Gå til innhold
MrPetzel

Fiske i/rundt Jotunheimen?

Anbefalte innlegg

Jeg har tenkt meg til den vestlige delen av Jotunheimen i sommer.

I første rekke skal jeg bestige topper i Hurrungane, men jeg er også en ivrig fisker!

Noen som har et tips eller to til fiske i området?

Alle svar mottas med takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg er ikkje kjend med fiskevatn i Vest-Jotunheimen, men kan kanskje få deg på sporet likevel. Kvifor ikkje kombinera høgt og lågt på turen, det er ikkje lang veg frå klatreveggane i Hurrungane og ned til Lustrafjorden, der de kan prøva fjordfisket. Kontakt Turtagrø Hotell, Sognefjellshytta og bomvakta på fjellvegen Årdal - Turtagrø, så kan kanskje dei vita om gode fiskevatn i nærleiken. De kan óg kontakta grunneigarane inntil Hurrungane om fiskevatn. Sjølv kjenner eg ein triveleg grunneigar på Skagen i Fortun, garden som er grunnlaget for namnet Skagastølstindane. Slå opp i telefonkatalogen for Sogn og Fjordane, Luster kommune, og finn fram til Svein Arvid Skagen. Han fortel deg det han veit, og rettleider deg vidare til andre lokale folk i området som veit meir enn han. Svein Arvid og Signy Haldis Skagen er ein triveleg bondefamilie i Fortun, på ein gard der dottra og svigersonen (Wenche (tidlegare Skagen) og Øyvind Samnøy) truleg har overteke drifta. Dei har halde ved like stølen Skagastølen (Skarsstølen), som ligg ovanfor vegen mot Årdal, vel 1 km. frå Turtagrø, der eg har vore fleire gonger, og fått traska både til hytta på Bandet under Store Skagastølstind, og oppover Dyrhaugsryggen, samt Fannaråki og andre turmål. Køyrer eg over Sognefjellet eller Årdalsfjellet, stoppar eg framleis på Skarsstølen og nytar den flotte seinsommarstemninga frå selsbøen på Skarsstølen, før eg køyrer vidare. Der kan eg berre sjå oppover og nyta synet av både Fannaråki og Skagastølstindane med eit dryss av nysnø i glødande kveldssol........................

God tur med tau og fiskesnøre.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anonymous

Var i Jotunheimen for mokre år sidan, med fiskestang. Og me fekk mykje fisk!! Me var i området kring Gjendetunga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.