Gå til innhold
Stuttjukken

Stølsheimen

Det er 3545 dager siden det var aktivitet i denne tråden. Det er fullt mulig å svare, men du kan jo vurdere å starte et nytt emne?

Anbefalte innlegg

Eg kunne tenkja meg ei temaside, der fjellfolk kunne skriva innlegg om sine opplevingar i Stølsheimen, og andre ting som har med Stølsheimen å gjera, naturvern, kraftutbyggjing, m.m., jau, kva som helst om Stølsheimen. Stølsheimen er ikkje det mest kjende fjellområdet i Norge, og fortener å koma meir i fokus. For orden skuld er Stølsheimen området frå E 39 (Romarheim - Matre - Oppedal) i vest til rv. 13 (Voss - Vik) i aust, samt mellom jernbanen (Dale - Voss) i sør til Sognefjorden (Oppedal - Ortnevik - Arnafjorden - Vik) i nord. I tillegg vil eg trekkja med 2 område rundt, for å gjera området litt meir komplett. Det gjeld Fjonfjella mellom Austfjorden og E 39 (Romarheim - Matre) og fjella utover i Gulen i ytre Sogn i vest, samt Fresvikhalvøya mellom Vikjafjellet, Vik - Vangsnes - Feios - Fresvik i nord, Nærøyfjorden i aust og Vinje - Stalheim - Gudvangen i sør. Frå gammalt av heitte det "Stølsheimen, frå havet i vest mot Nærøyfjorden i aust, frå jernbanen i sør til Sognefjorden i nord.

Sjå på område "Sunnmøre". Der har dei nokre gonger hatt konkurranse med spørsmål om kvar det og det biletet kjem i frå. Det kan me få til i Stølsheimen óg.

Det er berre å gå i gong med innlegg.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Stuttjukkens interesse for Stølsheimen er notert i fleire innlegg. Du skriv at det frå gamalt av heitte Stølsheimen. Alt er relativt, også alder. Området vart først kalla Steinslandsheimen av Gjert Bonde som var sterkt bidrog til å gjere bergensarane merksame på området rundt 1930. Først ei stund etter krigen kom nemninga "Stølsheimen" i bruk.

Fokuset på Stølsheimen (eller Steinslandsheimen) var var det altså Bonde som stod for, først og fremst gjennom ein artikkel han skreiv i Bergens Turistforenings (dagens Bergen Turlag) årbok for 1929. Stuttjukken og andre kan kanskje ha interesse av å lese den. Eg har ikkje orka å ocr-lese den, men den ligg her (i litt vaklande filformat...):

Skjult lenke - logg inn for å se den

Skjult lenke - logg inn for å se den

Skjult lenke - logg inn for å se den

Skjult lenke - logg inn for å se den

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg ser at "fulvund" greip fatt i det eg skreiv om at området frå havet i vest til Nærøyfjorden i aust frå gammalt av heiter Stølsheimen. Tanken slo meg etter at eg hadde skrive dette at denne ordlyden kunne vera litt uheldig. Det er heilt rett at namnet Stølsheimen dukka opp omkring tida etter krigen. Veteran i Bergen Turlag, Birger Refsdal i Bergen (Eidsvågneset), fortalde meg korleis namnet Stølsheimen dukka opp på den tida. Før den tid vart eit avgrensa område i nordaustre dalføret ovanfor Steinsland i Modalen med stølen Steinslandsstølen i midten vart kalla for Steinslandsheimen fram til krigsåra. I Kjenn ditt land (seinare Bergen Turlag her vest), då veteranen Reidar Stiegler var mest aktiv i mellomkrigsåra, var dei på turar i områda innover frå Indre Osterfjorden og Masfjorden, og den gongen omtala dei området som Modalsheimen.

Det er greitt å få presisert dette med alderen med namnet Stølsheimen. Mange av fjellområda rundt om i Norge har heller nye namn, og enkelte av fjellområda har fått namna sine fastslått dei siste 5-20 åra. Flott, "fulvund", og takk skal du ha for innlegget. Både du og andre er velkomen med innlegg.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Turtips i Stølsheimen akkurat no i månadskiftet mai - juni:

1. Fottur; Kalvedalen i Fjonfjella vest for Romarheimsdalen (og vest for sentrale Stølsheimen). Det er nok langt på veg farbart til fots der no, men ver obs elvar i vårflaum.

2. Skitur; Helland i Modalen - Skavlabu - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik.

3. Skitur; Straume i Modalen (til fots opp lia, og berer ski) - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik.

4. Skitur; Evanger/Brekkhus - Vålahytta - Tvinnestølen - Voss (til fots ned frå fjellet).

Andre stader i Stølsheimen er det full vårløysing no, så ver obs opne elvar og utrygge snøbruer.

Snart er det sommar!

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anonymous

Stuttjukken,

Ikke akkurat Stølsheimen, men close enough..

Jeg er totalt ukjent med Rambera, men har lyst på en junitur (fot og ski) over der.

Helst rundtur med start og slutt samme sted. Er det greit å gå opp via Nummedalsstølen, over Rambertinden og Nummestolane og ned Øvstedal?

Det kan være så bratt det bare vil bare det ikke er rasfarlig eller klyving som bør gjøres uten ski.

Noen synspunkter?

Arnt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Arnt (Flatmo, trur eg).

Du nemnte på tur til Rambera og Nummestolane. Kontakt Torstein Hønsi i Vik, som drifter heimesida www.vikjavev.com. Han har gått eindel oppe i Ramberatraktene, og kan nok gje deg eindel tips. Elles nemner eg at du, Arnt, har ei flott heimeside som eg har følgt med på i fleire år.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anonymous

Takk for svar, "Stuttjukken".

Jeg skal ta kontakt med ham. Håper du følger med på siden videre.

Det blir nok flere turer :)

Arnt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fersk snørapport frå ein stad i Stølsheimen. Nokre jernbanefolk frå Voss var på isfiske på Svartavatnet (1061 m.o.h.) under bergveggen i Skjellinganosi, litt vest for Skjelingen på Vikjafjellet. Bileta tyder på at det er greitt å gå skiturar frå Vikjafjellet og inn i Stølsheimen (mot Selhamar eller Åsedalen) framleis. Sjå bileta på www.lokmartin.net, og klikk i menyen på "31. mai. Isfiske i høgfjellet". (Best å nemna det no, for sommaren nærmar seg i fjellet óg, sjølv om den kalde lufta bremser som best den kan). Det er nok ikkje lenge til raudsildra blomstrar, trur eg, og finns i bra mengder på hogg-skarvane nord for Skjellinganosi.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Føreforhold i Stølsheimen, 7. juni. No kan ein køyra opp til Stølsvatnet, og gå der ifrå. Om få dagar er snøen tint ut av vegen dei siste 50 metrane opp til parkerings-plassen på nordsida av vatnet. Stien innover på nordsida av Stølsvatnet kan no gåast til fots, men det ligg ein del fonner som må kryssast, nokre veker til ned i søkkene. Dermed kan ein gå innover til Solrenningen. Langs sørsida av Stølsvatnet er det mykje snø endå, og det same gjeld vidare innover Berdalen til Halsetsstølen og Åsedalen. Bruene i Stølsheimen vert lagt ut om nokre veker.

Elles må det nemnast at finaste turen frå Modalen til Solrenningen er å følgja den gamle stølsvegen frå Steinsland/Heimdal, og gå innover Steinslandsdalen, og gå på anleggsvegen kun på midtre strekket i dalføret mellom Steinsland og Stølvatnet, for så å fortsetja opp den særmerkte hellestien i Verkalii til Stølsvatnet, og gå på litt veg forbi demningen og dermed ber det på stiane innover i Stølsheimen. I skrivande ligg det snøskreder over stien i Verkalii, men det tiner snart.

I dag labba eg innover den nedste fjerde-delen av Steinslandsdalen frå Heimdal på den gamle stølsvegen. Ein herleg spasértur i vår-skogen under dei stupbratte fjellsidene under Måni og Smørstakken, med fuglasong, gylne og nyutsprutte eiketre, travle hestamaur og tyttebær, blåbær, tranebær og molter i blomst. Når det er sagt kan ein framleis gå på ski i store delar av Stølsheimen, endå i nokre veker til.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det var spørsmål etter snø- og fottur-forholda frå Stølsvatnet til Åsedalen. (Sjå under tema Aurlandsfjellet). Stølsvatnet er fermart til fots på nordsida, men eindel snøfenn i søkk og bekkar må påreknast. Sørsida av vatnet er nestan slett av snø. Stølsvatnet er isfritt. Den delen av Berdalen som er synleg frå vegen ovanfor demninga ved Stølsvatnet er tilsynslatande dekka med litt over 50% snø, og elles snøberre rygger. Då må ein rekna med at det er skiføre frå innst i Stordalen, og forbi Halsetsstølen til Åsedalen, samt delvis opne elvar med skumle snøbruer elles og utrygg is på både Halsetvatnet og andre vatn. Du kan no gå frå Stølsvatnet til Solrenningen, men vent 2-3 veker før du går i Åsedalen. Parkeringsplassen kan køyrast til om få dagar. Har du spade med for å skuffa snø i siste fonna før parkeringsplassen, kan du køyra i dag. Vegen vert ikkje brøytt. Dessutan er framleis eindel av parkeringsplassen dekka av snø óg.

Skal du til Åsedalen med det same, ta med deg skiene og dra til Skjelingen på Vikjafjellet, og gå på ski via Bjergane, evt. Selhamar, og Rappen, men ver obs. store snøskavlar som kan medføra store omvegar, samt unngå islagde vatn under 1000 m.o.h., og ver obs elvane under snøen. Går du via Selhamar, gå mot Rappen via Treverkavatnet (1003 m.o.h.) nordaust for Raudberget, og trekk over Grøne-bakken, og innom Rappavatnet. (Dette finn du på kartet). Sjølv gjekk eg på sommarskitur åleine utan å sjå folk der inne i 1997, nokre dagar før jonsok det året. Tredagars-tur etter følgjande rute: Skjelingen/Vikjafjellet - Svartavatnet (1061 m.o.h., sjå bilete på link "lokmartin...." lenger oppe på temasida) - Bjergane - Raudbergdalen - Selhamar (hytte) - austsida av Raudberget - Treverkavatnet - Grønebakken - nord for Rappavatnet - Rappen - Killingdalseggi (med snøskavlen "Den kinesiske mur") - Dyredalen - Tindafarangen - Grautaleitet - Åsedalen (hytte, sogningane seier Aosdaln) - forbi Halsetvatnet - Halsetsstølen - Stordalen - Berdalen (her måtte skiene av, noko dei må etterkvart no i år óg) - innom Stølsvatnet til Steinslandsstølen (ved osen i Solrenningsvatnet) - langs nordsida til demninga i Stølsvatnet - Steinsland i Modalen. Turen kan eg tilrå som sommarskitur, og no er det rette tida. Ver førebudd på noko slit pga. roten snø om det vert skikkeleg varmt. Då eg gjekk denne skituren var det 28°C i skuggen, sola steikte over kvitskarp snø, og det var herlege og gule og lyse netter, ein eigen-dommeleg oppleving i dei kjende og kjære fjella våre her vest.

God tur i Aosdaln.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Tusen takk for grundig og opplysande tilbakemelding! Eg gjekk frå Stølsdammen til Åsedalen i fjor 19.juni, då var det sommarføre heile vegen. Ikkje slik i år... Men ein tur til Åsedalen når det lit litt meir frampå er likevel obligatorisk, det er eit kjempeflott område! Aller finast når ein tek turen frå Vikafjellsida ettersom det er temmeleg myrete oppover Berdalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Flott, "fulvund", du har skønt det. Eg skal ikkje til Åsedalen på ei stund endå, men vert det i år, går eg ruta Bjergane (Vikjafjellet) - Rappen - Åsedalen (hytte) - Hestfjellet (Stabburet) - Negardsstølen - Halsetlii - Indrefjorden (Arnafjorden ved Vik i Sogn), merka sti første dagen og gammal og god umerka buføreveg andre dagen. Turen vert tidlegast i august, men det står att og sjå om det vert noko av. Eit turtips på ruta Bjergane - Rappen/Åsedalen, er å setja sekken i frå seg rett vest forbi Englandsøy-skardet. Gå mot nord under vestsida av Fagermyrtoppane og hald fram på ein sti som dukkar opp og gå til den merkelege stølen i Åshelleren (Aoshidliradn pao Sognamaol), med sela tørt under utover-hengjande fyllitt-berg, nokre avsatsar over elva Skitøyi i Langedalen. Gå så opp mot nordaust mot kanten av stupet med utsyn rett ned på Kjelven, Halset, Åse og Nese i Arnafjorden. Vend nasa sørover på fjellet ovanfor Åshelleren og gå om talkumknausen Klebberg, med spor etter gammal prøve-drift, og returner til Englandsøy-skardet. Avstikkaren tek ca. 2 (2-3) timar, og dermed er det berre å rusla vidare mot Åsedalen. Namnet Åshelleren står ikkje på kartet, men er litt sør for Hedlestølen og høgare oppe i fjellsida. Den gamle buførevegen vidare frå Hedlestølen og ned Øvstalii er så attgrodd at den ikkje er å finna lenger. Eg har prøvd nede frå Åse, men hadde ikkje sjanse på det. Dette er den gamle buførevegen Åse - Hedlestølen/Åshelleren - Fiskedalen - Rappavatnet - Geitedalen - Holskardholmen. Eg trur nok at "fulvund" kjenner til denne buførevegen.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Var ein liten tur innover fjelldalen frå Nygard i Modalen nyleg, og traska innover bjørkeskogen og myrane forbi Steinavatnet, Nystølen (høyrer til Nåmdal for lokalkjende), Svartavatnet til Kvitavatnet, omkring 650 m.o.h. Framleis er det snøfenn heilt ned i denne låge høgda i nordvende skråningar. Elles er det greitt å gå til fots under 800 m.o.h. i Stølsheimen no. Dei fleste hyttene ligg på 8-900 m.o.h., og skulle vera grei å nå no. Det er best å venta litt til før de går til Volahytta, Tvinnestølen, Norddalshytta, Vardadalsbu og Skavlabu. Frå Svartavatnet hadde eg utsyn mot ruta Straume - Vardadalsbu (Seljestigen) vest for Steinslandsvatnet. Forholda der 4. juli var det berre ein ting å sei om, nemleg skiføre eit par veker til, for så nye to veker med vårløysing før den resterande snøen i fjellet er fast nok til å gå på der oppe. Nord for Gråsida og fleire stader innover er nok lengre vardestrekningar framleis under snøen. Eg vonar at det går mindre enn dei fire vekene eg trur til stien er farbar til fots på ordentleg vis. Når ein kan gå Seljestigen til fots, kan ein gå alle ruter i Stølsheimen til fots.

Eg reknar med at ein kan gå til Solrenningen, Brydalen, Åsedalen, Vatnane, Selhamar og Torvedalen til fots no, men rekna med rikeleg med snø over høgdene. Kanskje må fjellovergangen ved Urdanipa (Solrenningen - Åsedalen) unngåast ei lita stund til, der alternativet er å gå om Steinslandsstølen, Berdalen og Halsetsstølen. Vest for Solrenningen er det for mykje snø til fotturar nett no. Når det er sagt, vil dei sprekaste klara dei mest krevande forhold, og kan gå kvar som helst, snø eller ikkje. Sjølv går eg til stølane i fjelldalane på denne tida, og har rikeleg med turmål sjølv. Toppane har eg tid til å venta med.

Nokon fortalde at Stølsvatnet var så fullt at det rann over siste helga i juni. Det har vore sjeldan i fleire år no. No er pumpekraftverket på Nygard i Modalen starta opp. Mange kroner i kommunekassen er det mange som let seg blenda av. Sjølv tenkjer eg på sauene som vert avskårne frå å kryssa vadestaden sin i Lonevågen, aust i Skjerjavatnet bak Skjerjavasshovden i framtida, då vatnet vert fullt i lengre periodar enn nokon gong framover. Eit gammalt dyretrakk vert truleg stengt for godt, med unnatak for korte periodar. Trist, men sant. Eg har sjølv gått der på denne bortgøymde staden 2 gonger. (Skjerjavatnet, 964-944 m.o.h., ligg mellom Modalen og Eksingedalen, og er det største vatnet i Stølsheimen, ca. 1 mil langt, og er elles blant dei største vatna i Hordaland).

God tur innover i Stølsheimen i sommar.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ingenting er betre enn å kunna revurdera sine notatar i positiv lei. Stølsheimen er heldigvis komen litt lenger med å kle av seg "vintersyndromet" sitt for i år. Framleis er det mykje snø på rutene til Skavlabu, Vardadalsbu og Norddalen vest og nord i Stølsheimen. Nokre varme dagar innimellom i det siste har fått snøen til å tina såpass at snøfenna er i ferd med å verta faste og fine å gå på. Ein tur til Vikjafjellet i går kunne fortelja at det er, eller er i ferd med å verta brøytt opp på anleggsvegen frå Skjellingavatnet til Bjergane og Kvilesteinsvatnet. Elles er det overløp i mange regulerte vatn i fjellet no, så nett no er det ikkje så mykje breie tappesoner å sjå. Det rann over både frå Skjellingavatnet og Målsetvatnet. Overløpselva frå Skjellingavatnet vassa eg over i går kveld, og det var iallfall litt vatn i elva i Ygnisdalen mellom Skjellingavatnet og Mannsbanen ned mot Framfjorden (Arnafjorden i Sogn). Fleire meldingar kjem etterkvart. Det er berre å ta beina fatt innover i Stølsheimen, sjølv om det vert eindel snøvandring i nord og vest ei stund til. Ver obs. for skodda når ein går over snøen i det snørike området ved Norddalen. Det har vore havskodde der dei fleste dagane dei siste vekene, sjølv om det har vore sol dei fleste andre stader på same tida. Kaldt hav og kalde og snørike fjell er grunnen.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Nysnøen som var her for litt sidan er no borte, og det er ikkje utsikter til meir snø på dagavis no, ikkje eingong omkring Norddalshytta, den høge og mest snøtunge delen av ruta gjennom Stølsheimen. Dei som har sjansen til det kan no oppleva ei Stølsheimen frå ei side som den ikkje plar visa. No er det grått, brunt og svart ute i terrenget der inne. Vanlegvis er det snø, eller i det minste snøflekkar etter mildvêr der inne på denne tida, men no er det ingenting nysnø. No skal ein vera klar over at det har regna så mykje i haust at det er blautt og gjørmete til langt over tregrensa. Så anar det meg at dei mørke fargane skapar ein trolsk stemning inne i den nakne skogen på veg til Solrenningen og andre tilsvarande stader. Haustfargane har nått sitt siste stadium, slik det plar vera under snødekket om vinteren. Ein kan framleis oppleva noko interessant i Stølsheimen, sjølv om det er vorte november.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

13. november.

Stemningsrapport frå Stølsvatrnet og Åsabotnen.

Nysnø frå ca. 750 m.o.h. og oppover. Ved nedste vatnet i Åsabotnen, 874 m.o.h., var det nær 5 cm. nysnø. Sola skein i små solgløtt under dei nestan svarte skyene som var på veg med snøvêret. Elva rann friskt gjennom nysnøen og vatnet var ope og kaldt. Lyngen var forsiktig gøymt av nysnøen, og sola skein med sin varmgule farge på novemberfjellet.

Elles er Stølsvatnet (regulert) framleis fullt. Stiane innover til Solrenningen og Åsedalen var godt farbare, slik eg såg det. Sjølv til Åsedalen ville ein knapt nok sjå snøen ved stien lengst inne mellom Halsetsstølsen og Åsedalen. Høgfjellstrekningane er snødekte no, ikkje minst mot Norddalshytta og Vardadalsbu, men óg over fjellet mellom Åsedalen og Rappen, og snø må påreknast mot Vikjafjellet, samt i traktene mellom Eksingedalen og Voss. Vil ein slita litt, kan ein nok gå frå hytte til hytte frå Solrenningen og austover framleis, men det for lite snø til å gå på ski nett NO, same kvar ein er i Stølsheimen.

Til i dag har det visst dotte ned nærare 20 cm. nysnø, men dagens storregn har nok reist av garde med snøen, reknar eg med. Returen frå Modalen til Arna/Bergen i dag gjekk om Voss og Hardanger pga. stengde vegar overalt, (og eg måtte snu på Vaksdal, hmrff).

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg planlegg ein 5-7 dagers tur til vestsida av Stølsheimen til sommaren. Vi er ein gjeng som kjem til å opphalde oss i området rundt Skavlabu og Vardadalsbu. Har prøvd å finne ut korleis det er med fiskemogelegheiter på denne kanten av Stølsheimen, men eg har ikkje klart å finne ut noko. Eg er svært glad for å få tips om dette!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Eg planlegg ein 5-7 dagers tur til vestsida av Stølsheimen til sommaren. Vi er ein gjeng som kjem til å opphalde oss i området rundt Skavlabu og Vardadalsbu. Har prøvd å finne ut korleis det er med fiskemogelegheiter på denne kanten av Stølsheimen, men eg har ikkje klart å finne ut noko. Eg er svært glad for å få tips om dette!!

Har ikke vært noe særlig å fisket i dette området før, men her er i hvertfall ett kart som gir en del informasjon:

Skjult lenke - logg inn for å se den

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fiskekartet kan de få tak i ved å kontakta Modalen kommune, tlf.: 56 59 90 00. Spør etter kulturkontoret, folkebiblioteket, evt. teknisk etat. Det viktigaste i første omgong er at de får nokon i tale, som kan setja deg over til rette vedkomande eller fortelja deg det som trengs.

Vestre delen av Stølsheimen, mellom Masfjorden i vest og Modalen i aust, er eit næringsfattig fjellområde med mest snaue berg og lite vegetasjon. Med unnatak av lågtliggjande vatn godt under tregrensa, er det lite fisk i fjellvatna i det området. Over 900-1000 m.o.h. er vatna fisketomme. I dei store vatna i området, 700-850 m.o.h., finn det fisk, men antalet er lite med få og vonleg litt stor fisk. Kontakt Hallgeir Neset (Elbers Service - Fiskeutstyr) i Modalen. Han kan nok fortelja deg mykje om fisket i dette området, iallfall langt meir enn meg: Tlf.: 56 59 99 32.

Er fisket føremålet med turen i området, bør de retta blikket litt lenger aust i Stølsheimen. Gode fiskevatn er Stølsvatnet, Solrenningsvatnet, Halsetvatnet, Holskardvatnet, Selhamarvatnet, Vassøyane, Skjerjavatnet (det store mellom Modalen og Eksingedalen, røyevatn), og fleire med. Vatna er greie å nå frå både Modalen og Eksingedalen.

Er fisket litt mindre viktig, der poenget med turen er å opphalda seg ved Skavlabu og Vardadalsbu, er dette eit spanande fjellområde, men det er temmeleg snaue område høgast oppe. Følgjer de fjellryggen i aust, like vest for Steinslandsvatnet i Modalen (også eit fiskevatn), har de eit så vidt utsyn som de knapt kunna drøyma om frå toppar på berre omkring 1200 m.o.h., med utsyn mot Sunnhordland og Nordfjord samstundes, samt kysten, mange brear og inn mot Vest-Jotunheimen, sjølvsagt kun på dei klaraste dagane i Norges nest våtaste fjellområde, (kun slått av Ålfotbreen når det gjeld nedbør). Stien Seljestigen frå Straume i Modalen til Vardadalsbu dekkjer denne ruta, overnatting mogleg i begge endar. Områda ved Skavlabu og nordover mot Vardadalsbu er godt rypejaktterreng. Nedre Helland plar leiga ut rypejakt, men slike aktivitetar høyrer hausten til.

Lukke til med planleggjinga og god tur til heimefjella der eg er i frå.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for glimrande svar.

Fiskinga er viktig! Eg vart litt betenkt no. Eit anna poeng er at det ikkje skal vere for lang reisetid. Vi kjem til å reise frå Førde og Bergen. Vi er sjølvsagt ute etter flott turterreng, og kjem og til å prioritere nokre toppturar. Vi var på Selhamar for to år sidan, og det svarte absolutt til forventningane, men vi har ikkje lyst til å reise til det same området i år. Kanskje vi skal satse på området Ortnevik- Norddalshytta - Solrenningen i staden? Andre tips til flotte turopplevingar samt bra fiske? Det gjer ikkje noko om ein må køyre 3-4 timar (helst frå Førde).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Bruk tida framover til å finna ut kvar de ynskjer å gå i Stølsheimen, og det er berre å spørja, det. Frå der eg er ifrå (Straume i Modalen), plar eg rekna 2,5 timar til Førde + ventetid på Oppedal (Lavik andre vegen). Det er jo berre ein snartur over i nabodistriktet, dette. Vil de fiska vest i Stølsheimen, bør de tenkja dykk endå lenger mot vest, nemleg i områda omkring vegen Matre i Masfjorden - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal, med sideveg til Stølsvatnet i Ikjefjordfjella. (OBS, forveksla ikkje Stølsvatnet i Ikjefjordfjella med Stølsvatnet ovanfor Modalen). Uansett, Solrenningsvatnet og Stølsvatnet i Modalen er normalt sett eit godt val for fiskarar, og Halsetvatnet og Holskardvatnet er innan rekkjevidde, iallfall om de teltar i Berdalen (dalføret mot Åsedalen/Aosdalen ovanfor Stølsvatnet, då er alle desse vatna omkring dykk. Holskardvatnet er ikkje så langt unna Selhamar heller, der de har vore, så slik finn de samanhengane i Stølsheimen, og vert dermed betre kjend i fjellområdet der.

Eit tips til, for dei som er ute etter noko spesielt, sjølv om ikkje dei fiskerikaste vatna er der. Nord for Åsedalen finn de Vatnane på Fagerdalshalvøi, mellom Arnafjorden og Finnafjorden. Det er fisk i Vatnavatni, men det finns vatn med meir fisk enn dette for å sei det slik. Vatnane nemner eg pga. at dette er det vakraste og mest dramatiske delen av Stølsheimen, med utsynet ned i Finnafjorden, Finden og Finnabotn som det mest praktfulle. Dessutan er Vatnane innan rekkjevidde frå både Åsedalen og Solrenningen. Det er overnatting på Vatnane óg. Elles er Vatnane min favorittstad i Stølsheimen.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Vet noen om skiforhold vest i Stølsheimen no? Kor kan eg dra på kjapp fjelltur hvis det skulle vise seg å bli bra i helga? takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Vest i Stølsheimen? Har høyrt at det er omkring 1 meter i Dyrkolbotnen (Lindås kommune) no. Det er eigentleg lite snø i Stølsheimen så langt, men det er godt råd å gå på ski no. Kva med å ta ut frå Stordalen ovanfor Matre? Det er vanlegvis brøytt mellom Matre og Stordalen, (og vinterstengd vidare til Førde/Bjordal i Sogn). Elles har det kome ein del snø i fjellet i det siste, mest vest i Stølsheimen. Nett no er det regn og sludd i låglandet her vest (nærare Bergen), så då snøar det nok godt der inne.

Aktuelle startpunkt for skiturar vest i Stølsheimen no er Dyrkolbotnen, Stordalen, Nedre Helland i Modalen (lite snø nedst på anleggsvegen) og Steinsland i Modalen (snø på anleggsvegen til Stølsvatnet). Steinsland er meir å betrakta som mot midten av Stølsheimen, eigentleg. God tur, men de treng godt vêr i det voldsomt kupperte fjellet vest i Stølsheimen.

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei!

Er svært ny i Bergen By, og har tenkt meg på tur nå i 5 dager....Og så er det store spørsmålet, har noen en god vinterrute i stølheimen?

er det områder jeg bør være obs på?

Satser på tog fra bergen til voss, så ruta må starte og slutte der....

Det værste jeg vet er hytteområder og opptrådde/maskinlaga løyper, så jeg håper jeg slipper det=) Kjører Telt-livet heller.....

Ønsker heller ikke at det skal bli for "alpint", men en god kombinasjon mellom flate vidder og svett rygg!

I utgangspunktet hadde jeg tenkt meg til haradangervidda, men om jeg finner et finere sted nærmere bergen er det supert!=) Noen tips??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det stemmer at Stølsheimen er ein mellomting av Hardangervidda og alpine fjellområde som Sunnmørsalpane, Lofoten, m.m. Det er mykje opp og ned i delar av Stølsheimen, ikkje minst i nord mot Sognefjorden, som elles er det flottaste området i Stølsheimen. Uansett, Stølsheimen er fri for tindar, så alle toppar flatar ut.

Voss er eit greitt utgangspunkt, det, men skal de tilbake til Voss etter kun 5 dagar, vert det ikkje mykje av turen i Stølsheimen. Avslutt turen anten lenger nord (Sognefjorden eller Vikjafjellet , buss eller båt til Bergen), eller i vest (Eksingedalen eller Modalen, buss til Dale eller Knarvik/Bergen).

Frå Voss startar de på ein av 2 måtar. Anten tek de Hangursbanen opp og går på ski derifrå, eller så tek de dykk opp via skianlegget i Bavallen mot Tråstølen og Horgalettheisen. Valet er fritt om de vil ta heis og trekk, eller gå på ski frå Bavallen. Ovanfor skianlegget er det berre å rusla vidare, men følg ikkje sommarruta gjennom fjellsida i Vådalen pga. rasfare. Vinterruta går over toppen av Lønahorgi, 1412 m.o.h., og på veg opp er det berre å følgja scuterløypa opp, der de ser ei solid rekkje med høge jernstakar. Frå toppen har de eit praktfullt og vidt utsyn, like inn i Jotunheimen og Hardangervidda. Lønahorgi har TV-anlegg med stor TV-mast, så slepp de å lura på kva som er der oppe. Lyset frå masten er så skarpt i nattemørket at det kan kasta skugge over 4 mil unna i luftlinje. Etter Lønahorgi trekkjer de nordover og ned i Horgadalen innanfor Vidvangane (lokal vidde med mange vatn). Dermed er det berre å trekkja ned mot Tvinnestølen (ubetent) eller Volahytta (sjølvbetent), i same område.

Dagen etter trekkjer de nordover Borgadalen og over til Torvedalen (sjølvbetent), og er vêret strålande, bør de gå via Kvitanosi, 1433 m.o.h., høgste toppen i Stølsheimen. Så er turen komen til å trekkja inn i sentrale delar av Stølsheimen. Trekk over i Grøndalen og over Hundeggi til Selhamar (sjølvbetent), såvidt over i Sogn. Så er det vidare forbi Raudberget og Rappavatnet og kanskje Geitedalen eller over fjellet til Åsedalen (sjølvbetent).

Siste dagen har de 4 moglegheiter.

-Mot aust kan de gå over til Rappen, og vidare mot Bjergane og over til Vikjafjellsvegen ved Skjellingavatnet (buss til Voss/Bergen eller Vik/Sogndal).

-Mot sørvest kan de trekkja over mot Holskardvatnet, Skjerjavatnet, og ned dalføret til Trefall i Eksingedalen, evt. ut Skjerjavatnet og ned Fagerdalen til Lavik i Eksingedalen, buss til Dale, eller Knarvik/Bergen. Turen til Lavik er svært lang, men det er kortare til Trefall, men ver obs dei regulerte vatna. Isen er tryggast når våren er på veg i låglandet, før vårløysinga i fjellet.

-Mot vest kan de gå ned dalføret til Stølsvatnet (regulert), og trekkja ned til Steinsland i Modalen, alternativt via Solrenningen (sjølvbetent) om de har dag nr. 6 til rådigheit og til Steinsland derifrå. Buss frå Straume (7-8 km. frå Steinsland) til Dale eller Knarvik/Bergen. (Overnatting mogleg på Straume).

-Mot nord kan de gå, når det er så seint på vinteren at snøen er tint nedanfrå og heilt opp til øvst i fjellskogen. Det er ein fin tur å trekkja over Hestfjellet og koma seg ned til Indrefjord/Arnafjord, vest for Vik i Sogn. Har de nok ein 6. dag, bør de gå via Vatnane (ubetent), og ned til Arnafjord derifrå. Forsikra dykk om at de kan gå til fots ned dei bratte Sognaliane og bera skiene, før de prøver på det. Kan de det, er dette den finaste avslutningen på ein skitur i Stølsheimen. Buss frå Arnafjord til Vik, og båt eller buss til Bergen.

Kortar de ned turen av ulike grunnar, er det greitt å ta ut frå Torvedalen eller Selhamar, og gå mot Vikjafjellet, Vossestrand (Engjaland/Myrkdalen), eller til Gullbrå i Eksingedalen. Vonar litt av dette kan setja deg på sporet. God skitur i Stølsheimen. (Mine favorittar er elles Vikjafjellet - Selhamar - Åsedalen - Steinsland, og Straume i Modalen - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik, så kan de sjekka ut desse rutene óg på kartet).

Helsing Stuttjukken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Det er 3545 dager siden det var aktivitet i denne tråden. Det er fullt mulig å svare, men du kan jo vurdere å starte et nytt emne?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.