Gå til innhold
  • Bli medlem

Holdbarhetsdato på vann ?


cheetah

Anbefalte innlegg

Annonse

Vær klar over at det ikke er farlig å spise/drikke varer som er gått over "best før"-dato. Det er verre hvis det står "siste forbruksdato". Da skal man se det litt an, men i Norge har man selvsagt latterlig store marginer lagt inn. Akkurat som når man på død og liv skal bygge fartshumper i hver jævla lille veistubb fordi det kanskje kunne blitt drept en unge om 50 år. Håpløst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt meir seriøst: Vatn tappa på flaske får vel haldbarheitsdato fordi lite volum kombinert med ytre påverknad, som t.d. høgare temperatur, kan føre til at mikro-organismar veks meir enn det som er vanleg/naturleg. Dette kan gjera det uegna som drikkevatn for oss menneske. Det er strenge reglar for kjeldevatn og naturleg mineralvatn. Sjå lenka nedanfor.

:lol:Lenkje til artikkel om flaskevatn

Vatn i store kvanta, f.eks. i ein innsjø, vil halda seg mykje betre enn flaskevatn, både på grunn av volumet og fordi det er ei kontinuerleg utskiftning av vatnet (sikkert mange andre faktorar også). Temperaturendringar vil for eksempel ta lengre tid.

Når det gjeld dei ulike kjeldene til flaskevatn, som t.d. Imsdal, Farris og Olden, så er det ulike ting som gjer at desse er godt egna. Vatnet frå Farriskilden blir etter deg eg husker filtrert gjennom jordsmonnet til ein bøkeskog, Imsdalen er ei underjordisk fjellvasskjelde i Rondane og Olden er ei kjelde med utspring under Myklebustbreen.

Meir om dei ulike vasskjeldene:

8)Farris

:(Imsdal

:arrow:Olden

Olden er vel mest interessant å sjå nærare på:

"Isen som vannet stammer fra har ligget beskyttet i mer enn 5000 år. Vannet er fullkomment rent, krystallklart og uberørt av moderne forurensning. Etter hvert som isen smelter fra undersiden av breen, renner vannet gjennom fjellgrunnen hvor det blir tilført mineraler."

I utgangspunktet er ikkje breen direkte "rein", mykje naturleg forureining på overflata (frå nedbør, dyr, vekster mm). Når snøen sakte men sikkert blir omgjort til blåis på grunn av trykket (?), så meiner eg å ha høyrt at slike stoffer/organismer "pressa ut" og isen blir krystallklar og "rein". Det er iallefall slik eg har forstått det, sikkert litt feil framstilt. Blåfjellkjelda som Olden nyttar kjem frå unnsida av det som idag er Myklebustbreen (like ved Jostedalsbreen), frå blåisen, og er dermed veldig rein. Mineraler blir tilført på veg ut gjennom berggrunnen. Prøvar av vatnet visar visst at det stammer frå nedbør på breen for omlag 5000 år sidan, så det er ikkje bare eit reklametriks at det er upåverka av moderne forureining. Faktisk litt tøft synes eg!

http://www.oldedalen.com/industri.htm

Det er imiddlertid verdt å merka seg at flaskevatn har ulikt innhald av salt og mineraler og har dermed ulike bruksformer dei passar best til. Vidare bør ein nok heller ikkje utan vidare bare drikke store mengder flaskevatn utan å vera obs på desse verdiane, iallefall ikkje etter det som står her:

"Naturlig mineralvann har dessuten et innhold av mineraler og salter som ofte er større enn de maksimumsgrenser som gjelder for alminnelig drikkevann, og det kan derfor være nødvendig at forbrukeren regulerer sitt inntak i forhold til de opplysninger om sammensetning etc som er angitt på flasken"

(http://www.matoppskrift.no/sider/artikkel152.asp)

Forøvrig så ser det ut til at det første innlegget delvis stammer frå dagbladets humor911:

http://www.humor911.com/tankespinn/

Edit: La til linken oldedalen.com samt det rett ovanfor linken. Endra Jostedalsbreen til Myklebustbreen. La til humor911 linken

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.