Gå til innhold
  • Bli medlem

Toppturer i Finnmark


Ranec

Anbefalte innlegg

Jeg har akkurat flytta til Hammerfest og lurer på om noen på dette forumet tips, erfaringer, turbeskrivelser ol fra Finnmark og dele med meg. Finner lite informasjon på internett, virker ikke som om dette med å gå i fjellet for å gå på topper er særlig utbredt i Finnmark. De store høydene finner en jo heller ikke, men store turopplevelser må det jo likevel finnes? Hva med breene? Er det noen som driver med noen slags form for fellesturer i fylket, feks på breene? Jeg har ingen erfaring med brevandring fra før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mykje av Finnmark er prega av viddelandskapet, både med og utan skog. Kyst- og fjord-strøka i Vest-Finnmark har ein del fjellandskap. Sjølv om dette er langt nord er det lite av brear i Finnmark, rett og slett pga. at det er eit heller lågtliggjande fylke, med det meste under 6-700 m.o.h. Brear finn de hovudsakleg på Øksfjordhalvøya mot Troms grense (Øksfjordjøkulen), og på den store øya Seiland like ved Hammerfest (Seilandsjøkulen og Nordmannsjøkulen, sistnemnde Norges nordlegaste bre før Svalbard). Den største landområdet inngår i den vide og breie Finnmarksvidda, men det finns grupper av cohkker og gaisser både her og der på vidda. Hammerfest er såpass langt vest i Finnmark, at de har dei høgaste fjellområda i Finnmark innanfor rekkjevidde. Avstander har ein annan tyding der nord, så ein Finnmarking meiner nok at Øksfjord ikkje er langt unna, men ver førebudd på at det er snakk om mange mil, sjølv på korte turar. Vekependlarar som jobbar i Hammerfest køyrer gjerne heim til t.d. Båtsfjord i Aust-Finnmark i helgane, dvs ein liten (??) tur på litt over 50 mil kvar veg. Dette venner en seg til.

Turtips i nærleiken av Hammerfest: Stabbursdalen med verdas nordlegaste furuskog og god fiskeelv. Aude område med lange strekk å gå, men fungerer óg som helgatur (om ein held seg i nærleiken av E 6 i Porsanger). Tek de turen til Magerøya (med Nordkapp), er det fine turar til dei snaue og opne småfjella med utsyn rett ut i Nordishavet. Turen til Knivskjellodden har eg gått sjølv, og den kan eg tilrå. I dag er det litt tilrettelagt med stiar i området. Då eg var der (1989) var det framleis få som vandra der ute, og reinen beita uforstyrra der ute like ved der eg gjekk. Sjå turskildring under "Turområde - Finnmark". Knivskjellodden er det nordlegaste punktet i Norge før Bjørnøya. Er vêret fint og havskodda er borte, er det flott å ta turen fram til kantane og sjå havet piska friskt mot klippekysten rett under beina på ein.

Ha det fint i Finnmark, og nytt høvet til turar i eit interessant område i nord.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil òg anbefala Bealljas (er ikkje sikker på om det er stava riktig, samisken min er heller redusert... Bealljas betyr "Dyreøyrer". Fjella liknar øyrene av eit dyr som ligg og lurar på jegaren) På veg opp hit vil du passera ein gamal samisk offerstein. Ingen av desse fjella er spesiellt høge, men det er heller opplevinga enn storleiken som er viktig. Viddevandring er òg fint. Mange fine fiskestadar på vegen. Pass berre på å desinfisera utstyret for overflytting til nytt vatn. Det er mykkje parasitter (eit utbredt problem i Kautokeino) og tull som ikkje bør førast vidare frå vatn til vatn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gode forslag:)

Jeg har allerede vært litt rundt i Porsanger (området rundt Olderfjord) på rypejakt i høst. Bringnes/Raksevarre/Skarvberget mm. Fint terreng her:) Men ikke spør hvor mye rype det ble....:)

Mottar nye turforslag med takk:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Planlegger å gå fra Skoganvarre via leavnnjasjavri og til Stabburselven(gaskajohka). Fiske seg ned Stabburselven, via fossekulpen som skal være flott. (Følg elven fra Stabbursnes så kommer du til fossekulpen)

Beregner 1 uke på turen, eneste bekymring er myggen.

Asbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.