Gå til innhold
  • Bli medlem

Stølsheimen


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Hei,

Vi har tenkt oss på påskeferie på en hytte i Sogn, like ved Bjordal. Vi håper å få oss noen turer på ski i Stølsheimen dersom dette er mulig da. Slik jeg har forstått er det mulig å kjøre fra Bjordal og oppover til Stølsheimen. Men Stuttkjukken skrev noe om at det kan være vinterstengt på denne strekningen. Vet noen om dette gjelder også i påsken? Vi nærmer jo oss tross alt mai måned da...

Uansett ønsker vi å komme oss på tur. Enten det er til fots eller på ski. Så vi er veldig mottagelige for tips både om fotturer i Bjordal-området og eventuelle mulige skiturer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No veit eg ikkje kva dei gjer med vegen etter at dei nye tunnelane kom på plass på Sognesida. Før i tida vart ikkje vegen brøytt, men snøen låg i vegen til den forsvant av seg sjølv for det meste, (etter at vegen mellom Instefjord og Oppedal var ferdig i 1990). Eg trur likevel at vegen er brøytt eit stykke oppover, i beste fall til Hestfossen, der ein sideveg går inn til Årsdalsvatnet. Derifrå er det greitt å rusla opp Fridalen, og trekkja innover fjellet på ski. Det er lite snø i fjellet i år, og kven veit, så kanskje dei brøyter over fjellet likevel. Elles nemner eg at vegen er open så godt som heile vinteren frå Matre til Stordalen på andre sida av fjellet. Aktuelle skiturmål i dette området er vestover mot Vestre Stølsvatnet - Myrestølen - Årnesstølen, og gjerne vidare til Indre Oppedal. Ver obs. på at snøen er borte i låglandet i desse kystfjella nordvest i Stølsheimen. Elles kan ein rusla forbi Nystølen og trekkja innover mot Geitenakken, Fjellvatna, og gjerne vidare over Årsdalsryggen til Vardadalsbu. Unngå alle regulerte vatn, for i år er ikkje isen trygg på nokon av dei. Elles kan ein gå vestover frå Stordalen mot Dukestølen og Kringla (E 39). Køyrer de innover til Ortnevik, kan de bera skiene fram i Brydalen og rusla oppover mot Brydalsfjellet, og få eit flott nedrenn attende. Frå Brydalsfjellet ser de rett i Jotunheimen.

Turmoglegheitene er mange i området. Skulle eg få vita om vegen skal opna til påske, noterer eg det her. Fotturtips er å rusla opp skogsvegen i Bjordal si austside, og halda fram på stølsvegen oppover og gå innover til Systølen, ein av dei aller vakraste stølane i Stølsheimen. Det er ei perle av dei sjeldne.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

For tida er vegen Matre - Stordalen - Bjordal open frå Matre til Stordalen Fjellstove, samt forbi Stordalsstølen hytteområde til like nedanfor demningen ved Krokavatnet. Vidare ser det ut som om snøen i vegen er nedkøyrt, og er pakka ned i vegen. Om den er halvvegs brøyta eller om det kune er nokre maskinspor, sjekka eg ikkje. Uansett er vegen stengd over høgda vidare mot Bjordal ved Sognefjorden. Den KAN vera open til Hestfossen vegskifte nedanfor Årsdalsvatnet, men bommen kan óg vera nede innanfor gardane på Førde. Det har eigentleg liten betydning. Ver OBS at vegen frå innanfor gardane på Fossen og Stordalen er nattestengd. Klokkeslett er å lesa på skiltet innanfor Matre i Masfjorden.

Elles er det lite snø omkring Stordalen (20-50 cm., der det er litt nysnø på overflata), men skal de innover mot Vardadalsbu mot aust, vil nok snømengda auka mykje innover.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Tenkte å finne bra fiskestader på vegen Matre - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal som er nemnd ovanfor.

Kva for vatn i rimeleg gåavstand frå vegen (1 - 2 timar) er bra å fiske i ??

Er det best å freiste lukka på vest- eller austsida av vegen??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Tenkte å finne bra fiskestader på vegen Matre - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal som er nemnd ovanfor.

Kva for vatn i rimeleg gåavstand frå vegen (1 - 2 timar) er bra å fiske i ??

Er det best å freiste lukka på vest- eller austsida av vegen??

Begger sider kan være bra.

Vest: Myrestølsvann, kvannrødvann mfl

Øst: Spongavann, Fjellstuen mot Fagerdalen - her er noen småvann med riktig fin fisk

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.