Gå til innhold
  • Bli medlem

Jonshøgdi-Høgabu


Gjest Anonymous

Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous

Turen Jonshøgdi-Høgabu er ikke omtalt i "til fots i norge", vet noen om hvor jeg kan få tak i en turbeskrivelse?

På forhånd takk!

Mvh

Andreas

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Vel framme frå Jonshøgdi (Kvamskogen) til Høgabu, går det stiar vidare mot Kvitingen (Samnanger), Vaksdal, Dale, Li og Småbrekke (begge i Bergsdalen). Å halda fram mot Dale eller Småbrekke er fine ruter. Om sommaren må Bergsdalsbussen tingast, tlf.: 56 39 38 40, då det ikkje er "faste" avganger. (Har køyrt denne ruta ein sommar (2003), og kjenner ruta godt. Det var den sommaren eg parkerte bussen i Bergsdalen etter siste ruta, skifta til turtøy og spaserte til t.d. Liastølen og Dystingen, før eg køyrde bussen ned att i Staveneset (Vaksdal) og parkerte for kvelden). Treng de overnatting i Bergsdalen, kontakt Helge Terje Fosse på Li (der stien møter vegen etter brua, og litt til venstre). Dermed kan de halda fram dag 3, t.d. frå Berge eller Holeberg (Alexander Grieg-hytta) og over fjellet til Bolstadøyri, (tog/buss til Bergen eller Voss). (Om de vil er det berre å fortsetja rett nordover via Eksingedalen og Modalen til Sognefjorden, 4-5 dagar til).

God tur frå Jonshøgdi til Høgabu, og vidare.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Hei!

Sitter og lurer på om jeg skal gå fra Bergen til Voss og lurer på om noen har kjennskap til ruten Gullbotn - Høgabu?

Mvh

Stian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nok ingen eksakte ruter mellom Gullbotn og Høgabu. Her må ein velja om ein kun skal gå i terrenget, eller om ein skal gå lange vegstrekningar i Samnanger. Når eg ser på kartet, kan kanskje følgjande rute vurderast, mykje av ruta på fri hand i terrenget utan stiar. Det må takast høgde for at ein må gå lange omvegar for å omgåast høge stup i rotete terreng, stup som ikkje kjem fram gjennom kotane på kartet. Skulle eg gått frå Gullbotn til Høgabu, utan å gå på veg, ville eg prøvd følgjande rute: Gullbotn mot nord - Kråmyrane - sørenden av Skulstadvatnet - på sti til Holmavatnet - Nordviksætret nord for Fitjavatnet - nord for Vardane til Bogaskardet - aust-nordaust over Gråfjellet - mot nord over Storafjellet (Norheimsunds-kartet) - mot nord, vest for Smørtjørna - mot nordaust over ryggen søraust for Klenavatnet - mot nordaust og kryssa Herfangsgjelet - passera aust for osen sør i Herfangen - nordaust Herfangsdalen - Trekkja inn på T-merka sti som kjem frå Vaksdal/Herfindalen - over høgda til Høgabu.

Slik kan ein unngå å treffa på veg undervegs mellom Gullbotn og Høgabu, men om det er så godt å gå er ein annan sak. Eg har ingen planar om å prøva akkurat dette sjølv, men i så fall hadde eg sett på denne ruta som eit eksperiment, som eg trur eg måtte justert mange gonger undervegs, nettopp pga. av at eg ikkje hadde kome fram forbi stupa som ikkje går fram av kartet. Likevel vil det nok vera mogleg å koma seg fram til slutt. Desse Bergensbuene gjer ikkje akkurat framkomsten i området enkelt, trur eg, men eg er sikker på at det går an. Sjølv har eg gått på Hananipa, og i Kjøndalen (Tjørndalen) ved Langhelle.

Sjølv ville eg valt kombinasjon med veg. Via Samnanger ville det vorte mykje trasking på veg: Ruta er Gullbotn - Holmavatnet - Nordvik - Bjørkheim - Haukanes - Haga - over Tysselandsdalen til tveit innanfor Frøland - oppover dalen til regntunge Kvitingen - på T-merka sti til Høgabu. Eg trur helst eg ville gått via Vaksdal, og då er ruta følgjande: Gullbotn - Skulstadvatnet - Hananipa - Vindskardet - Kjøndalen (står Tjørndalen på kartet) - Langhelle - lurt meg gjennom Kjenestunnelen og etter stamvegen til Bogetunnelen - gamlevegen om Boge og Vaksdal - oppover i Herfindalen - på T-merka sti innover gjennom Herfangen til Høgabu.

Lukke til.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Hei Sian.

Eg gjekk motsatt veg for14 dg. sidan, Voss- Bergen. Eller rettare sagt Bulken- Bergen.Eg gjekk ikkje om Høgabu, men ellers ein del av ruta som "Stuttjukken" ville valgt. Eg starta på Bulken stasjon. Gjekk litt på veg før eg gjekk over Sandfjellet og ned på Skjerstølen. Vidare på sti i Lundaholmen, over Hamlagrøhorn og Krampane til Småbrekkevatnet. Opp den gamle militærvegen mot Kvitingen. Ta av frå stien sør om Hesten(i krysset der det går t-merka sti til Høgabu). Kryssa elva sør for Herfangen, på nordsida av Smørtjørni, og på sørsida av Svartavatnet, mot Stabben og ned i Bogaskardet. Kryssa bekken mellom Futavatnet og Fitjavatnet. Vestover sør for Raudvatnet og Holmavatnet. Over Raudfjell, sør for Krånipa, og ned til Gullbotn. Turen var fin den. Hadde med telt og sovepose.

Mvh. Anders O. Skjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Hei Sian.

Eg gjekk motsatt veg for14 dg. sidan, Voss- Bergen. Eller rettare sagt Bulken- Bergen.Eg gjekk ikkje om Høgabu, men ellers ein del av ruta som "Stuttjukken" ville valgt. Eg starta på Bulken stasjon. Gjekk litt på veg før eg gjekk over Sandfjellet og ned på Skjerstølen. Vidare på sti i Lundaholmen, over Hamlagrøhorn og Krampane til Småbrekkevatnet. Opp den gamle militærvegen mot Kvitingen. Ta av frå stien sør om Hesten(i krysset der det går t-merka sti til Høgabu). Kryssa elva sør for Herfangen, på nordsida av Smørtjørni, og på sørsida av Svartavatnet, mot Stabben og ned i Bogaskardet. Kryssa bekken mellom Futavatnet og Fitjavatnet. Vestover sør for Raudvatnet og Holmavatnet. Over Raudfjell, sør for Krånipa, og ned til Gullbotn. Turen var fin den. Hadde med telt og sovepose.

Mvh. Anders O. Skjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Hei Anders.

Bedre tilbakemeldinger enn fra deg og Stuttjukken kunne jeg ikke ha

håpet på. Hjertlig takk igjen.

Mvh

Stian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at ein Anders O. Skjelde frå Vikje (Bulken) har skrive her. Eg traff forresten naboane hans i går, Mons Lunde og syskenbarnet Knut Lunde (bur i Oslo). Eg hadde meg ein tur frå Flodvikane ved Hamlagrøvatnet, og gjekk inn i Lundaholmen, ei sjeldan vakker naturperle av ein støl i vakre omgivnader. De hadde gått turen mot Gullbotn i motsett retning. Frå den kanten er det nok letttare å staka ut kursen, då det er mykje lettare å justera seg i forhold til bratte stup og slikt. I området med Bergensbuene (geologisk bergarts-område) og vidare utover plar stupa snu seg mot aust, og er gjerne litt vonde å koma ut for når ein går frå vest. Kanskje det ikkje var så mykje av stupa likevel.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Til "Stuttjukken"

He,he..... Litt merkeleg samantreff. Eg var og i Lundaholmen i går(13.07)på fisking, og traff dei same karane. Og, einig med deg: da er fint i Lundaholmen.Og da er rett att eg er frå Skjelde, men bur ikkje der no.

Helsing Anders O Skjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Slutten av Juni var det ikke mye snø på Sandfjellet da??

Mye av dette området ligger på 1100-1300 mtr :wink:

Du hadde vel med deg mer enn bare sove pose og telt :wink::D

Levde du av fiske hadde det vært ok å høre om det.

Hvor mange dager brukte du Anders?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei kis.

Det Sandfjellet det her er snakk om ligg sørvest av Bulken, og ligg mykje lavare enn 1100-1300 moh. Det står Sandfjellt på kartet, men det heiter egentlig Samfjellet. Området(Samfjellet), er for øvrig "øydelagt" av overivrige grunneigarar\hyttebygging,

He he.. Hadde meir enn sovepose og telt ja. Hadde kokeutstyr, mat for 4 døgn, klær, kart, kompass, gps og ellers det ein har bruk for på ein liten tur. Alt gjekk opp i ein 60 liters sekk. hadde ikkje fiskeutstyr med. eg hadde berre tida til å gå, eta, sova OG nyta. Brukte akkurat 4 døgn på turen. Som planlagt. Variert og Fin tur. Litt gåing på veg i Espelandsområdet.

Mvh. Anders

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.