Gå til innhold
  • Bli medlem

Tur over Lifjell 25.-27. september 08


ibzotern

Anbefalte innlegg

Eg hadde bestemt meg for å starte ved Jønnebu og ende opp ved Grimåsen på Seljordsida av Lifjell.

da eg gjorde meg klar for avreise ved Jønnebu, merka eg fort at hausten hadde satt mykje meir preg på fjellet enn i låglandet og eg kunne skue utover eit raudt landskap . Veret var nydelig og varmt og nesten vindstille. Med friskt mot satte eg kurs vestover forbi Krintokleiva og Anebu til Oksladalen. Klokka var rundt 5 og her hadde sola allerede dalt bakom Nybufjellet. Eit stykke oppi dalen gjekk over til Kloppesteintjørn der eg igjen fekk sola i fjeset. Her slo eg opp teltet og tilbrakte natta.

Etter ein god natts søvn vakna eg i halv sju tida og gjekk opp på ein nærliggandes kolle der eg ville sjå på morgonen. Eit tynt skylag dekte himmelen som gjorde sola svak. Disen låg ennå tjukt over Norsjø og Bø.

Eg kom meg vidare ved 12-tida og gjekk nordover langs eit sauetråkk til Rjupetjørn. Skylaget begynna å løsne opp og sola skein i ryggjen på meg. Litt vind hadde eg. Frå Rjupettjørn gjekk eg langs Holmen og nordover til Svarttjørn. Her kunne eg skue nedover mot Høllan, Slettefjell og Himingen. Eg gjekk atter vestover over Sudfjellet. Idet eg begynna å gå nedover Gurosroi såg eg tri elgj, Ei mor og to kælvær som tydelegvis hadde komme over fra Goddalstjørna og skulle over fjellet. Eg sto å kikka etter dei idet dei forsvant ned til Sunnstul.

Vidare gjekk eg vestover til Goddalstjørna og deretter nordover til Leritjørn og kom over den merka sommarløypa som eg fylgjde te Tjorbutjørna. Her satt eg opp telt og tenkte å sove over. Været hadde blitt mykje gråare og vinden blitt ganske så kraftig. På grunn av vinden var det vanskelig å få seg noko søvn og eg lura fleire gonger på om teltet skulle blåse vekk samans med meg.

Eg vakna i firetida og va oppe ved sekstida og da eg bestemde meg for å få med meg soloppgangen ved Røysdalsnuten. I kraftig vind og halvmørke traska eg opp og var der vel ved sjutida. Eit skylag skygga uheldigvis for sola, men du verden så vakkert det va å skue utover heile Lifjell, samt Mælefjell og Blåtjørnfjell. Etter ei lita beite hadde sola lyst opp ganske godt og eg tusla nedover til teltet igjen.

Ved 12-tida var eg klar for å legge bak meg siste rest av turen. Her gjekk eg etter den merka stien vestover ned til Grimåsen som var enda på turen.

Veldig fin tur over Lifjell med godt tørt turvær i eit knallraudt landskap!

post-4716-133474586333_thumb.jpg

post-4716-13347458634_thumb.jpg

post-4716-133474586349_thumb.jpg

post-4716-133474586353_thumb.jpg

post-4716-13347458636_thumb.jpg

post-4716-133474586369_thumb.jpg

post-4716-133474586376_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei, takk for en fin turrapport. Alltid trivelig å høre og lese om Lifjell - et herlig område. Jeg har trava en del over der de siste åra, og området har virkelig betatt meg. Herlig å kunne gå der sommer og høst å ikke møte så alt for mange folk, men selvfølgelig litt synd at ikke flere får øynene opp for Lifjell også utenom vinteren. Ser ut som du har hatt en kjempefin tur og virkelig nytt øyeblikkene med soloppgang på Røysdalsnuten og det hele, høres herlig ut :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Meininga var å fiske litt ja, men da eg drog opp snella fant eg ut at snøra var råttent og ubrukeleg. Så det var litt tabbe... :lol:

Dei turane eg har vore på Lifjell i vår, sommar og haust har vore veldig fine med som regel godt vær. Det var veldig grønt og fint i sommar :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.