skulderreimane i to ulike høgder, også dette solid utført. I tillegg kan ein bytte ut hoftebeltet og skulderreimane i andre storleikar, og slik i stor grad "skreddarsy".
      Passform kan til ei viss grad likevel tilpassast utan å bytte ut komponentar. I tillegg til moglegheitene for å flytte skulderreimane,  har ein utrusta nedre del av ryggplata, som ligg utanpå hoftebeltet, med ei innvendig lomme, laga for ei borrelåsfesta pute. Denne er meint å gi betre støtte for ryggen, tilsynelatande gjennom å spreie belastninga overeit større parti. Dette skal vere gunstig til dømes for den som har svai rygg. Når sekken er på, plasserar puta seg i området mellom bekkenkanten og nedre del av rygg.
       
      Eg er noko usikker på kor vidt dette fungerar i praksis. For meg framstår teorien som "omvendt". Dette då eg gjennom mange år i arbeid med trening, har sett at svai rygg ofte sammenfell med for lite magestyrke, i kombinasjon med stramme hofteleddsbøyerar. Enkelt sagt bidreg korte hofteleddsbøyerar til å trekke "navlen", og slik ryggsøyla, fram og ned mot lårbeinet. Har ein i tillegg litt svake magemusklar er det lite å "halde" igjen med. At ei plate, som bygger ut, og slik ytterlegare bidreg til press mot den delen av ryggen som blir trekt framover, skal hjelpe på dei spenningane som oppstår musklane i nedre del av rygg, finn eg ikkje belegg for anatomisk, og heller ikkje praktisk. Det er mogleg eg vil få kraftig motsvar på denne, frå fagfolk innanfor helse og anatomi. Dette er uansett berre ein detalj ved sekken, og det er ikkje verre enn å plukke vekk den vekk. For nokre kroppar kan det også hende att denne plata har ein misjon.Hoftebeltet er stivt, som forventa i ein sekk berekna for tunge bører, og for meg vert det rett og slett for stivt. Det klemmer på bekkenkanten same korleis eg flyttar på det, og same kor eg puttar plata som høyrer til inn og ut. Ved testing av Baltoro (herresekken) kjenner eg at det samme skjer, og at det har lite med storleik og hoftebeltet og gjere, men rett og slett uforming. Det er viktig å understreke at dette er passforma til MIN kropp, og at den for mange andre kan vere midt i blinken, ja, for mange ER denne midt i blinken.  
      Hoftebeltet har godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir strammemoglegheiter.
       
      Skulderreimane på denne sekken er tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Eg gjorde eit førsøk på å bytte ut skulderreimane til ein større storleik, utan at det eigentleg hjalp stort. Det er innfestinga som er problemet for meg. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare. Dette er ein gjengangar på damesekkar for underteikna.

      Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Til liks med Osprey Xena 85, har heller ikkje denne sekken det. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering. Moglegheitene for ulike rygglengder og to innfestningsnivå for skulderreimane gjer likevel at eg tenkjer at dei færraste vil ha behov for det.
      Lommer og festemoglegheiter er både denne sekkens styrke og svakheit, alt etter kva bruksområde du ser føre deg. Alle lommene er rause i opninga, noko som gjer det enkelt å komme til innhaldet. Det einaste unntaket er lommmene på hoftebeltet, som etter mitt syn er for små. Dei rommar ikkje eit større kompatltkamera eller ein ein stor modell av våre smarte telefonar. Den eine er dog vantett, noko som er eit pluss.
      Eg personleg er ikkje gla i desse lommene med ein vertikal glidelås på midten i heile eller  større delar av lommas lengde, då eg synes det gjer dei ueigna til mindre gjenstandar. Til gjengjeld er dei supre for større gjenstandar. Ei slik frontlomme finn ein på denne sekken. Sekkens øvre kompresjonsreimar er festa i denne lomma, og med innhald er den med på å trekke saman og stabilisere hovudrommet på sekken. Reimane frå topplokket går under desse reimane, noko eg synes trekk ned. Kryssande reimar er eit krøkk på dei turane ein har mykje utstyr.  Lomma har glidelås rundt heile i ein u-fasong, og utgjer "lokket" av frontopninga. Den har fire festepunkt for eventuelle ekstrareimar.  
      Ein må då vere budd på at ved å feste noko midt framme på sekken, så mistar ein tilgangen til den store lomma. Dette kunne enkelt vore unngått dersom frontlomma hadde toppopning. Eg har løyst det med å ha typiske volumgjenstandars som ikkje veg så mykje festa der, samt berre på dei nedste to punkta, slik at eg kjem til glidelåsen og opningen øvst, sjå bilete under.




      Sidelommene har god opning og funkar greit også når sekken er full. Dog gjer kombinasjonen av lange fulle sidelommer og to sett kompresjonsreimer på sida, med nokså langt spenn, at feste av utstyr på sida vert litt kronglette. Dei øvste kompresjonsreimane er skråstilt for å ikkje komme i konflikt med nettopp lommene. Dette gjer at til dømes ski vert vanskeleg å få festa stødig, og dei lev sitt eige liv under marsj. Toppreim til skia er eit minimum, og ekstra reimar for stabilisering av gjenstandar som skal festast på sida ein etappe eller to er tilrådd.
      Topplokket på Deva 80 er supert. Det har to store lommer, med glidelåsretninga frå rygg til front på sekken, i staden for frå side til side. Å kunne stå lett framoverbøygd og opne pittelitt for å få tak i sjokoladen er jo ein artig liten bonus, men det viktigste er at einenkelt får oversikt over innhaldet i lommene når ein opnar dei, utan å måtte stå og grave i "blinde".
      Isøksfesta funkar fint, og  med spade på ei side og isøks på den andre, frigjer ein plass på sida av sekken til dei tyngre tinga som ein gjerne vil ha tettare på kroppen.
      Deva har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein del det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst. Eg tenkjer at ein kunne spart seg for denne opninga når ein har den store frontopninga. På den andre sida burde den være der om eg fekk rådd den store frontlomma til å verte redesigna med toppopning.


      Eit stort pluss med oppsettet av reimar på denne sekken er dei lange reimane nedst på sekken, som er festa ved ryggplata, og går heile vegen under botnen og vert festa på framsida, over botnopninga. Desse reimane gjer at ein ved behov for stor lastekapasitet, kan feste relativt tunge ting på utsida av sekken, under, utan at den vert topptung eller baktung. Eit telt på 3 kg ggår heilt supert, og bidreg eigentleg berre til å få tyngepunktet endå meir ned, utan at det går utover måten sekken oppfører seg på. 
       
      Glidelåsdragerane går greit å operere med vottar, og glidelåsa kiler seg lite.
       
      Sekken er kompatibel med drikkesystem, som vert oppbevart i ein liten uttagbar ekstrasekk i hovudrommet. Denne er heilt grei i bruk, og vil romme omtrent det samme som eit stort topplokk brukt som hoftesekk, som jo er ei vanleg løysing på mange sekkar til dømes for dagstur vekk frå leir eller hytte.
      Det er lite unødvendig fiksfaks på Deva 80, på same tid som han er grei å justere og få til å sitte bra, noko som gjer han brukarvennleg. Ein av sekkens verkeleg store styrkar er pakkbarheita. Lommene er store og gode, lett tilgjengelege, og det å pakke sekken for ulike typar aktivitet og terreng framstår som ein leik, inkludert å få pakka han med lågt tyngdepunkt for skitur. Det solide bæresystemet gjer at ein også toler litt "udisiplinert" pakking, utan at ein kjenner kvar ein minste lille feil når ein får han på ryggen. Toppopninga er romsleg, og ein får fort den gode pakkekjenlsa ein får ved pakking av store og tunge pakkrammesekkar, til tross for at denne er både mindre og lettare. Å sleppe fleire rundar med "tetris" i løpet av ein fleirdagerstur er tipptopp. I teltet nyt ein godt av den store frontopninga, og ein får "koffert"kjensla. 
      Eg skulle dog ynskje meg meir kontrastar på detaljane fargemessig, noko eg personleg synes hevar brukaopplevinga på ein sekk det siste lille hakket. Når ein har meir eller mindre ein og same farge på alt, må auget sjå det lille nanosekundet lenger for å "sorter" detaljar, noko som er ein gjengangar på ein del sekkar, inkludert den tidlegare omtala Osprey Xena.  
      Praktisk bruk vs målsetting
      Sekken skal i følgje Gregory sin omtale vere eigna til å frakte tung last, i krevjande terreng over tid. Dette er det ikkje tvil om at den fiksar bra, inkludert Gregorys mål om at den skal halde mål til frakt av nødvendige forsyningar og utstyr for ei veke, til ein høgalpin basecamp. Og nettopp med vekt på bsecamp. Eg synes ikkje at dette er den optimale sekken for turar i norsk, alpint terreng som krev bre/klatreutstyr, og som har i seg dagleg forflytning. Til det synes eg sekken er for lite praktisk løyst med omsyn til lommer og reimar. 
      Materialar og kvalitet på saumar framstår som litt i utakt. Saumar, reimer, glidelåsdragerar og strekk verkar bra, men tyet og sjølve glidelåsa verkar noko skjørt. Eg har etter relativt få (omlag 15) bruksdøger greid å få nokre små hol på tyet på sida av sekkerommet, på sidelomma. Holet samanfell med området ski og evt isøks vil ligge og gnisse, og eg vil tru at det er slik det har oppstått. Det er ikkje kritisk på noko punkt, og vil enkelt late seg ordne med ein bit tear-aid eller gaffatape, men det er verdt å merkje seg at det er greit å fare litt varsamt åt. Det er kanskje prisen å betale for ein såpass lett sekk, med ein slik lastekapasitet?
      Prisen på denne Gregorysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 499 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Lastekapasitet på denne relativt lette sekken tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. 
      Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum. Sett opp mot lastekapasiteten og volumet derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet.
       
       
      Oppsummering og konklusjon 
      For underteikna var passforma ikkje optimal. Dette må ikkje sjåast som eit negativt punkt i testen, då det er høgst individuelt kva som høver den einskilde. 

      For utstyrstunge turar på meir enn 3-4- dagar er ikkje løysingane på sekken utvendig optimale. Med omsyn til lommer og festeanordningar for utstyr og hardvare, kan ein kan fort få ei kjensle av å minne om bilete på framsida av ei bok frå Zappfes verden, eit lett kaos av uorganisert menneske/sekk. Tyet kan også verke til å ikkje tole desse belastningane spesielt godt.
      Bortsett frå det ovanfornemnde "tursegmentet", er Gregory Deva 80 ein bra allroundsekk. Den har eit solid bæresystem og gode, funksjonelle løysingar for meir tradisjonell oppakning, og mange moglegheiter for personleg tilpassing. Med tanke på eigenvekta presterar den særs godt. Pluss for moglegheitene til å kunne "skreddarsy" og tilpasse i stor grad. For den tradisjonelle fjellskiløparen, vandrer og fjellfant, som tilbakelegg både høgdemeter og kilometer er dette ein sekk med stor kapasitet for si vekt.
      Dette skjedde med sekken etter endt testing
      Sekken vert returnert til leverandør.
      Alle foto frå leverandør eller underteikna med turfylgje.
       
       
       
       
       
       
       
    • Av Tessatroll
       Produkt
       Osprey Xena 85 L
       Levert av Jarbeaux sport AS
       Veiledande pris kr.3 000,-
       Fakta frå leverandør
       Storleikar: Ein storleik, justerbar.
       Vekt: 2,35 kg.
       Volum: 85 L.
       Fakta frå Fjellforum
       Vekt 2,4
       Fakta om testperson
       Kvinne 35 år
       166 cm og normalvektig
       Van med å bere tung sekk, i variert og til    dels krevjande terreng
       Punkt til vurdering
      Bæresystem og passform Lommekonfigurasjon, festemoglegheiter  Brukarvennlegheit Praktisk bruk sett opp mot "kva sekken lovar" Handtverk og materialar (ver og vind) Vekt mot volum Pris
      Om sekken
      Sekken er retta mot lange turar og ekspedisjonar, i fylgje leverandør. Den er utvikla og satt opp for å kunne bere tung last, med hoftebelte som er førehandsforma, justerbar rygg og ventilert ryggpanel. Sekken skal vere sjølve kulminasjonen av Osprey sine kunnskapar, opparbeidd gjennom 40 år.

      Å kjøpe sekk
      Når ein skal kjøpe sekk er det mange omsyn å ta. Bruksområde med omsyn til type tur og terreng, behov for lastekapasitet, detaljar og tekniske finesser vert ofte diskutert opp og i mente. Likevel er det eit omsyn, som tronar over alle; passform. Om ein sekk ikkje høver eins anatomi, er det til sjuande og sist knekkande likegyldig kor lett eller tung han er, kva lommer som finnast, og kva type materialar som er brukt. Ein vond sekk er vond, og han er vanskeleg å diskutere med. 
      Prioritet nummer ein ved sekkekjøp er altså prøving. Gjerne over tid. Kanskje kan ein låne maken til den ein vurderer kjøpe? Å gå ein tur i marka med sekk på 20 - 25 kg, over ein dag eller to, eller fleire timar i strekk, plar ofte luke ut dei minst aktuelle sekkane ganske raskt. Elles er det å nytte seg av butikkane sin 100% fornøyd garanti. 
      Om testen
      Sekken har bak seg i overkant av 15 bruksdøger både sommar og vinter , i alt av ver og vind, både på ski, bre og vandretur. Testar er ikkje spesielt "fintfarande" med utstyr, det vert brukt som det er meint; som eit verktyg på tur. 
      Vurdering
      Bæresystemet er enkelt å justere rygglengda på, men kan med det same framstå som litt "skjørt". Borrelås har alltid gitt den effekta på meg. Som vanleg må eg etterkvart innrømme at det funkar, når ingeniørkunsten bak resten av bæresystemet er bra. 
      Bærekomforten er god, og eg ville kalle den særs god når ein tek eigenvekta på sekken med i reknestykket. Eg tenkte ei stund at skulderreimane og hoftebeltet verka litt "mjukt", og frykta at det skulle bli for lite tak i det når vekta auka, men det viste seg også å vere feil. Denne sekken toler fint last på 30 kg utan at det vert ukomfortabelt. 
      Med omsyn til passform er skulderreimane på denne sekken tilpassa damer. Det vil seie at dei står litt tettare og er noko smalare. For meg gir det alltid eit lite klyp i musklane over skulderbladet i starten. Det opplever eg ikkje med herresekkar. Dette skuldast nok mi noko breie ryggtavle meir enn det skuldast passforma på sekken. Reimane går seg som regel til ved litt bruk, og "legg seg" breiare.
      Hoftebeltet er kanskje det beste eg har prøvd, og ber tunge bører godt utan å klemme hverken på setemuskulatur eller gi ømme hofter. Plassert korrekt sitt det veldig godt, og "motarbeidar" ikkje kroppens mekanikk på nokon måte. Dette er veldig deilig å gå med, spesielt når ein er van med store/breie herrebelter som anten klemmer på setemusklar eller kjem heilt opp under ribbkassa. Ein har også godt med stramming å gå på, så ein slepp problemet med at ein etter to dagar på tur, når magemusklane har trekt seg saman, ikkje har meir å gå på.

      Eg personleg likar at det er ei glidespenne på skulderreimane som ein kan justere vinkelen på toppstrammarane med. For meg har det litt å seie for å få hoftebeltet til å gripe kring hoftene i staden for "å trykke ned" i dei. Det har ikkje denne sekken. Til meg høver vinkelen som han er, men den som treng ein annan vinkel, må til med nål og tråd, eller ei anna form for fiksering.  
      Lommer og festemoglegheiter er etter mitt syn, ved sia av det komfortable hoftebeltet, denne sekkens store styrke. Detaljane er mange, og for den som verkeleg vil ha lang-lesnad, tilrår eg å gå inn på Osprey sine sider for oversikt. Eg omtalar her det eg opplever som kjernepunkt i bruk. Xena har Osprey si eiga løysing, "Stow-on-the-go", for å kjapt kunne pakke vekk eller ta fram vandre- eller skistavar. 
      Meshlommene på sidene gir reint faktisk plass når du er på farten, og ein får ting nedi dei sjølv om sekken er full.
      Lommene på hoftebeltet er romslege, og ein får plass til også den største av dagens smarte telefonar. Ei hanskekledd hand kjem også enkelt til. Ei lomme er i mesh og den andre i tett ty. Ingen av dei med vasstett glidelås eller stoff.
      Topplokket har tradisjonell opning mot nakken, i to etasjar, og lommene er romslege. Det kan takast av og brukast som rompetaske. Ei lita sitteplate ligg på innsida av det, for den som synes det er greit å kvile ein rumpeball i slengen. 4 hemper for karabinere/tau/ekstra feste oppå lokket.
      Sekken har ikkje opning i front, men på kvar side. Desse funkar greit, men gir ikkje same oversikt som ei frontopning. Eg hallar likevel mot å seie at det er greit, då  framsida er så godt løyst at eg ikkje trur eg ville hatt den på noko anna vis. Der finn ein to isøksfester, to romslege "halvmånelommer" og ei meshlomme utanpå desse igjen.
      Isøksfesta kan nyttast både til spade og isøks, og ein får fint frå seg desse utan at dei er i vegen når ein treng noko i sekken eller lommene. Halvmånelommene er romslege, og ein kan enkelt skilje eventuelle brenselsflasker frå resten av oppakninga. Dei vil då vere lenger vekk frå ryggen, enn til dømes om dei var plasserte i sidelommene. Det vil seie at det dersom resten av oppakninga er lett, kan vekta av flaskene gi drag bakover. Eg tenkjer likevel at ein i dei fleste tilfeller der ein har med fleire tunge flasker av type fuel, thermos osv, er på ein tur som også krev ein del anna utstyr, og vekta i sjølve sekkerommet stabiliserar dei kiloane som er i ytterlommene. Har ein lettare sekk, kan ein jo også plassere flaskene i meshlommene på sida. Det er då verdt å tenkje over at dei ikkje er "innelåst" ved ferdsle i til dømes bratt snøbakke. 
      Meshlomma i front har bra strech, og på linje med dei på sidene, tenar den faktisk til noko, også når sekken er full.
      Xena har opning nedst i fronten, for enkel tilgang til det som ligg der. Hovudrommet har moglegheiter for deling, til våt og tørr sone. Alternativt kan ein dele det av om ein ikkje har nok "fyll" i botnen (typisk sovepose), og ynskjer unngå eit sekkerom som heng å sleng nedst, med små tunge gjenstandar.
      Reimane nede på framsida er i kortaste laget for telt eller skumplastunderlag med litt volum. I tillegg er dei feste berre på framsida, altså går dei ikkje under sekken. På det viset mistar ein høvet til å la tyngre utrustning som ofte havnar på utsida, i alle fall på starten av turen, trekke sekkens tyngepunt ned,men i staden vil det drage bak. Dette er eit minus på skiturar.
      Kompersjonsreimane på sekken er gode, og sekken eignar seg av di også greit som dagstursekk, ved til dømes avstikkar frå basecamp, dersom rompetaska vert for lita.
      Alle glidelåsdragerar på Xena er hanske-og vottevennlege, og glidelåsa kiler seg lite.
      Sekken er enkel å forstå, og slik brukarvennleg, til tross for mange detaljar. Ein treng ikkje ver ingeniør hverken for å gjere justeringar, eller pakke den. Fasongen på sekken gjer likevel sitt til at ein ved skitur skal tenke på å plassere vekt i sekkerommet rett, slik at han ikkje vert topptung eller baktung. Dette av di han er noko lang og smal.

       
      Kva gjeld praktisk bruk vs "målsetting" for sekken frå Osprey, synes eg dei langt på veg har lukkast. Det første som slår ein når tek i sekken og byrjar forske litt på han, er at han verkar enkel, men likevel full av velplasserte detaljar. Ved bruk viste dette seg også å stemme. Han funkar fint til utstyrstunge turar, der ein kan få med seg mykj både inni og utanpå sekken, utan at noko er "i vegen" for kvarandre. Dette er kanskje ein av dei få sekkane eg har prøvd i denne storleiken som ikkje får meg til å sakne den gamle storsekken av typen med gigantiske sidelommer, men med ei eigenvekt på 4 kg. Eg synes dog literane er "små", samanlikna med til dømes Gregory Deva 80 L. Ved pakking av akkurat samme mengde bagasje, rommar Gregoryen meir. Så, med tanke på bærekomfort og løysingar på sekken, vil eg seie at han held den han lovar. Men, eg synes litrane gjerne kunne vore noko meir romslege, på ein sekk som lovar å ta deg til "the end of the world". 
      Materialar og kvalitet på saumar verkar så langt bra, men det skulle jo også blott berre mangle etter berre 15 bruksdøger. Eg har registrert klager på slitestyrken på tyet til Osprey, utan å ha erfart det sjølv. Når ein tek i materialet i hovudsekkerommet, kjennes det noko kraftigare enn til dømes på Gregry Deva. Om det likevel skulle vere slik at slitestyrken er låg, kan det vel tenkjast at det er prisen ein må betale, for så mykje komfort for relativt lett vekt?
      Vekta på denne sekken ligg hverken høgt eller lågt, samanlikna med andre sekkar med omlag same volum, sjølv om eg er usikker på om den held 85 L. Sett opp mot bærekomforten og dei gode løysingane derimot, synes underteikna likevel at vekta må seiast å vere i nedre sjiktet.
      Prisen på denne Ospreysekken plasserar han hverken blandt dei dyraste eller dei rimeligste. Med 3 000 kr som veiledande, ligg han nokså midt i mellom. Komfort og praktisk bruk tilsvarar etter mi meining det du kan finne i langt dyrare sekkar, men det kan tenkjast at dei dyrare modellane er hakket meir slitesterke, og noko romslegare. Testers erfaring er at få sekkar i tilsvarande eller lågare prisklasse kan matche bærekomfort, men dette er sjølvsagt også individuelt betinga. 
      Oppsummering og konklusjon
      Underteikna vil plassere Osprey Xena 85 L i kategorien  "komfortabel allrounder, med gode og gjennomtenkte løysingar, til ein overkommeleg pris". Graden av bærekomfort er høg. Pluss for gode lommeløysingar og akseptabel vekt. "Små liter" og noko korte reimar trekk ned. At sekken er smal og lang gjer at den kan vere utfordrande å pakke til skitur, der er ein gjerne vil ha lågt tyngdepunkt. På den andre sida gjer måten den er løyst på med fester og lommer, at den høver veldig godt til utstyrtunge turar, som til dømes vårskiturar på bre. At den er smal gir også rom for aktiv stavbruk og fridom for røyrsle i overkroppen.
      Dette skjedde med sekken etter endt testing
      Testar opplever at denne sekken gir ein bærekomfort som er så bra, at den enda som den "utvalgte" sekken til ei Grønlandskryssing hausten 2017. Den skal få legge "kilo til motoren" på veg opp brefallet på austkysten, og bære all last ut Austmannadalen på vestkysten, dei tre siste dagane av turen. Test vil verte oppdatert etter endt tur.
      Alle foto er frå leverandør eller underteikna.
       

    • Av Karenmariesl
      Erfaringer med Gregory sekker? Skal kjøpe storsekk nå, står mellom disse: 
      Skjult lenke - logg inn for å se den
      Skjult lenke - logg inn for å se den
       
      Erfaringer? 
    • Av Kjell Iver
      Etter høstens tur måtte jeg sende min Norrøna Svalbard sekk til reparasjon. Feilene var egentlig ikke så store. Den røde hempen var i ferd med å løsne, og den ene skulderstroppen måtte jeg ha reparert med en taustump, og en hurtigspenne var ødelagt, men lett erstattelig siden det var samme som på topplokket.
      Hadde det vært en skredder der jeg bor hadde jeg fikset sekken hos han. Jeg likte sekken veldig godt og var beredt til å betale for å få den reparert.

      Jeg leverte sekken der jeg kjøpte den, på min lokale sportsbutikk. Etter en tid fikk jeg en sms fra de med beskjed om at jeg kunne plukke en hvilken som helst ny sekk eller annet utstyr. Norrøna hadde sendt en kreditnota!
      Jeg valgte en Para Ranger.
      Sekken jeg sendte til service var ganske gammel og må vel kunne sies å vært brukt mye. Ikke bare på turer men på flyreiser og mange togreiser også. Men den har holdt veldig godt i hop de 4-5 årene jeg har hatt den. Jeg tror muligens at jeg har belastet den i det øvre området av tiltenkt bruk.
      Uansett er jeg superfornøyd med Norrøna sin kundeservice og også fornøyd over å ha handlet lokalt. Nå blir det å teste ny sekk på nyåret.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive