Gå til innhold
  • Bli medlem

St. Soleibotntind og V. Austabotntind på lørdag 11.09.2004


Gjest Anonymous

Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous

Værmeldinga fredag kveld tilsa tidleg start på lørdag, så kl 06.00 kjørte eg frå Øvre Årdal. Parkerte på gamlevegen aust for bommen, og gjekk frå bilen 06.35. Ein strålande morgen i fjellet, sola hadde så vidt nådd dei høgste toppane. Gjekk inn i Hurrungbotnen, og opp på ryggen nord for vatnet på 1512. Vidare opp på sjølve ryggen, og strake veien til toppen av Store Soleibotntind. Oppe kl 08.15, nesten vindstille og sola lågt over alle Jotunheimens toppar i aust. Fantastisk rundskue, men langt i vest låg alt truande skyer. Var borte og såg på ruta vidare mot søre, men ingen ting for ein amatør som meg.

Returnerte same vegen, til vatnet, gjekk så sørover ryggen på vestsida og opp i ura på sørsida. Greit å ta seg litt mot aust, og så langs egga på sva rett til høgre for breen. Så oppover ryggen til Vestre Austabotntind. Med fjellfilmfestival på Turtagrø vart det etter kvart folksamt på toppen, men dei fleste skulle vidare til Store.
Ein del nysnø i nordflanken, berre toppen av egga var snøfri det meste av vegen opp.

No nerma truande skyer seg innover Sognefjorden, og etter ein kort pause var det berre å returnere. Tok litt for langt mot nord ved høgde 1483, men kom ned uten alt for store problem. Så vidt tilbake i bilen, kom dei første regndropane, så "timinga" var perfekt.
Med litt sikring går det kanskje an å prøve seg på toppen neste gang?

Agnar Å.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.