Gå til innhold
FU

Vestlands-fjellquiz

Anbefalte innlegg

Fjell-quiz'ane har vel blitt Fjellforums største suksess nokon sinne i antal innlegg. Dei fleste toppane har vel vore frå Jotunheimen og andre "viktige" toppar. Startar her ein tråd med toppar frå Vestlandet som me kanskje ikkje les like mange turrapportar frå, men som sikkert enkelte kan ha glede av å gjette på? Kva ser me her?

post-908-133474404571_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

E..., eh......., kremt, Storeflåtten, nordvest-hjørnet av Hardangervidda, mellom Sørfjorden og Veigdalen. Står de framleis på Svartenut, FU? Elles er Storeflåtten fin å sjå frå høgdene mellom Bordalen (mellom Voss og Hardangerfjorden) og Granvinsvatnet.

Me får vona at Eaa, Nils, Morten, Svein, gi, Kim, Andersno, og ALLE andre går inn her óg. Jarle og Kjellinge, m.fl., kom med bilete her. Svein, gi og andre frå Mørefylket må ikkje gløyma at dei er ein del av Vestlandet, dei og, saman med Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane. Og Jotunheimen ligg på Vestlandet, det óg, det som høyrer til Luster og Årdal kommunar, og det er ein bra bete av Jotunheimen, det. Me tek med oss heile Møre og Romsdal i denne samanhengen, ikkje berre Sunnmøre.

Så vonar me på bilete å gjetta på frå mange område frå Bjerkreimsheiane/Dalane i sør, og vidare gjennom Ryfylkeheiane, Etne-fjella og Sauda-fjella, Stord/Tysnes, Hardangervidda, Folgefonna, Bergensbanen, Kvamskogen, Byfjellene, Bergsdalsfjella, Vossefjella, Undredalshalvøya, Fresvikhalvøya, Stølsheimen, Breheimen/Jostedalsbreen, Balestrandfjelli, Vest-Jotunheimen, diverse Sunnfjordfjell, diverse Nordfjordfjell, Sunnmørsalpane, Romsdalsfjella, Mørekysten, Sunndalsfjella, Trollheimen, + ALLE fjellområde vestpå eg ikkje nemnte i denne rekkja.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

skal ta ein titt i arkivet når eg kjem heim,,, om ikkje anna har eg ein del til arnt og stuttjukken...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Stuttjukken er uråd å setje fast... :?:

Storeflåtten (1616 moh) er synleg frå mange stader. Biletet er ikkje frå Svartenut, men frå Nipene (938 moh) ikkje så veldig langt frå den T-merka ruta mellom Vinje/Engjaland og Torvedalshytta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stuttjukken er uråd å setje fast... :?:

Her tenkjer eg han ikkje har vore.

Kva heiter toppen i bakgrunnen, og kvar er bilete teke?

post-517-133474404581_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

denne er kanskje litt utradisjonell, sidan det ikkje er ein topp... men tenkte å slenge han ut mens eg leitar etter nokre andre bra,,,

post-339-133474404587_thumb.jpg

post-339-13347440459_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Steinkvelven, er det den over Breiåna ovanfor Fodnastølsvatnet? Hardangervidda vest.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Visst kan eg setjast fast, FU. Det er no eingong slik at det i realiteten ikkje er menneskeleg å vita meir enn ørlite grann. Spør Morten og Julia om dei veit alt om Jotunheimen, sjølv om dei har skrive boka og har gått alle rutene der. Sjølv om me andre kan synast at dei veit alt om Jotunheimen, veit dei nok for mykje om Jotunheimen til at dei svarar ja til det. Det er no berre flaks at eg har visst kva FU sine bilete har vist, så langt, rett og slett fordi eg har sett det same fleire gonger.

Eg har ikkje gått på Hardangervidda, og vil av den grunn ikkje ha rede på bileta til Jarle, denne gongen. Eg har sett brua på biletet hans på andre bilete før, men noko meir veit eg ikkje om det.

Agnar er i stand til å finna mange bilete, truleg dei alle fleste bileta hans, der eg ikkje har peiling. Likevel vil eg tippa på biletet hans denne gongen. Eg tippar på ein eller annan (kjend?) varde nært Lundeskardet, på overgangen og den gamle breruta over Marabreen (i Jostedalsbre-området) mellom Lunde i Jølster og Fjærland. Ein kik på kartet fortel at det er eit fjell i nordvest som heiter Bjørga, så det er mitt forlag til kva fjell som er i bakgrunnen. (Snønipa er litt lenger nord).

Trykk på linken nedanfor.

http://www.stoelsheimen.no/galleri/vaksdal/b/pages/Moadalane-1.htm .

Kva heiter fjellet bak til høgre? (PS, den er grådig lett).

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kva heiter toppen i bakgrunnen, og kvar er bilete teke?

Snønipa frå Gallen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Heilt rett, så du må ha gått turen frå Fonn til Tungastølen?

Nei, den turen har eg til gode, men Snønipa er så karakteristisk at det var berre å peile seg inn på kartet :?:

Må legge til at eg har vore på Snønipa eit par-tre gonger, og elles vore ein del på tur i området ved og på breen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

steinkvelven er den over breiåni ja,,, på min mest tåkebelagte dag på hardangervidda nokon sinne! gjekk stavali - lofthus aleine, i 50m sikt,,,

det andre biletet er ikkje frå hardangervidda. det ligg i eit fjellområde som stuttjukken har køyrt buss gjennom, men på bortsida i forhold til den ruta eg tenkjer på,,, mogleg du har køyrt på denne sida og??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det kan nok det, Nils. Kjerringfjellet er eit lett kjenneleg fjell som ein kan korrigera etter på turar i dette området i Bergsdalsfjella.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Har sett litt på fjell-quizane, og fekk lyst til å prøve med eit Vestlandsfjellparti.

Nokon som kjenner desse toppane?

Her va da lite respons, Krekling. Er bildet frå Fjordafylket, eller lenger sør??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kjerringfjellet er eit lett kjenneleg fjell som ein kan korrigera etter på turar i dette området i Bergsdalsfjella.

Helsing Stuttjukken.

"Lett kan korrigera..." Hva mener du med det, du mann med godt humør (ihvertfall iflg. omkvedet i visa... :roll: )?

Normalt er jo ikke et fjell så lett å korrigere da...! :wink:

Må ellers si at jeg føler meg en anelse bortkommen i vestlandsquiz'n.

Er totalt ukjent landskap for meg dette, og det blir i sannhet mye å velge på når man nærmer seg 1000 moh i tillegg!

Dessverre mest for "locals" kanhende. Men interessant lell! Følger gjerne med, men uten å kunne bidra særlig sjøl. :shock:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
"Lett kan korrigera..." Hva mener du med det, du mann med godt humør (ihvertfall iflg. omkvedet i visa... :shock: )?

Normalt er jo ikke et fjell så lett å korrigere da...! :wink:

apropos tråden om forumspråk... Det handlar ikkje om å korrigera fjellet, det handlar om å korrigera etter fjellet.

E

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
apropos tråden om forumspråk... Det handlar ikkje om å korrigera fjellet, det handlar om å korrigera etter fjellet.

Hmmm... ok. Og det betyr? :wink:

(du må nok fóre meg denne med teskje, er jeg redd)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ein fjelltopp kan vera god å korrigera etter i dårleg ver, eller når ein har lagt att både kart og kompass heime. Ein slags vegvisar, slik Hårteigen er det på Hardangervidda. Toppen er (truleg) synleg frå fleire kantar, og det er lett å kjenna han att, slik at ein kan korrigera kursen etter han.

E

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Korrigere = gjøre om (til riktig), du ser fjellet og tenkjer "oi i svarte ********, no har eg gått feil! godt eg kan rette opp att kursen i forhold til det fjellet"...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ahh, på den måten! Jeg vet jo selvsagt hva ordet korrigere betyr, men det her var en litt uvant vending.

Har faktisk ikke hørt uttrykket i det hele tatt før. Herover sies det at et gitt landemerke kan være fint "å orientere seg etter" eller "å navigere etter", mens uttrykket "å korrigere etter" nok er meget sparsommelig brukt. For først må man jo ha kommet litt skjevt ut - før man må korrigere, mener jeg... :wink:

Men da har jeg lært noe i dag óg - og det var jo på tide, for det er jo snart leggetid! :shock:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Her va da lite respons, Krekling. Er bildet frå Fjordafylket, eller lenger sør??

Nei, desse fjella ligg nok ikkje i Fjordane, nei......

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ein fjelltopp kan vera god å korrigera etter i dårleg ver, eller når ein har lagt att både kart og kompass heime. Ein slags vegvisar, slik Hårteigen er det på Hardangervidda. Toppen er (truleg) synleg frå fleire kantar, og det er lett å kjenna han att, slik at ein kan korrigera kursen etter han.

E

I dårlig vær ser man ofte ikke så mye, og svært sjelden så veldig mange meter. En fjelltopp her og der kan ikke på noen måte erstatte kart og kompass.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.