Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

Tenkte bidra med noen flere oppgaver her. Disse toppene er alle under 2000 meter og derfor typiske fjæresteiner. Hvor står disse 6 vardene ? Blant bildene er det 4 kommunetopper, 5 av bildene er fra øyer. Dette var dagens tips :roll:

https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1743

Mye ukjent der snilen, men prøver meg allikevel på Fjærestein1. Tipper det er fra Boknafjellet (293 moh) i Bokn, Rogaland. :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at ingen har lagt merke til dei siste bileta eg la ut linkar på, då dei står heilt utan svar.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/vaskevatnet-1.htm

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/hanekambdalen-1.htm

Gå tilbake til side 2 på tråden, og bla nedover til innlegg nr. 2 frå meg på side 2, der de finn att desse linkane. Der finn de spørsmåla som eg har stilt. Trykk på linkane.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

prøver meg på ein som kanskje er litt lettare enn den forrige eg la ut!

kva heiter fjell der langt bak?? det vert rekna som ein lokal vermeldar, er det skyfritt der, så held veret seg bra,,,

Kan det vere Tveitakvitingen, sett frå Arna eller deromkring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at ingen har lagt merke til dei siste bileta eg la ut linkar på, då dei står heilt utan svar.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/vaskevatnet-1.htm

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/hanekambdalen-1.htm

Gå tilbake til side 2 på tråden, og bla nedover til innlegg nr. 2 frå meg på side 2, der de finn att desse linkane. Der finn de spørsmåla som eg har stilt. Trykk på linkane.

Helsing Stuttjukken.

Kan prøve meg på den andre linken din Stuttjukken, den fra Hanekambdalen. Nesten som eksamen dette, med spørsmål fra A-F. :wink: Utfra kartet prøver jeg følgende svar:

A. Budeievatnet.

B. Einebærfjellet (1212 moh).

C. Urdeggi. Er usikker på om toppen på 1324 synes i bildet. :?

D. Kleivfjellet?

E. Kvervet.

F. Finnabotnen. Ser jammen ut som en skikkelig bortgjemt plass og det da! :)

Godt du har navn på bildene dine, ellers hadde ikke jeg hatt sjans ihvertfall. Men jeg lærer mye om Stølsheimen! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det vere Tveitakvitingen, sett frå Arna eller deromkring.

niks,,, såvidt meg bekjent skulle det bli litt vanskeleg å titte ut arnavågen og få auge på tveitakvitingen,,, men du er i rett fylke :? du må lausrive deg frå det faktum at eg kjem frå arna, har ikkje budd der på to år...

Nils: Finnabotn er stilig, har berre sett toppen av gryta, på veg frå Solrenningen til Arnafjord ifjor sommar, men har bestemt meg for å dra på bluesfestival der ein sommar! kanskje den perfekte stad for eit Fjellforumtreff? 2k-pervoane treng litt variasjon...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenkte bidra med noen flere oppgaver her. Disse toppene er alle under 2000 meter og derfor typiske fjæresteiner. Hvor står disse 6 vardene ? Blant bildene er det 4 kommunetopper, 5 av bildene er fra øyer. Dette var dagens tips :wink:

Ser at Fjærestein 4 og 5 fortsatt står uløst. Jeg gjør et forsøk på disse også snilen:

Fjærestein 4: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1746

- Mehammarsåto 749 moh, Stord i Hordaland

Fjærestein 5: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1747

- Trollvassnibba 432 moh, Sveio i Hordaland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt jobba Nils. Da var alle fjæresteinene løst !!!

Jeg må si at Trollvassnibba i Sveio var den fineste toppen. Ikke så mye utsikt på vei opp den krokete stien som gikk på kryss og tvers oppover, men dette gjorde det desto mere fantastisk å komme til topps. Heldig med været var jeg her også. Bildet er tatt sent på kvelden i juni, men jeg rakk oppom toppen av Bømlo også før jeg køyet. Men da hadde solen gått ned, sjå bilete !

post-480-133474405244_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg såg biletet til Kjellinge, tenkte eg på Kirkefjorden innanfor Reine, Moskenesøya i Vest-Lofoten, men var klar over at det ikkje var det. Liknande landskap finn de omkring Raftsundet mellom Austvågøya og Hinnøya, der Lofoten går over i Vesterålen. Yttersida av Senja har óg slikt landskap.

Nils klarar dette bra, ser eg. A, B, C og D er rett. Biletet med spørsmål E og F er teke mot aust, og ikkje mot nord. Hanekambdalen går inn til venstre i biletet (mot nord). Dalføret bakover forbi Budeievatnet ber mot Dunevollen og Finnabotnen. Elva i bakgrunnen, spørsmål E, kjem frå Trollabotnen. Det er den villaste fjellbotnen i Stølsheimen, med Trollavatnet på 1195 m.o.h., som det lågaste punkt inne på Urdeggi. Trollabotnen kan trygt samanliknast med eit Sunnmørsalpane i miniatyr, og de trur det ikkje før de får sjå det. Synet av botnen sjokkerte meg, iallfall, og trur de ikkje botnen eg såg frå nord på Urdeggi var så trollat at den slapp laus både skodde og sludd denne august-ettermiddagen i 2003, og forsvant i ein sky av mystikk, og utsynet mot Finnafjorden sitt utløp forsvant i same slengen. Eg har aldri sett bilete av andre stader i Norge som minnar om Trollabotnen. Eg skjønar at eg burde gått gjennom botnen ein gong, men dette skal visst ikkje vera ufarleg, heiter det. Den er iallfall heilt vill, som havbølger i orkan før vinden flatar ut bølgene. Topp 1324 på Urdeggi er langs ved Trollabotnen, men den delen av Urdeggi som ein ser på biletet, er den nordlegaste delen, der overgangen på haugane der nord når oppi vel 1260 m.o.h.

Spørsmål F er litt meir lokal enn det Nils føreslo med Finnabotnen. Biletet viser vestsida av Einebærfjellet, som rundar av mot nord (venstre). Den botnen eg vil fram til er under denne vestsida. Der finn de Tolleknivbotnen, ein bortgøymd hengebotn ovanfor Finnafjorden si sørside, like aust for Finnabotnen, ca. 900 m.o.h. På veg frå Dunevollen og vel oppe på Skrivareggi, vandrar de mot bakkane vidare opp i Urdeggi. Trekk ut mot kanten på nordsida, og de ser ned i den vakre Tolleknivbotnen. Den som ser ned i den botnen forstår kva for bortgøymd paradis den botnen er. Eg har høyrt om folk som har kome seg inn i Tolleknivbotnen nede frå fjorden, med tilhøyrande akrobatiske øvingar undervegs. Normalt sett er botnen først og framst tilgjengeleg ovanfrå, ved å trekkja utover Skrivareggi, istadenfor å gå mot Urdeggi. Der kan ein ta seg greitt ned i botnen frå vestsida. Dette er staden for folk som vil gøyma seg bort i Stølsheimen, med lang og krevjande retur, sjølv om Finnafjorden er få steinkast unna. Så er no området ved Finnafjorden og vidare mot Arnafjorden paradiset mitt i Stølsheimen, då, sjølv om det går nokre år mellom kvar gong eg tuslar der inne bileta er i frå.

Nils, ein gong de skal ha ein tur i eit for deg no ukjend område, veit de no kvar de skal setja kursen. Og er det klarvêr, så ser de Jotunheimen. Ta med deg Eaa.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.