Gå til innhold
  • Bli medlem

Folgefonna


Ragnar

Anbefalte innlegg

Nokon som veit korleis snøforholda er på folgefonna?

Har planar om å gå frå Buar til Fonnabu og derretter til Holmaskjær, i midten av juni. Kva slags inngang på breen vil vera best på denne tida av året? Om Nordbakknuten, Reinnuten/svartenut eller vest for Langgrønuten?

Lurer også på kor lang tid det vanlegvis tar frå Buer til Fonnabu

Tenkte å gå ned av breen frå Holmaskjær til Tonheim(Odda)

Er det nødvendig med isøks/stegjern på nokon av desse opp/nedgangane frå breen?

Er også mottakeleg for andre turforslag på folgefonna!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Ragnar !

Det er nok lite snø på Folgefonna, men eg kjenner ikkje detaljane i år. I midten av juni bør det gå greitt å gå på ski viss du unngår brefalla og inntaka til brefalla. Særleg ovanfor Buerbreen og Bondhusbreen er det store sprekker så det gjeld å halde bra avstand. På ein slik skitur treng du ikkje stegjern. Tau og isøks og sikringsmiddel kan være greitt å ha med, det spørs kor erfaren du er i vegval.

Oppgangar frå Buer til Folgefonna :

Opp ein dal som heiter Langgrød til Langgrødbotnen. Så opp ryggen og inn på breen ved høgde 1404. Her er det lite sannsynleg å treffe på sprekker, og det er kort over til Fonnabu. Turen tek omlag 5-7 timar, avhengig av form og størrelsen på sekkane. Utsikta til Buerbreen er flott under heile oppstigninga.

Det er også muleg å gå på sørsida av Buerdalen til Buervatnet og inn på breen enten via Reinanuten (følg ryggen) eller via Svartnut (følg Røyrgjuv). Men dette vert lenger, og du må gå i ei god bue utanom inntaket til Buerbreen. Inn frå Reinanuten må du rekne med sprekker.

Eg anbefaler den første turen, men begge er fine. Rekn med å bere skia eit godt stykke. Alternativt kan de gå til fots, men då i tau sidan det er langt lettare å få eit gjennomslag til fots enn på ski.

Holmaskjer er eit flott utsiktspunkt !

Ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenker på å heller gå heile fonna på langs. Vil isåfall starte på Reidsete på Odda sida og gå til Holmaskjær første dagen(Det blir ein lang dag...).

Oppgangen på nordfonna ser vel grei ut, iallefall på kartet. Avgangen likeså. Ruta går vel så ned til ca 980 og passerer eit vatn (midtre kvitnadalsvatnet), før det bærer opp igjen på Sørfonna. Her kan det vel vera lite med snø tenker eg, men vil det vera andre problem her?

Vidare over fonna og av breen ved Saueknuten, for å så overnatta på Sauabrehytta til HOT. Skulle gjerne ha hatt informasjon om denne avgangen frå breen

Viss været ikkje blir så bra, er det mogleg me kortar ned turen ved å gå opp til Holmaskjær direkte frå Tokheim ved Odda.

Er det for opptimistisk å gå denne turen så seint på året, eller er dette ein tur som lar seg gjennomføra?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er veldig finit å gå frå Reidsete og over nordfonna, eg gjekk der for 3 år sidan. Inngangen vi brukte var rett vest for Rjuken. Men vi sleit med avgangen og vart forseinka. Gå fram på Svartedalshorga og finn punkt 1396 moh. Rett sør for dette punktet, nesten heilt ute på kanten, begynner eit skar som går rett vestover. Finn skaret og gå på sørsida av dette nedover ryggen til vatnet (980 moh). Her er du avhengig av god is, elles må du over fjellet på vestsida (1158 moh). Nedgangen krev godt ver sidan du må orientere mot eit stup. Vi rota som sagt her og måtte overnatte ved vatnet (980 moh), det er veldig lett å gå ned for tidleg.

Oppgangen til Holmaskjer er enkel, pass berre på dumpa bak 1464 moh viss sikta er dårleg.

Vi klarte å gå frå vatnet 980 moh til Sauanuten på ein dag utan å stresse, så avstanden Holmaskjer-Sauabrehytta bør gå fint. Vi gjekk også av her og observerte litt sprekker i den bratte bresida 2 km rett vest for Kvannanuten. Gå ned bakken midt mellom denne bresida og høgde 1236 moh. Det er litt vanskeleg å treffe, og ein ser ikkje sprekkene ovanfrå. Vi brukte GPS, men i bra sikt bør det gå greitt utan. Vel nede på siste breflata er det truleg berre å gå rett mot Sandvike-kjeften og hytta.

Hugs også å unngå inntaket til Buerbreen på vegen frå Homaskjer, hald godt oppe på høgda når denne vert passert.

Normalt bør ein slik skitur fint la seg gjennomføre på denne tid. Det er lite snø så du må rekne med å bære skia eit godt stykke, men det er verdt det !

Ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tenkte eg måtte skriva litt om turen over Folgefonna (15-17.juni 2003)

Planen var å gå Folgefonna på langs, men pga at eg var ganske dårlig dagen før avreise, blei det til at me gjekk direkte opp til Holmaskjær th frå Odda. Snøen låg på ca 1300 moh, men den var ingen problem å gå til fots heilt opp til hytta. Oppe på breen var det ganske skiftande vær; Det veksla mellom skyfritt og tett tåke!

Dagen etter var været ganske bra og utsikta flott. Me satte kursen for høgste breakulen (1662) og det var ikkje så veldig langt bort dit. Deretter var det ganske flatt heilt til nedkjøringa på Sauabreen. I luftlinje trur eg det var omtrent 2 mil. Me såg ingen andre oppe på breflata, men spor tyda på at det var folk som hadde gått frå Buer og over til Fonnabu.

Det var klare antydningar til sprekker rett over "knekken" i Sauabreen. Difor rant me nedover med "fullt" breutstyr, men om dette verkeleg var nødvendig er eg ikkje heilt sikker på. Har fått inntrykk av at folk ikkje bruker breutstyr her tidlegare på våren. Det var iallefall "sprekker" i snøen som var ca 20 cm breie, men om det er ei djup sprekk under er eg litt i tvil om. Kanskje nokon som har peiling? (Det var ikkje mogleg å sjå ned i snøsprekkene)

Iallefall var det ingen antydninga til sprekker i sjølve bakken nedover. Me holdt oss i nordre del av "det slake partiet", sidan det var minst antydning til sprekker på toppen på denne sida. Nede på breflata fann me ut at breen er ganske dårlig inntegna på kartet. Uansett så var det best å holde mot høgre nedover. Etter å ha speida litt etter hytta, fekk me omsider auge på den også. Avgangen såg veldig fin ut på oversida av vatnet, men sidan det er kortare å gå av på nedsida, gjekk vi her. Her var det store og tydelige randsprekker, men ved å gå på kanten ned mot vatnet unngjekk me dei fleste.

Området rundt sauabrehytta var utruleg villt. Ein verkeleg fabelaktig plass! Etter overnatting på hytta, gjekk turen på ski nedover mot Vintertun. Me tok sikte på kommunegrensa, men det var ein nokså kronglete veg nedover på slutten, særlig når det var dårlig med tid til bussen skulle gå

Alt i alt ein fin tur, utanom at me blei ganske solbrente på breen. Det må ha vore sterk stråling!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.