Gå til innhold
  • Bli medlem

leifs

Aktiv medlem
  • Innlegg

    23
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

1 Neutral

Om leifs

  1. leifs

    Kameravalg

    Det optimale er at objektiv-kvaliteten er omtrent på same nivå som brikka kan ta mot. Olympus har eit problem med speilrefleks.kameraet E-5 (ikkje E-M5) og objektiv-serien til dette (Four-Thirds): objektiva har veldig høg kvalitet og er svin-dyre, men brikka kan ikkje matche objektiva. Kva skal man med svindyre objektiv når kameraet ikkje heng med ? No er balansen betre ettersom brikkene i 2012 har så bra oppløysing og kvalitet at man må ha gode objektiv for å matche brikka. Dette gjeld kamera både med og uten speil, fullformat og andre format.
  2. leifs

    Kameravalg

    God tur til Kilimanjaro. Eg var der for nokre år sidan, Gjekk "whiskey route". På den tida hadde eg eit speilreflekskamera (slides), men det var ikkje det eg hadde med på turen. Ser at du også legg speilrefleksen att heime og tek med meir kompakte og lettare kamera. Siste bakken opp til Stellar point er ganske seig, og det har ikkje mykje meining å la bærarane bære speilrefleksen ! Elles er timinga for posten litt pussig, same dag som Canon slepper sitt første mirrorless kamera, Canon EOS M. Canon var den siste av dei større kameraprodusentane som kom med mirrorless. Dei gjorde ikkje som Nikon, som kom med mirrorless med ein knøttliten sensor. Canon kom med APS-C, nøyaktig same sensor som i speilreflekskamera EOS 650D. For ikkje å kannibalisere 650D er EOS M prisa skyhøgt (8000 for huset) og lobotomert mop brukarvenlegheit. Den har heller ikkje "søkar", kun skjerm. Det er brikka som i siste instans lagar bilete. Canon har no eit kamera med speil og eit uten speil med akkurat same brikka. Då er vi komen dit at når funksjonaliteten er den same (eit val produsenten gjer) og skjerm/søkar for mirrorless er like bra/god nok så er speilet overflødig. FUJIFILM X-Pro1 er eit eksempel på at ein hybrid søkar kan vere betre enn ein speilrefleks-søkar. For at mirrorless skal vere eit reelt alternativ til speilrefleks må objektiv-utvalet vere allsidig: zoom, primes, høg lysstyrke, lang tele osv. Og det må vere ei objektivserie laga spesielt for mirrorless for at poenget skal vere med: når speilet er vekk kan objektiva lagast mindre og lettare. Det har Canon, Nikon og dei andre gjort. Per juli 2012 er det kun Panasonic/Olympus sin mFT-serie som har ei objektiv-serie for mirrorless som er bra allsidig (ca 30 objektiv). Dei andre kjem nok etter kvart. "hele verden egentlig bare vil over på fullformat" javel, er det nødvendig så kjøp ein Leica mirrorless fullformat: Leica M9. I alle fall er ikkje dette ropet om fullformat frå folk som går lange turar i fjellet.
  3. leifs

    Kameravalg

    du har ikkje bruk for både 14mm og 14-42mm, det er nok med 14-42mm 14 f2.5 er veldig kompakt dersom størrelse er viktig og den har høgare optisk kvalitet 14-42mm er betre som eit allround objektiv, men har lavare lysstyrke og er mykje større. eg ville valgt pakke 2 objektivet åleine er prisa til 2000 så du får kamerahuset for 800. eit systemkamera hus til 800 kroner er nesten tjueri http://www.fotovideo...0000133137.aspx
  4. leifs

    Kameravalg

    Denne pakken er berre heilt utruleg billig. 14mm-objektivet kostar åleine 3700 ! http://www.fotovideo.no/Produkter/Objektiver/Panasonic/Vidvinkel.aspx du får altså kamerahus med normal-zoomen "gratis" !! dersom du kan velge hus og 14-42mm til 2800 kroner er berre løp-og-kjøp
  5. leifs

    Kameravalg

    Panasonic GF3 er eit godt kamera og akkurat no får du veldig mykje kamera for pengane fordi GF5 er like rundt hjørnet. GF3 er eit systemkamera i MicroFourThirds-familien. Dei to andre har ikkje utskiftbar optikk, har lita billedbrikke m.m. Sjekk user-rating for GF3 her http://www.43rumors.com/cameras/panasonic-gf3/#ratingandreviews
  6. leifs

    Kameravalg

    Per no er Canon einaste store merke som ikkje har laga eit mirrorless systemkamera. Nikon valgte ei bittelita brikke i sitt Nikon 1, for å vere sikker på at den ikkje solgte på bekostning av speilrefleksane. Eg reknar med at Canon kjem med eit mirrorless til hausten, kanskje med same brikke som i GX 1. Då har "alle" eit mirrorless og det er klart for paradigmeskifte
  7. leifs

    Kameravalg

    du har ikkje svart på ynskje om dokumentering av påstandar. eg ventar fortsatt. Eg trudde fjellforum.no primært var for fjellfolk, ikkje eit forum der "proffe fotografer" som flasher sine preferanser.
  8. leifs

    Kameravalg

    "helt irrelevant for saken" Eg har prøvd å holde fokus på systemkamera for fjellforum.no sine brukarar. Folk som går tur i fjellet og som som ynskjer eit kamera som gir mest mogleg av systemkameraets opsjonar og som samtidig kan takast med på fjellturar, lange, korte, høgt og lavt. Egenskapar som er mest interessante for gatefotografering eller for proffar som lever av brudefotografering har eg sett som uinteressante i denne diskusjonen. "Jeg vil gjerne ha et svar på om du virkelig mener at mirrorlesskameraer sett under et er bedre en speilreflekskameraer." Det er eit håplaust spørsmål. Dersom sensoren er den same, APS-C, kvifor skulle speilet gjere ein forskjell for biletkvaliteten ?? Det vil eg gjerne ha svar på. leifs
  9. leifs

    Kameravalg

    Kanskje du kan vere så snill å dokumentere dette også. NEX-7 og Fujifilm X-Pro1 er mirrorless kamera med APS-C sensor, du kan bruke dei som eksempel. leifs
  10. leifs

    Kameravalg

    Du må vel ein gong innsjå at du ikkje er oppdatert: "det mangler ganske mye på andre funsjoner" Kan du dokumentere kva som manglar ? Du kan bruke NEX-7 eller E-M5 som eksempel på mirrorless og så eit midtpåtreet SLR som samanlikning. "et ekstra kamera jeg kan ta med meg på byen osv." kva har det argumentet i fjellforum.no å gjere ? då er det meir relevant for fjellforum.no å ta med kamera i dusjen og sjå om det tåler ei regnbyge. blitzen er oxo splashproof leifs
  11. leifs

    Kameravalg

    Jaja, då forstår eg argumenta betre. Eg prøver å halde sekken på under 25kg. Det går greitt på ein 5-dagars telttur i Jotunheimen i påska Men so har eg lettare kamera leifs
  12. leifs

    Kameravalg

    Eg har vore på alle norges 2000-metringar og hatt med kamera av ymse slag. Om vinteren eller med klatreutstyr i sekken er det ikkje fristande å føye til ein D800. For å vise poenget har eg knipsa eit bilete av to likeverdige alternativ: Canon 50D med 18-200mm (29-320mm ekv) - vekt 1,50 kg E-M5 med 14-150mm (28-300mm ekv) - vekt 0,74 kg Canon 50D har eit fortrinn - den har innebygd blitz. det er årevis sidan eg brukte blitz på fjelltur ! og kanskje betre følgefokus (eg har ikkje testa det) for alle andre formål er E-M5 eit mykje betre turkamera leifs
  13. leifs

    Kameravalg

    Det er mange ting Tord Fuglstad ikkje har forstått mop mirrorless. Dårleg informert. For eksempel påstanden ovanfor. Eg kan når som helst kjøpe ein Olympus Zuiko Digital 300mm F2.8 ED, sette det på min E-M5 og vips så har eg ein 600mm (ekvivalent) f2.8 ! Prøv å finn ein 600mm f2.8 til Nikon FF. leifs
  14. leifs

    Kameravalg

    "Det går egentlig ikke ann å sammenligne et mirrorless fourthirds kamera med et APS-C" og "Mye raksere autofokus " og "Så vidt jeg ser er det ingen inngang for en "shutter release cord" er faktiske feil Resten er rimeleg uinteressant. I denne tråden handlar det om eit systemkamera for turfortografering. Då er det uinteressant at det tar 0,4 sekund å slå på ein D7000 og 1.1 sekund å slå på ein E-M5. Samanlikning av stor dinosaur med E-M5 treng ikkje eg å gjere, det er allereie gjort av Steve Huff: Crazy Comparison! Nikon D800 vs Sony NEX-7 vs Olympus E-M5 http://www.stevehuffphoto.com/2012/05/21/crazy-comparison-nikon-d800-vs-sony-nex-7-vs-olympus-e-m5/ Om ikkje anna så vert man i god form av å bære med seg ein D800 og nokre objektiv på fjelltur, og bileta vert sikkert bra dersom lyset og fotografen er bra. btw: eg har ein dinosaur i skuffen, ein Canon 50D. huset brukar eg ikkje lenger ikkje lenger, men nokre av objektiva brukar eg på E-M5. t.d. Canon EF 100-400mm F4.5-5.6L IS USM. topp objektiv og det gir meg ein 200-800mm ekvivalent zoom på E-M5. leifs
  15. leifs

    Kameravalg

    Det einaste fortrinnet speilet gir no er betre følgefokus pga fasedetekterande autofokus. Eg kan ikkje kome på fleire. Dersom pris og størrelse er viktig kan "Olympus E-PM1 Dobbel Kit" med to zoomar til 5000 kroner vere eit alternativ. E-PM1 er veldig lite og prisen er hyggeleg, men huset er ikkje heilt på dslr-erstattar nivå. http://www.fotovideo.no/Produkter/Hybridkamera/Olympus-PEN/Olympus-E-PM1-Dobbel-Zoom-Kit-Inkl-trådløs-blits-125734-p0000141952.aspx I MicroFourThirds-familien er det ca 10 kamerahus og 30 objektiv for tida, så det skulle vere råd å finne eit lite, lett systemkamera for turbruk. btw: eg har knipsa nokre timelapsar med kameraet og då har eg fått ca 3000 bilete ut av batteriet. målemetoden som gir 360 må inkludere lange perioder med kamera og skjerm på uten at det vert tatt bilete. leifs
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.