Gå til innhold
  • Bli medlem

3 Fylkestoppar på 3 dagar.


Agnar

Anbefalte innlegg

Søndag 11.juli Folarskardnuten.
Lettskya, men litt skodde på toppane ved start frå Raggsteindalen. Oppe ved Folarskardtjørnan kom regnet, ganske lett først, men meir etter kvart. Gjekk innom Lordehytta, og vurderte å snu, men det gjekk jo ikkje når ein har reist så langt. Fekk litt problem opp frå vatnet i skodda, men heldigvis hadde eg isøksa i sekken. Ei bratt og hard snøfonn måtte passerast. Etterpå fann eg merkinga, og det var berre å spasere til topps. Null utsikt, så det var berre å gå vidare. Valgte retur via Veslebotnen til Raggsteindalen, men fekk problem i skodda så det vart ein lang tur tilbake. Nesten nede i Raggsteindalen møtte eg ei flomstor elv, som ikkje lot seg passere der stien gjekk. Måtte følge den nedover eit stykke, der det var mulig å vasse over.

Mandag 12.juli Gaustatoppen.
Låg skodde rundet toppen då eg køyrde oppover til Stavstø. Tok rett opp lia og gjekk i retning toppunktet for Hjartdal kommune. Vart mykje stein oppe på ryggen, men kom etterkvart inn på "motorveien" mot toppen. Skodda var vekk, og det var berre å spasere bortetter egga, og ei fantastisk utsikt. Ikkje mange som tok turen bort frå hytta, men nokre utenlandske turistar koste seg i sola. Berre ei katastrofe: kameraet låg igjen i bilen.

Tysdag 13.juli Vassdalsegga.
Frå Gaustatoppen bar det rett til Haukelisæter. Starta med å gå stien mot Holmvassbu, men tok av etter første brua. Holdt så langt opp under fjellet som mulig, og gjekk på dyretrakk innover lia mot Lisledalen. Måtte vasse elva ved utløpet av det små vatnet. Runda vatnet, og tok så oppover mot egga, som eg nådde på ca 1500 m. Lang egg innover mot toppen. Skodde denne dagen òg, men den letta etterkvart, uten at det vart skikkeleg utsikt. Etter toppen fortsatte eg på andre sida, for så å runde vestover igjen. Kom etterkvart tilbake til stien frå Holmevasshytta, som eg følgde tilbake til Haukelisæter. Det vart ein dryg tur viste det seg, så totalt ca 9 timar på tur, men godt tilfreds med tre fylkestoppar på tre dagar.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.