Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Om jeg skal tippe utfra ledetrådene, så ville jeg tippe på at du (nesten) er på Svinøy fyr og da er fjellet kanskje Mulefjellet på Nerlandsøya??

Svært godt gjettet. Jeg er i Skorpesundet (i båt), altså nesten på Skorpa (jeg var på Keipen) og ser

mot Skagetåa på Nerlandsøya.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

Synes jeg har vært slem og vrien med min quiz, så her skal dere få et kjent og kjært vestlandsfjell.

Det er toppen til venstre vi skal frem til.

Hornelen må det vel være, selv om jeg holdt på å la meg lure da du tok en motsatt "ods" :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

No er det snart 2 veker sidan eg var innom her. FU sitt bilete er frå ein topp som eg var like i nærleiken av i går. Sjølv toppen har eg tenkt å ta turen til eit anna år. Biletet er frå Rambertinden på Rambera søraust for Vik i Sogn, 1623 m.o.h. Litt lenger sør er Ytstevarden på Nummestolane, 1640 m.o.h. Eit av bileta hans viser eit dalføre med Fresvikbreen like bak, og i går var eg ein tur i dalen han tok bilete av frå toppen. Snøen har minka mykje sidan biletet til FU er teke, og no er det for det meste kun blåisen i fonnene som er att der inne, men eg kjende att snøfonnene som hang i fjellsidene rundt dalen. Gårsdagens tur gjekk inn dalføret sørover frå Feios, og nedi der opplever ein storheita fjella der inne viser. Fossen i biletet rann stor og frisk i går, slik at elva var for stor til å koma over. Eg hadde tenkt å gå litt oppover mot Nummestolane, men elva var for stor. Det har vore 2 varme dagar der inne no, så smeltinga av blåisen skaut fart. Turen frå Feios til Svartavatnet mellom Nummestolane og Fresvikbreen var ca. 10 km. kvar veg på god sti. Ved Gullsete reiste Hestfjellet seg dramatisk og flott over dalen. Hestfjellet er ryggen like aust for toppen av Rambera der FU stod. like nord for Rambertinden kjem det ein liten, men flott brearm ned øvst i eit dalsøkk rett under Rambertinden, men namnet Steinbotnbreen. FU passerte truleg denne, like nord for toppen.

FU kunne godt ha fortalt om denne turen i kategorien turrapportar. Det hadde vore interessant. Ta gjerne turen innover frå Feios ein annan gong, for der opplever ein kor dramatisk og storslagen Rambera og Nummestolane er. (Det gjer ein forresten inst i Seljedalen i Vik óg).

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Sidan Vestlandet er litt internasjonalt "småhot" i kveld etter National Geographics kåring av Vestlandsfjordane som det beste av alt (igjen), kjem ein ny Vestlands-quiz: Kva fjell ser me her?

post-908-133474440876_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er riktig det!

Turen frå Grindaflethytta over Stiganosi og ned til garden Stigen ved Aurlandsfjorden er vel kanskje ein av dei finaste fjellturane det går an å ta i det heile.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kunne godt ha tenkt meg å gå over Steganosi ein gong, ja.

Kan henda at nokon kjenner seg att her i dette praktfulle fjellområdet. Eg har sett fjellet nokre gonger før utan å ha vore der, men eg har vore på ein av dei lågare nabotoppane til utanfor venstre biletkant. Kva heiter vatnet, og toppen med snøflekkar som forsvinn oppe i skodda, tru? Dette er andre gong eg har vore ved dette vatnet, denne grå septemberdagen før i haust. Hintet må vera at fjellområdet kjem i skuggen for fjellområda litt lenger nord, men eg likte å gå der inne eg, ikkje minst på ski (1990, trur eg). Her er flotte nedrenn med utsyn mot fjord og hav.

1d324800.jpg

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er utanfor våre nærområde, FU, men det er så absolutt på Vestlandet. Me er her like utanfor kjerneområdet til våre fjellfantar som tinderanglar når dei er til fjells. Hugs at det stod noko om utsyn over fjordar og hav, når ein er på toppane her inne, eller her ute, alt etter kor ein ser det.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva heiter vatnet, og toppen med snøflekkar som forsvinn oppe i skodda, tru?

Eg gjer eit forsøk, sjølv om det er skodde og lenge sidan eg evt. var der,

men kan det vere Lisjebøvatnet og Trollvasstinden som gøymer seg bak skodda i høgre biletkant?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var nettopp deg, Krekling, eg tenkte på, men eg kom berre ikkje på nicket ditt. Eg rekna med at de hadde vore der. Svaret er heilt rett, Krekling. No er no desse "Folkestadsalpane " i skuggen for Sunnmørsalpane, men du verda kor flott det er å stå på toppen av Sandhornet/Blåfjellet til venstre nord for vatnet og sjå ned på fjordane, ut i havet og rett inn i Sunnmørsalpane i området Ørsta og søre delen av Hjørundfjorden. Sandhornet byr på eit vakkert skue mot Saudehornet og Kolåstinden i Ørsta. På sommarstid kan ein berre rusla frå Lillebøvatnet og opp til Sandhornet (kan óg nåast frå dalføret innover frå Folkestad ferjekai), men det er finast med skiturar her.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg gjer eit forsøk, sjølv om det er skodde og lenge sidan eg evt. var der,

men kan det vere Lisjebøvatnet og Trollvasstinden som gøymer seg bak skodda i høgre biletkant?

Har klødd meg i hue et par dager nå og lurt på hvordan i all verden jeg kunne unngå å se at det var Lisjebøvatnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No når vintermørket snart legg seg over landet, kan det vel passa med eit lite "flashback" frå ein varm dag tidlegare i haust :(. Kva heiter fjella i disen i bakgrunnen, og kor står fotografen?

post-958-133474441781_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No når vintermørket snart legg seg over landet, kan det vel passa med eit lite "flashback" frå ein varm dag tidlegare i haust :wink:. Kva heiter fjella i disen i bakgrunnen, og kor står fotografen?

Kan bakgrunnen vere Lihesten/Lifjellet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.