Gå til innhold
  • Bli medlem

Helgetur til Grindaflet


lstokkev

Anbefalte innlegg

Bilen vart pakka med pulkane, ski, og turklede, torsdagskveld, slik at fredag var det å skifta til turklede på jobben før turen gjekk til Bergen togstasjon, bære pulkane inn på stasjonen før toget gjekk kl 1658. Irriterande at ein ikkje kan gå på toget før rett før avgang når ein har så mykje å bære. Høyrer det diskuterast om hjul sett på pulk til slike situasjonar.

Eg hadde pakka ein stor 120 l northface bag med mindre vasstette posar frå ortlieb, der ein vart fylt med dunsaker, pose, tøfler, votter, bukse. Ein med ullklede, og ein med diverse, i tillegg ein pose med mat.

Framme på ljossandbotn kl 1930, og på med ski og pulk, og innover dalen, hodelykta på, og oppover til Borgarbuvotni, måtte halde til venstre frå Ljossandberget tilfelle snøskred. Gikk vidare i flotte forhold til brui ved elvamotet, på grensa mellom Voss og Aurland, der var det opp med telt kl var 23:16, men vi tok oss tid til litt varm mat, real pasta, før vi sovna i posen. Temperaturen var rundt -8. Opp tidleg lørdag, frukost og pakke leir, avgårde kl 09:26, var snør c20-30 centimeter om natta. Og det var tette snøbyge innover, så der det gjekk nedover, brukte vi kaste skistav teknikken. Det tok si tid då på dei 8 kilometerne som var igjen til Grindaflet hytta.

Der har det ikkje vore folk sia oktober, så det tok ei god stund før det vart varme i veggane, det var -10 ute når vi kom fram og inne minus 5!

Det var snøa litt inn gjennom vindauga. Så det vart send melding til Voss utferdslag om forholda.

Vi dro avgårde kl 830 sundagen etter ein god frukost, og utvask av hytta. Flott vær utatt, lunch ved elvamotet, og deretter opp øst for kleivaskar og deretter ned til Borgarbuvotni.

Flott nedrenn herlig snø ned til stasjonen, 19 km unnagjort på 6 t. Venta på toget ein times tid, og slappa av der. På stasjonen i Bergen la vi pulkane oppå kvarandre og skia oppå der, (40 kg) og northface på ryggen ( 20kg), uti bilen og heim.

Nok ein flott tur, det går fint an å være ute om det er kaldt og mørkt og blæse:-)

post-15768-0-85616700-1423310314_thumb.j

post-15768-0-30826800-1423310364_thumb.j

post-15768-0-41139300-1423310420_thumb.j

post-15768-0-98811500-1423310501_thumb.j

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.